mandag 28. februar 2011

Duetrost, Sandsøya 28.02.11

I dag vart det sett ein duetrost på Sandsøya. Dette var det første sikre funnet av arten på Sandsøya og Voksa, og dermed vart dette min art nr.199 på øyane! Eg hadde muligens ein duetrost på Voksa tilbake i 2004, men observasjonen var svært dårleg og dermed så trakk eg den tilbake i ettertid.

Vårteikn
Ellers så holdt fortsatt 3 gravender stand i Storevika naturreservat på Sandsøya, og ei flokk på ca. 20 viper vart sett på Voksa.

Her er eit dokumentasjonsbilde av min art nr.199 på øyane, nemleg duetrosten.
duetrost

lørdag 26. februar 2011

Grønlandsmåse og fargemerka gråmåsar, Sandshamna 26.02.11

I dag vart det satsa fullt og heilt på måseskåding på Sandshamna. Ja, endeleg vart det litt drittveir slik at måsane kjem inn på hamna.

Dagens resultat vart to nye fargemerka gråmåsar, og vinterens første grønlandsmåse. Muligens var det to grønlandsmåsar, men den andre blei ikkje sikkert bestemt. Fordi etter å ha sett "grønlandsmåsen" så fann eg ein lignande fugl som var ein 2K(1.vinter) polarmåse x gråmåse hybrid. Dermed har eg vorte litt usikker.

Grønlandsmåse 2K(1.vinter)
Etter ein unormal vinter med ingen grønlandsmåsar før i dag, var det deilig
når den engeleg satt der.

So fann eg også eit par fargemerka gråmåsar på hamna. Ein Norksmerka, og ein som truleg er merka i Russland.


Norskmerka gråmåse
JN8M vart merka i Farsund i juli 2004 som ein ikkje flygedyktig unge.
Under kan du lese heile funnhistoria etter at den vart merka.


Dato           Stad                                                   Koordinatar              Observatørar      Dagar/km/°
08.07 2004 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn -
13.06 2006 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Lorentzen, Nils Helge 705/8/75
08.05 2008 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Jørgensen, Finn 1400/8/75
11.05 2008 Steinsviga, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'49"N 006°37'27"E Olsen, Knut Sigbjørn 1403/4/311
08.06 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn 2161/0/89
02.08 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Bentsen, Thomas
Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Olsen, Knut Sigbjørn 2216/0/89
26.02 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 2424/471/352

Her er ein link til eit bilde tatt at måsent 11.mai 2008 i Farsund: http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=541&VisF=ON&XIF=ON


Russiskmerka gråmåse????
Den andre fargemerka gråmåsen er ein 3K(2.vinter) gråmåse. Den er truleg er merka i Russland. Skal prøve å finne det ut og få historia til måsen så kjapt som mulig.

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med KH67.

torsdag 24. februar 2011

Fargemerka svartbak frå Mandal!

I dag vart det som vanleg ei runde rundt på øyane! Det resulterte i blant anna ein Norsk-merka svartbak ved Voksevegen. Den kan du lese meir om lenger nede i innlegget.

Dagens obsar utanom svartbaken.
grågås 12+ (Voksa)
hønsehauk 1 F (Voksa)
vipe 1 (Sandsøya)
gråmåsar(gulbeint) 2 5K+(ad.) (Voksevegen)


Fargemerka svartbak
I dag fann eg nok ein fargemerka måse. Denne gongen var det ikkje snakk om ein gråmåse men ein svartak. Fuglen var fullt utfarga, det ville seie at måsen måtte vere 5K+ (4.vinter eller eldre).  Under kan du lese kor gammal den faktisk er.


Her er eit par bilder av svartbaken.
Svartbak 14K+ (13.vinter,eller eldre). Den er merka
med JP92. Dette bildet er frå Voksevegen i dag!


Her er eit bilde tatt av av samme måsen av
Morten Helberg 27.mai 2008 på
Brennevinsmyra i Mandal (Vest-Agder).

Her er funnhistoria frå den vart merka som ein voksen fugl 5k+ i mai 2002 og fram til i dag. (Svartbaken 34 ein hofugl som hekkar i Mandal)
 
Dato        Stad                                               Koordinatar      Observatørar   Dagar/km/°
20.05 2002 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten -
13.06 2002 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten
Lie Pedersen, Martin 24/0/0
25.06 2002 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Bentsen, Thomas
Jørgensen, Finn 36/7/70
26.06 2002 Gismerøya, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°00'52"N 007°28'37"E Jørgensen, Finn 37/5/66
27.06 2002 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Jørgensen, Finn 38/7/70
07.06 2003 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Bentsen, Thomas
Lorentzen, Nils Helge 383/0/0
03.06 2005 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Jørgensen, Finn 1110/7/70
22.07 2005 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Bentsen, Thomas
Hveding, Håvar 1159/7/70
25.07 2005 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Bentsen, Thomas
Maløya Torland, Klaus 1162/7/70
13.06 2006 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten
Lorentzen, Nils Helge 1485/0/0
27.03 2007 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Bentsen, Thomas
Helberg, Morten 1772/0/0
27.05 2008 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Helberg, Morten
Jørgensen, Finn 2199/7/70
30.06 2008 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Pedersen, Lars R. 2233/7/70
09.04 2009 Lille Krågøy, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°00'16"N 007°23'40"E Helberg, Morten
Jørgensen, Bianca Wiblemo
Jørgensen, Finn
Lorentzen, Nils Helge
Nilsson, Anna
Wiblemo-Jørgensen, Gordon 2516/1/319
16.04 2009 Griserompa indre, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Lorentzen, Nils Helge 2523/0/89
29.04 2009 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten
Lorentzen, Nils Helge 2536/0/89
12.06 2009 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Jørgensen, Finn
Lorentzen, Nils Helge 2580/7/70
17.07 2009 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Jørgensen, Finn 2615/7/70
14.04 2010 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten 2886/0/89
04.05 2010 Griserompa, Mandal, Vest-Agder, Norway 57°59'53"N 007°24'17"E Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Nilsson, Anna 2906/0/89
03.06 2010 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Maløya Torland, Klaus 2936/7/70
11.07 2010 Brennevinsmyra, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'04"N 007°30'33"E Helberg, Morten
Lorentzen, Nils Helge 2974/7/70
24.02 2011 Voksevegen, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°13'52"N 005°28'17"E Støyle Bringsvor, Ingar 3202/483/348


Her er eit kart over avstanden frå Mandal til Voksevegen.

tirsdag 22. februar 2011

Sandsøya/Voksa 22.02.11

I dag tok eg ei skikkeleg runde rundt på øyane for å sjå om det var noko utanom det vanlege å sjå. Men det var det desverre ikkje. Heilt til eg fikk sett over måsane. Det resulterte faktisk i to nye fargemerka måsar meka i England. Desse kan du lese meir om til slutt i innlegget.

Her er dagens obsar frå Sandsøya og Voksa, samt havområdet mellom øyane.
dvergdykkar 3-4
horndykkar 3
gråstrupedykkar 7-8
islom 4
grågås 6
gravand 3
sjøorre 4
svartand 3
vipe 1


Og så sjølvsagt dei Engelsk-merka gråmåsane.
FS4T: 5K+(adult) gråmåse merka på Rainham søppelfylling i London,
England 18.desember 2010. Dette var første gjennfunnet sidan merking!

Her er ein link til måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN88095



MJ6T: 5K+ gråmåse merka på Pitsea søppelfylling i Essex, England
23.januar 2010. Og som måsen over så var dette også første
gjennfunnet sidan merking!
 
  Her er ein link til måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN87135

lørdag 19. februar 2011

Fargemerka gråmåsar frå Essex i England

I kveld fikk eg endeleg svar ang. dei to fargemerka gråmåsane som eg såg tidlegare denne veka. Begge desse fuglane var som eg trudde merka på same søppelfyllinga i Essex, England som dei to eg såg på Sandshamna då henholdsvis i januar og mars 2010.

Her er dei frå 2010.  
 
HR2T                                                                                                    RG5T

Måsen over t.v. (HR2T) var merka som ein adult fugl i Essex, England 21.november 2009. Denne vart sett på Sandshamna 27.januar 2010. Måsen t.h. (RG5T) vart også merka som ein adult fugl. Men denne var merka 27.desember året før (2008). Denne vart sett på Sandshamna 15.mars 2010. Etter dette har den blitt sett i Kent, England like ved Essex.

Her er avstanden frå der den vart merka og til Sandshamna.

Her er linkar til begge måsane:
HR2T:  http://www.ntgg.org.uk/map/GN86771
RG5T: http://www.ntgg.org.uk/map/GC86667



Denne vekas måsar 
So var det denne vekas fargemerka gråmåsar. Desse måsane var som nevnt tidlegare også merka på same søppeøfyllinga i Essex.

XJ0T

Denne måsen (merka med XJ0T) vart merka som ein adult fugl på Pitsea søppelfylling i Essex 9.januar 2010. Den var sist sett i England eit lite stykke frå standen den blei merka den 27.desember 2010. Og denne veka har den hold seg ved Voksevegen/Voren på og ved Sandsøya.

Her er ein link til denne måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN86914
                                                                                                                                                                     

 GJ5T

  Denne gråmåsen vart merka på søppelfyllinga i Essex 23.januar 2010 som ein adult fugl. Den vart so avlest i Varanger, Finnmark 8.juli 2010. So vart den då som kjent sett av meg på Sandshamna 16.februar 2011. 

Denne måsen vart då funnen midt i hekketida i Finnmark, noko som vil seie at den hekkar der. I og med at den blei merka i England så virkar det som om denne overvintrar i det området. Den har nok kanskje tatt turen ned denne vinteren også, og no er den på veg nordover igjen! Dette gjeld for så vidt alle desse gråmåsane. Dei overvintrar leger sør for så å trekke nordover til hekkeperioden.

Her er ein link til måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN87112

fredag 18. februar 2011

Måsenytt 17-18-02.11

Det blir kanskje mykje måsestoff for øyeblikket, men eg greier berre ikkje å slutt å studere desse tøffe skapningane.

I går vart det satsa knallhardt på måsane, slik eg har gjort heile veka. Men det var berre gammalt nytt. Polarmåsen (5K/4.vinter) var fortsatt på plass. Det var også den eine engelsk-merka gråmåsen.

Gråmåse 5K+ (merka med XJ0T)
Denne er truleg fargemerka i Essex, England,
men ventar fortsatt på svar frå merkarane.


Nok ein gulbeint gråmåse....
I dag vart det ikkje satsa noko særleg på måsane, men når eg skulle på hamna og der var ein del måsar greidde eg selvfølgeleg ikkje å la vere å sjå over dei. Det resulterte i ein adult gulbeint gråmåse. Desse kan til forveksling vere svært lik ein gulbeinmåse. Gulbeinte gråmåsar er ikkje veldig vanleg å sjå her omkring, men det hender. Denne veka har eg sett min. 6. ind. Men dagens måse var definitivt den mest interessante. Under kan du sjå kva som er "feil" med denne visst det skulle ha vore ein gulbeinmåse.

Legg merk til den kraftig raude orbital ringen (augering).
Den er veldig raud og kraftig for å vere ein gråmåse!
Og ville vore perfekt på ein gulbeinmåse!
Her kan du sjå kor mykje svart/kvitt det er i håndsvingfjørene.
Den har svarte bånd på dei 6 ytterste håndsvingfjørene (P5-P10),
men det svarte båndet på P5 er ikkje veldig bredt. Og på høgre vinga er
det faktisk delt. Den har også svart på HF nr. 7 sett utanfrå (P4),
men dette er svært minimalt.
(Dette er den første gråmåsen eg har sett med svart i P4!)
Eit anna kjenneteikn som skiller denne frå ein gulbeinmåse er den lyse
"tunga" på P10 (den ytterste HF). (På bildt er denne markert)
Ein gulbeinmåse ville hatt svart mykje lenger inn på denne fjøra! 
Her er ei samanlinkning mellom gråmåsen t.v. og ein gulbeinmåse t.h.
Hovudforma og nebbforma på måsen t.v. (gråmåsen) er prikk lik gråmåsane.
Legg merke til forma samanlinkna med gulbeinmåsen. På gråmåsen er
hovudet ganske lite og avrunda, og nebbet er ikkje fullt så kompakt
og kraftig som på gulbeinmåsen (t.v.) Nebbet har heller ikkje ein like butt
tupp som hos gulbeinmåsen! Ellers så virka gråmåsen ganske tynn og
atletisk, og svært lik ein gulbeinmåse i kroppsfrom.
Men alt i alt er dette ein gråmåse!

Her er ein gulbeint gråmåse frå tidlegare denne veka. Trykk på linken!
http://www.nofmr.no/fotogalleri/vanlige-fugler-i-mr/gramase-omissus-type-5k-voksevegen-14feb-2011-1384#joomimg

onsdag 16. februar 2011

Sandsøya 13-16.02.11

Dei siste dagane har gått til måseskåding, og ikkje mykje anna. Det er nemleg store mengder med måsar som rastar på skjær og holmar ved Voksevegen, og nokre få på Sandshamna.. Det store antallet skyldast at måsane blir tiltrekt av silda, som for øyeblikket er i havet utanfor øyane.


I går var det ein 2K(1.vinter) polarmåse ved Voksevegen, medan det i dag var ein 5K(4.vinter) polarmåse på samme plass.
Polarmåse 5K (4.vinter)
Polarmåse 5K (4.vinter)





Britisk-merka(?) gråmåsar
Ellers så har det blitt sett nokre fargemerak gråmåsar. Ein av desse var merka i Norge (blå ring/ kvit skrift), men eg greidde ikkje å lese av den. I dag fann eg, og leste av to fargemerka gråmåsar. Begge desse har lik ring som dei britiske fargemerka gråmåsane som eg såg på Sandshamna i 2010, men desse fuglane er nye. Eg har sendt mail til merkarane i Essex, England ang. informasjon om måsane, men eg har ikkje fått svar enda!

Eg skal lage eit innlegg om det så snart eg får tilbakemelding.

Gråmåse 5K+(adult), Voksevegen
Gråmåse 5K+(adult), Sandshamna

torsdag 10. februar 2011

Sandsøya/Voksa 8-10.02.11

Dei siste tre dagane har vore som den siste tida, altso ikkje det heilt store. Det vil seie lite fugl å sjå. I forgårs telte eg totalen på dykkarane og lommane i havområdet mellom øyane. Medan dei to siste dagane har det i hovudsak vorte satsa på måseskåding på Sandshamna.

"Obsane" frå sjøfugltellinga.
islom 2
dvergdykkar 3
horndykkar 2
gråstrupedykkar 9 (rekordantall)
sjøorre 1 (2K M)
tjeld 1
teist 1



Nok ein fargemerka gråmåse
I dag var det meir aktivitet på hamna, og dermed også fleire måsar. Og ganske kjapt fann eg ein fargemerka gråmåse. Denne måsen var fullt adult. Det vil seie at den var minst 5k (4.vinter eller eldre). Men etter å ha fått tilbakemelding på fuglen så viste det seg at den blei merka på Valderøya i Giske kommune sommaren 2006 som 3K+ (2.sommar eller eldre), noko som gjer måsen til ein 8K+ (7. vinter eller eldre) i dag.

Her er eit bilde av den fargemerka gråmåsen.
gråmåse 8k+ (merka med JM6K)
Her er "livshistoria" til JM6K (matallring nr.FA17347)

Dato


Stad


Koordinatar


Observatørar


Dagar/km/°
19.06 2006
Skjongskaret, Valderøy, Giske, Møre og Romsdal, Norway
62°30'09"N 006°06'47"E
Petter Birger Folkestad
-
10.02 2011
Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway
62°15'08"N 005°28'58"E
Støyle Bringsvor, Ingar
1697/43/229



søndag 6. februar 2011

Spurvehauk på fjøsbesøk!

I kveld i halv 8 tida fikk eg ein telefon frå Øystein Baade (bonde på Voksa) om at han hadde ein hauk i fjøsen. Nokre minutt etter kunne eg sjå den med mine eigne auger. Hauken viste seg å vere ein ung (2K) spurvehaukhann som hadde forvilla seg inn i fjøsen, då truleg på gråspurvjakt. Etter å ha tatt nokre bilder av den, blei hauken etter litt om og men fanga og satt fri. Noko eg trur hauken blei glad for. Men dei som kanskje blei aller mest glade var gråspurvane.

Her er nokre bilder av den forvilla spurvehauken. Kanskje ikkje i sitt rette miljø, men som alltid nydlig!
Og som alltid, klikk på bilda for eit større format!
spurvehauk 2K M
spurvehauk 2K M

spurvehauk 2K M

spurvehauk 2K M