mandag 5. desember 2016

Grashoppesongarar 2016

2016 vart den sjuande sesongen med kartlegging av grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa. Som eg har skrive her på bloggen mange gongar tidligare, så starta det i 2010 med at eg ville prøve å finne ut kor mange grashoppesongarar vi faktisk hadde her på øyane. Difor starta eg å fotodokumentere alle dei forskjellige individa. Dette gikk jo greit til eg kom opp i eit visst antall fuglar, då blei det plutselig ein del vanskligare å skille dei frå kvarandre. Grashoppesongarar har ofte veldig distinkte teikningar og fargar i fjørdrakta. Dette gjer det mulig å skille forskjellige fuglar frå kvarandre. Kjem ein derimot opp i eit x-antall fuglar, så er faren stor for at det dukkar opp individ ein ikkje sikkert kan skille frå kvarandre på draktdetaljar åleine. For å gjere det mulig å skille alle songarane frå kvarandre måtte vi difor då starte å ringmerke dei. Det er nemlig den einaste sikre måten ein kan skille individa frå kvarandre, og også då samtidig følge dei frå år til år. Dei første tre åra var det Kjell Mork Soot, leiaren av Sunnmøre Ringmerkinsgruppe, som kom og ringmerkte songarane. Eg hadde nemleg ikkje ringmerkingslisens, noko ein må ha for å kunne ringmerke fuglar. Etter at eg fikk min lisens i 2013, har eg kunne ringmerke fuglane sjølv. Eg har også då kunne utvida området der eg kartlegger arten, til då også å dekke ytre Herøy kommune, indre Sande kommune, og delar av Ørsta kommune.

Målet for 2016-sesongen var å utvide søkeområdet etter arten, men samtidig vidareføre det eg hadde gjort åra før. Eg ville følge den samme metodikken som eg har følgt sidan 2011. Skal ein ha samanliknbare data, så kan ein ikkje berre plutselig finne på noko nytt...
Slik går eg rundt, med ein liten høgtalar og spelar song av grashoppesongar.
Dette gjer eg for å finne ut om det er ein hann på lokaliteten eller ikkje.
Er det ein hann der, røper den seg ofte ganske umiddelbart. 

Frå slutten av april til ut mai, når grashoppesongarane ankjem landet etter å ha tilbrakt vinteren i Afrika, går eg rundt og spelar grashoppesongarsong på potensielle lokalitetar der dei kan finne på å slå seg ned. Har ein hann ankomt lokaliteten så reagerer den som regel enten med lyd, eller at dei kjem flygande mot lydkjelda for å jage bort det dei trur er ein inntrengjar,  Dette gjer eg for å få ein eksakt ankomstdato på fuglane. Får ein ei lang nok rekke med data her, så kan det jo bli interresant. I 2016 hadde eg mi første runde rundt for å sjekke lokalitetar for grashoppesongarar den 27. april. Og berre tre dagar sinare hadde eg allereie lokalisert året første grashoppesongar, den første i Norge i 2016.

Ein 2K hann
Den første grashoppesongaren i Norge i 2016 vart lokalisert i Våge på Sandsøya den 30. april. Dette er det første aprilfunnet eg har av arten sidan 2011. Årets første fugl viste seg også å vere litt spesiell...
Grashoppesongar 2K M, Våge, Sandsøya 30. april 2016

Det spesielle med denne hannfuglen var at den hadde ein nesten komplett juvenil stjert. Det vil seie at den fortsatt hadde dei fleste av dei fjørene (juvenilfjørene) som voks ut då den var ein unge. Direkte oversatt vil dette altså seie at fuglen blei klekt i 2015, og demed var under 1 år gammal då eg fanga den inn og ringmerkte den i april 2016. Normalt så blir både kropps-, sving- og stjertfjører, samt vinge- og stjertdekkarar skifta i tidsrommet frå dei flyg ut av reiret om sommaren til dei ankjem Norge neste vår. Det vil altså seie at ein fugl om våren, sjølv om den kanskje ikkje blei klekt meir enn 9-10 månadar i forvegen, ikkje kan skiljast frå eldre fuglar. Denne utgjorde altså ein av dei få unntaka her...

Kva gjer desse fjørene til juvenilfjører... 
Under finn du eit bilder av fuglen, samt ei nærmare forklaring på kvifor desse stjertfjørene er juvenile, og denne hannen dermed kan bestemmast til 2K (2. kalenderår).
Grashoppesongar 2K M, Våge, Sandsøya 30. april 2016

Legg merke til det lyse feltet som går gjennom stjertfjørene like langt ute kvar enkelt fjør. Dette er ei såkalla "svoltsone" . Ei slike sone oppstår når fjørveksten stoppar og startar igjen. Denne stoppen skjer pga. fuglen ikkje har fått, eller har funne, tilstrekkelig med mat ei periode. Då blir veksten av stjertfjørene nedprioritert, og stoppar slik at den ikkje skal konkurrere med andre mykje viktigare biologiske prosessar, som for eksempel kroppsvekst, vekst av kropps- og svingfjører osv. Fjørveksten vil starte opp på nytt når fuglen har fått tilstrekkelig med næring. Ser ein på kor denne sona er plassert på fjørene, så har akkurat denne fuglen, då den var ein liten unge, hatt eit døgn med dårlig næringstilgong. Dette har skjedd seint i reirperioda, ikkje alt for lenge før den forlot reiret. Eit slikt gjennomgåande felt, som ligg like langt ute på kvar enkelt fjør, ser ein utelukkande på juvenilfjørene. Eldre fuglar har normalt ikkje (med mindre den har mista heile stjerten ved eit uhell) ein synkron fjørvekst, der alle fjørene veks ut på likt. Hadde difor ein voksen fugl, mot formodning, hatt ei slik sone, så hadde denne sona høgst trulig ikkje vore like langt ute på kvar enkelt fjør, då fjørene ikkje hadde komt like langt i vekst før veksten stoppa opp. Ein voksen fugl samanlikna med ein reirunge, vil også ha ein mykje mindre sjangs på å få ei slik "svoltsone", då dei har heilt andre forutsetningar når det gjeld det å finne seg tilstrekkelig med mat, slik at fjørveksten ikkje stoppar opp på denne måten. Då er det verre med ein unge som må vente på at foreldra kjem og matar den... Finn ikkje foreldra tilstrekkelig med mat, for eksempel pga. dårlig vær, så har ikkje ungen muligheit til å finne maten sjølv. Den må berre vente og håpe på det beste. Og då blir som nemnt veksten av stjertfjørene, som er veldig energikrevjande, nedprioritert, slik at den ikkje skal konkurrere med andre mykje viktigare kroppslige prosessar, som også treng energi. Det hjelp jo ikkje at stjerten fortsetter og vekse visst ungen svelt i hel...  

Men det er ikkje berre denne "svoltsona" som gjer at ein kan sjå at desse fjørene er juvenile, også forma og kvaliteten på fjørene er viktige... Som ein ser på bildet så er ikkje alle sjertfjørene juvenile. To av fjørene bryt nenlig den gjennomgåande "svoltsona". Dette er fjører som er skifta ut, og då er av adult-type. Desse er samanlikna med juvenilfjørene, som er smale og spisse, breiare og meir avrunda og av ein betre kvalitet. Det å få ei slik direkte samanlikning av både juvenile og adult-type fjører, er veldig pedagogisk. 
Grashoppesongar 2K M, Våge, Sandsøya 30. april 2016

På dette bildet av stjerten frå undersida, ser eit tydelig forskjellen på form og kvalitet på juvenilfjørene, samanlikna med dei to utskifta fjørene av adult-type. Legg også merke til at dei juvenile fjørene er godt bleikte og slitte i fjorhold til dei to utskifta relativt ferske fjørene. Det er jo ikkje rart, då desse fjørene ikkje har vore utskifta sidan ungen blei klekt i fjor sommar. Dei to adult-type fjørene har blitt utskifta reativt nylig, og har difor ikkje rukket og blitt bleikte og slitte på samme måten. 
Grashoppesongar 2K M, Våge, Sandsøya 30. april 2016


Lite gunstige trekkfothold...
Etter at den første fuglen i Våge vart lokalisert den siste dagen i april, såg eg føre meg at 2016 skulle bli eit godt år for arten. Sjølv om det tok 8 nye dagar før den neste hannen dukka opp, var eg fortsatt optimist. Årets andre grashoppesongar kom eg nemlig over, også det i Våge, den 8. mai. Lokaliteten blei sjekka dagen i forvegen, utan at det då var ein fugl på plass. Det vil altså seie at denne hannen ankom staden natt til den 8. mai.
Slik såg lokaliteten i Våge ut, der årets andre grashoppesongarhann dukka opp.

Imotsetning til fuglen frå den 30. april, var det ingen karakterar på denne som gjorde at den kunne aldersbestemmast til anna enn 2K+, altså ein fugl klekt i 2015 eller tidligare.  Alt av stjertfjører m.m. var av adult type.
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 8. mai 2016

Her ser ein stjerten på årets andre grashoppesongar. Her er alle stjertfjørene breie og fint avrunda. Dette er fjører av adult-type. Samanlikn denne stjerten med den 2K hannen over. Då ser ein tydelig forskjellen på ein nesten komplett juvenil stjert, som ikkje er utskifta, og ein stjert der alle fjører er mytte til adult-type. 
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 8. mai 2016

Etter at årets andre fugl, det også ein hann, dukka opp i Våge den 8. mai, hadde vi nokre fine dagar med gode temperaturar og generelt gunstige vèrforhold. Alt låg altså til rett for at det skulle ankome fleire grashoppesongarar. Til tross for dette gjorde det ikkje det. Og når vèret slo om med nordavind og lave temperaturar, nokre dagar etter, var det langt i frå gunstig med tanke på å få inn eit bra antall med grashoppesongarar. Den 14. mai var det for eksempel ikkje meir en 4-5 grader celsius på dagtid. Dette blei etterfulgt av ca. 2  veker med nordlige vindar, nedbør og lave temperaturar, og la ein effektiv dempar på det meste av småfugltrekket.

To hannar som danna par? 
På Sandsøya og Voksa dukka det riktig nok opp nok ein fugl. Den 20. mai satt det og song ein grashoppesongarhann på ein ny plass i Våge, nokre hundre meter lenger NV i frå der grashoppesongar "33" hadde hatt tilhold sidan den 30. april. Eg rekna med at dette var ein ny hann, og satt difor opp mistnettet for å fange den inn. Etter ei lita stund hang fuglen i nettet. Det viste seg då at hannen som song var nettopp grashoppesongar "33". Den hadde berre flytta seg til ein ny lokalitet. Men det var ikkje berre denne grashoppesongaren som var på denne lokaliteten. Medan eg dreiv og prøvde å fange inn songaren som song, altså songar "33", var der nok eit individ som vart både sett og høyrd i området. Denne fuglen flaug også i nettet som eg hadde oppe. Dessverre så traff den på utsida av ein av nettposane og datt i bakken, for så å flyge vidare. Etter dette vart den litt meir skeptisk, og det lukkast dessverre aldri å få fang den inn, tross fleire fangstforsøk også i dagane etter. Der og då var dette i og for seg greit, men etter å ha fått sett fuglen viste det seg at det at eg ikkje fikk fanga den inn, var ekstra surt. Denne ukjente fuglen hadde nemlig ringar på beina, både ein metall og ein gul fargering med nummer på. Ja, det var ein av mine fuglar som hadde slått seg i lag med songar "33". I og med at eg hadde kontroll på begge fuglane eg hadde ringmerkt på Sandsøya og Voksa, så langt i 2016, så måtte dette altså vere ein fugl som hadde blitt ringmerkt åra i forvegen, då mest sansynligvis også det på Sandsøya og Voksa. Denne holdt seg i lag med songar "33", og det meste tyda på at desse hadde danna par. Problemet var berre då at eg berre har ringmerkt hannfuglar tidligare, i alle fall så godt som. Oppførselen på denne ukjente fuglen, både når eg spelte lyd til den, men også når songar "33" song, kunne tyde på at dette også faktisk var ein hann. Den var nemlig veldig aggressiv både mot den lyden eg spelte, men ikkje minst også ovanfor songar "33". Så lenge songar "33" ikkje song gikk dei veldig godt i lag, men så snart den gav lyd frå seg, reagert den ukjete fuglen med "kjeftig" og også å flyge etter songar "33". Denne kjeftelyden er ein lyd som eg berre har høyrd av hannfuglar tidligare, og også det at den dreiv og jaga på den syngande hannen, altså songar "33", peika sterkt i retning av at det faktisk var to hannar som hadde slått seg i lag. Dessverre så fikk eg aldri lest av fargeringen denne ukjente fuglen hadde. Den var ikkje samarbeidsvillig nok til det... Og i og med at eg aldri fikk fanga den inn heller, så blei den til min store frustrasjon aldri identifisert. Det einate eg kan seie med sikkerheit, er at dette var ein tilbakevendande fugl.

Då grashoppesongarhann "33" starta å synge igjen den 30. juni, var den ukjente ringmerkte fuglen verken å høyre eller sjå. Akkurat dette med at den starta å synge igjen i månadsskiftet juni/juli er jo klassisk. Dei har som oftast ei lita sangperiode etter det første ungekullet, før dei igjen blir tause når dei eventuelt startar på ungekull nummer to. Kva dette ville seie med tanke på om den ukjete fuglen var ein hann eller hofugl, veit eg ikkje. Dei kunne jo berre ha holdt i lag ei lita periode, før hann "33" fann seg ei ordentlig hoe. Dette blir uansett berre synsing, noko fasitsvar får eg dessverre aldri.

Grashoppesongarar utanfor Sandsøya og Voksa 
Som eg skreiv litt tidligare i dette blogginnlegget, så var eit av årets mål å utvide søkeområdet etter grashoppesongarar. Sidan 2013 har eg i tillegg til å ha god kotroll på songarane på Sandsøya og Voksa, også hatt relativ grei kontroll på songarane i indre Sande kommune, ytre Herøy kommune og delar av Ørsta kommune. Før årets sesong hadde eg planar om å utvide området til også å dekke Vågsøya og Stadlandet, heilt nord i Sogn og Fjordane. I nomalsesongar eller gode år, kan det vere rikelig med grashoppesongarar her. Slik 2016-sesongen utarta seg, blei desse ambisjonane eigentleg for det meste lagt på is. Eg hadde også jamn kontakt med ein av kompisane mine, Ståle Sætre, som fleire gongar var i dette området. Han kunne meddele at det var akkurat like dårlig der, som det var nokre få kilometer lenger nord, på Sandsøya og Voksa. I og med at han hadde grei kontroll på om der var grashoppesongarar eller ikkje, og at det generelt var lite songarar å oppdrive, såg eg på det å reise dit som heller bortkasta. Då var det betre å fokusere ekstra på det området som eg allereie sjekkar.

Den første lytterunda eg hadde utanfor Sandsøya og Voksa vart gjennomført natt til den 8. mai. Denne natta lukkast det å lokalisere to grashoppesongarar. Den første var ein syngande hann på Remøy på Remøya. Grashoppesongarhannen satt og song på nordsida av vegen, like bak busskuret som står der. I juni i fjor ringmekte eg ein hann nokre timeter unna, rett på andre sida av vegen. Etter å ha fått fram fuglen ved hjelp av å spele litt lyd til den, såg eg med ein gong at den hadde ein metallring på venstre bein. Dermed var det berre ein ting å gjere, å fange den inn. Etter nokre minutt med opprigging av nett og å prøve å lure den i nettet, så hang den endelig der. Då var det berre ein ting som stod igjen, nemlig å lese kva som stod på ringen. Der stod det i tillegg til Stavanger Museum, Norway, som viste at det var ein norsk ring, også ringnummeret 1H36224. Dette var ein av mine fuglar, men kven av dei var det? Etter å ha slått opp i notatboka mi, kunne eg konstatere at dette faktisk var akkurat den samme hannen som eg ringmerkte rett på andre sida av vegen i 2015. Den var altså på plass for det andre året på rad.

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 6. mai 2016
Denne songaren med metallringnr. 1H36224 var på plass for det andre året på rad. 


Etter det vellukka stoppet på Remøya, bar turen vidare til Voldsund på Leinøya, Myklebustvatnet på Bergsøya, Kvalsund og Kopparstad på Nerlandsøya, og Moltustranda, Gjerdsvika, Haugsbygda og Gursken på Gurskøya. På mange av desse stadane har eg hatt grashoppesongarar dei siste åra. Denne gongen var det derimot fint lite å høyre. Men før eg gav heilt opp, sjekka eg ein lokalitet i Haugsbygda der eg i 2014 ringmerkte ein hann. Denne kom også tilbake til den samme plassen i 2015. Kunne den vere der også i 2016? Det var ingen grashoppesongar som song då eg stoppa bilen på vegen like ved, så eg tenkte at her måtte eg prøve å spele litt lyd for å sjå om der var nokon som reagerte. Ikkje lenge etter at eg trykte på "play" svarte det ein hann ikkje langt unna. Eit kort augeblunk etter det igjen, suste den rett forbi der eg stod. Den flaug då og satte seg inne i ein hekk i ein hage. Etter å ha lyst på den med hovudlykta kunne eg konstatere at denne fuglen også hadde metallring på venstre bein. Eg hadde då berre eit lite problem, det var nemlig berre 20 min. til ferja mi, som går til Voksa, gikk frå Larsnes. Skulle eg prioritere å rekke den, slik at eg også fikk tatt lytterunda på Sandsøya og Voksa, eller skulle eg konsentrere meg om å få fanga inn songaren og dermed få lest av ringen... Eg greidde på utrulig vis å kome fram til at det var smartast å ta ferja heim igjen for å få tatt "runda" rundt på øyane heime, og heller reise tilbake til Haugsbygda neste morgon. Dermed køyrde eg avgårde utan å vite kven denne songaren var... Og på lytterunda heime var det sjølvsagt ingenting å oppdrive...

Morgonen etter reiste eg som eg hadde planlagt tilbake til Haugsbygda, då for å fange inn grashoppesongaren og dermed få lest av metallringen den hadde. Eg fryktar ofte at songar skal fordufte før eg enten får fanga dei inn og ringmekt dei, eller før eg får kontrollert ringane dei allereie har på beina. Som oftast er eg derimot heldig og dei er fortsatt på plass. Denne gongen hadde eg derimot ikkje flaksen med meg. For tross grundig gjennomgong av området, var fuglen som sunken i jorda. Hadde den virkelig forlatt området? Eg var og èr ganske sikker på, at dette var den samme grashoppesongarhannen som var på plass på lokaliteten for det tredje året på rad. Og då sysnt eg det var litt merkelig at den skulle ha forflytta seg vidare. Er du ein grashoppesongar og samtidig skal slå deg ned i dette området, så er egentlig denne lokaliteten den einaste logiske plassen. Uansett, eg måtte skuffa konstatere at eg denne dagen ikkje ville finne ut kven denne songaren var. Håpet mitt var at eg berre hadde truffe den på feil tidspunkt på døgnet. Eg har nemlig utallige gongar før komt over fuglar som ikkje har gitt livsteikn frå seg når eg har prøvd å få dei fram ved hjelp av lyd, for så å kome tilbake ein annan dag på eit anna tidspunkt på døgnet, og dei då er der og reagerer på lyd momentant. Måtte berre det vere forklaringa også her!

Natt til den 8. og natt til den 10. mai vart alle dei faste lokalitetane i ytre Herøy kommune og indre Sande kommune sjekka nok ein gong, utan at det resulterte i noko som helst. Og songaren som eg hadde hatt i Haugsbygda natt til den 7. mai vart aldri meir verken sett eller høyrd. Eg dreit rett og slett fullstendig på draget! Aldri meir skal eg prioritere ei ferje, det er i alle fall 100% sikkert.

Etter desse tre lytterundene i første halvdel av mai, hadde eg meg nok ei runde rundt på desse lokalitetane natt til den 28. mai. Kort fortlat så kom eg over ein syngande grashoppesongarhann. Den satt og song på Bø på Leinøya. Den blei forsøkt innfanga og ringmerkt, utan at det ville seg.

Då eg kom heim igjen etter denne økta, var eg inn på internet og sjekka artsobservasjoner.no for å sjå om det hadde blitt sett nokre spenandne fuglar i Møre og Romsdal, og i landet generelt. Då eg sjekka observasjonane i Møre og Romsdal, var det noko eg la spesielt merke til. Det hadde nemlig blitt høyrd og sett ein grashoppesongarhann på Sørheim i Ørsta den samme natta som eg hadde songaren "min" på Bø. Og i og med at eg uansett måtte tilbake for å fange inn den som satt på Bø, så måtte eg jo også inn å få ringmerkt songaren på Sørheim. Som sagt så gjort! Både songaren på Bø og den på Sørheim var av det samarbeidsvillige slaget, noko som resulterte i at dei fikk kvar sin metallring.

Sesongen 2016 enda altså med 4 grashoppesongarhannar utanfor Sandsøya og Voksa. For etter songarane på Bø og Sørheim dukka det ikkje opp fleire.


Det dårligaste året så langt...
Heller ikkje på Sandsøya og Voksa dukka det opp fleire grashoppesongarar i 2016. Det vart for eksempel ikkje observert ein einaste grashoppesongar på Voksa dette året. Dette har eg ikkje opplevd etter at eg hadde min første observasjon av arten på midten av 2000-talet. Ser vi på antall grashoppesongarhannar som har blitt observert på Sandsøya og Voksa frå 2010, til og med denne sesongen, så er antallet frå i år med 3 hannar, det lavaste eg har registrert. Då har eg rekna med den ukjente grashoppesongaren som holdt seg i lag med songar "33" i Våge på Sandsøya. Denne er jo mest trulig ringmerkt som hann og då med i talmaterialet frå åra i forvegen.

Her er ei oversikt over antall grashoppesongarhannar som har dukka opp i åra 2010-2016. 

Ser ein på søylediagrammet over, så ser ein at 2012-sesongen nesten var tilsvarande like dårlig som årets sesong. I 2012 hadde vi nemlig nesten tilsvarande vèrforhold, noko som nok gjorde sitt til å holde antallet på eit lavt nivå. Ei anna forklaring som kanskje kan forklare litt av det lave antallet grashoppesongarar i 2016, i tillegg til dei ugunstige vèrforholda, er det at grashoppesongarane tross eit greit antall i 2015, nok fikk fram veldig få ungar. For den som huska tilbake til fjoråret, så hadde vi gjennom våren og sommaren ei lang periode med nordavind og lave temperaturar, og samtidig store nedbørsmengder. Dette er langt i frå ei suksessoppskrift med tanke på å få ungar på vingene. Normalt så brukar det ikkje å vere vanskelig å sjå årets ungar i områda der eg veit dei har hekka. I fjor så eg derimot ikkje med sikkerheit ein einaste unge... Visst det er slik at ein del av grashoppesongarane som dukkar opp her, er fuglar som er klekte i distriktet året før, så vil jo ei slik forklaring med at dei hadde ein lav eller ingen ungeproduksjon i 2015, delvis forklare det lave antallet grashoppesongarar dette året. Noko ein ikkje veit, er jo korleis fuglane har hatt det i Afrika, i overvintringsområdet. Om dei har hatt det gunstig eller ugunstig der, vil jo også spele kraftig inn på antall fuglar som finn veien nord til oss om våren.

Her er eit oversiktskart over Sandsøya som viser kor årets 3 grashoppesongarar hadde tilhold, og også eventuelle forflytningar dei gjorde.


Når ankjem hannane territoriuma sine? 
Ser ein på når grashoppesongarhannane ankjem teritoriuma sine, så er dette hovudsaklig medio mai. I gode år med ein mild vår med gunstige vindar og ingen hindrande nedbørsområder, så kan denne hovudankomsten kome 1-1,5 veke tidligare. Dette skjedde i 2011, og har gjort sitt til at vi har fått ein tidligare ankomsttopp enn det som kanskje er reelt. Får eg derimot samla inn data i ein del år til, så vil nok dette jamne seg ut. Ser vi så på når hannane har ankomt i åra 2011-2016, så er det ein topp mellom 1.-10. mai, der heile 37,1% (23 av 62) av hannane har ankomt, vidare mellom 11.-20. mai har 25,8% (16 av 62) ankomt. Har fuglane altså ikkje dukka opp før den 20. mai, så kan ein trygt seie at det ikkje blir eit stort antall av dei det året.


Her er ein av dei fem hannane som har ankomt i perioden 21.-30. april i åra 2011-2016. Den vart først observert syngande på Støyle på Sandsøya den 23. april i 2011, dagen før dette bildet blei tatt.
Grashoppesongar 2K+ M, Støyle, Sandsøya 24. april 2011

Nye muligheiter til neste år...
Om ca. 5 månadar er det påan igjen. Måtte berre vèr og vindforhold bli gode, slik at vi i 2017 får rikelig med grashoppesongarar å følgje. Uansett vèrforhold og antal songarar tar eg i alle fall sikte på og fortsatt vidareføre dette prosjektet også i 2017. For grashoppesongarar blir eg aldri lei! Og eg har fortsatt mykje å lære om arten...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar