torsdag 22. desember 2016

Havsvale på ville veiar...

Kl. 9 på morgonen den 12. desember fikk fikk eg ein telefon frå dei som driv fiskemottaket på Sandshamn på Sandsøya. Då eg såg kven som hadde ringt, tenkte eg med ein gong at no hadde dei funne enten ein måse eller ei havsvale. Då eg ringte opp igjen, kunne dei meddele at det var ein liten mørk fugl med noko kvitt på seg. Ein slik beskrivelse passa ikkje med noko anna enn ei havsvale, eventuelt ei stormsvale. Av desse to var sansynligheita størst for at det var ei havsvale. Havsvala hekkar nemlig to til tre plassar her i distriktet, medan stormsvale berre er påvist hekkande her i fylket ein gong. På landsbasis er det også betydelig ferre stormsvaler som hekkar, enn det er havsvaler. Stormsvala er påvist hekkande, eller antatt hekkande, ein handfull plassar, medan havsvala er påvist hekkande på ca. 10 lokalitetar langs kysten frå Sunnmøre og nordover.

Så var det ei havsvale, eller ei stormsvale? Berre 5-10 minutt etter at eg hadde blitt oppringt, var eg på plass på Sandshamn. Då eg kom satt dei og holdt fuglen. Den hadde blitt tatt godt vare på, og var i fin form. Og arten det var snakk om, var som eg trudde, ei havsvale, ein nylig utflygd årsunge. Det var mannskapet på båten Eldorado, som låg til kai på Sandshamn, som opprinnelig hadde funne fuglen liggande på kaia. Dei gav den vidare til dei som driv fiskemottaket, som igjen tok kontakt med meg. Då eg fikk fuglen i hendene kjente eg med ein gong at dette måtte vere ei havsvale i god kondisjon. Det virka heller ikkje som om verken vinger, bein eller noko anna var skada. Eg tok den difor med meg heim. Det første eg gjorde då eg kom heim, var å ta vekta på fuglen. Vekta stoppa på 27,73g. Dette er over gjennomsnittet på 25g som vekta til voksenfuglar ligg på. Dermed hadde eg rett i at svala var i god kondisjon. Og i og med at den ikkje var skadd på noko vis, var det berre å vente til det blei mørkt for så å sleppe den fri. Eg la den i ei pappkasse der den fikk ligge i fred i påvente av mørkets frambrudd. Desse fuglane er såpass dårlige på land at dei ikkje kjem inn frå havet, til koloniane der dei hekkar, før etter mørkets frambrudd. Hadde dei komt inn over land på dagtid, kunne dei fort vorte eit lett bytte for måsar, kråkefuglar og andre predatorar. Og i og med at dei har denne tilpassninga, er det så og seie, om ikkje komplett umulig, å få dei til å flyge på/frå land på dagtid. Ein må difor vente til det er mørkt før ein slepper fri ein slik fugl.

Her er havsvala på vekta. Vekta stoppa, for å vere ei havsvale, på småpene 27,73g. Det meste tydar altså på at denne fuglen ikkje har vore så mange dagane ute av reiret.

I denne pappkassa oppbevarte eg havsvala til det blei mørkt og ho kunne bli sett fri. Pappkassa ser på dette bildet ganske stor ut, men det er nok heller fuglen som er liten. Med ei gjennomsnittsvekt på 25g, og ein kroppsstørrelse og vingespenn ca. som ei låvesvale, så er dette ein ganske liten fugl. 


Det at det skulle dukke oppe i stranda havsvale no, var ikkje overraskande. Det er nemlig i desse tider at årets havsvaleungar forlet reira. Frå og med månadsskiftet av september/oktober startar dei første ungane å forlate reira. Dette er fuglar som har blitt klekt tidlig og samtidig hatt heilt optimale vekstvilkår. Fuglar som er klekt seinare, og kanskje ikkje blir like godt mata pga. dårlig næringstilgong, vil ikkje forlate reira før i slutten av november og utover i desember, akkurat i denne perioden vi no er inne i. Det er slike nyutflogne ungar som ofte kjem på avveiar og då endar på land, ofte kombinert med uvër. Denne gongen var det derimot ikkje snakk om noko uvër. Natt til den 12. desember var det stjerneklart, kaldt og vindstilt.

Så kva er forklaringa på at denne havsvala enda på land? Normalt er det jo som sagt etter uvër med sterk pålandsvind at ein finn havsvaler stranda på denne måten. Men stjerneklart og vindstilt kan ein vel ikkje akkurat kalle for uvër... Nei, slik eg ser det så har nok muligens akkurat denne fuglen blitt tiltrekt av små fiskerestar rundt fiskemottaket, som dei er svært dyktige til finne. Etter at den då har komt inn på hamna kan den ha blitt tiltrekt av lyset frå lyskastarane som lyser opp kaia, og då på eit eller anna vis enda på land. Hadde det då blitt for lyst då dette skjedde, kan instinkta ha tatt overhånd, og den ville ikkje ta til vingene igjen. Det er så og seie alltid unge havsvaler som hamnar på land på denne måten. Desse er uerfarne, og då kan det fort ende akkurat slik.


Legg merke til den uniformt ferske fjørdrakta utan slitasje på verken enkeltfjører eller fjørgrupper. Ein kan også legge merke til dei svært spisse ytre håndsvingfjørene. Dette er jo klassiske juvenilfjører. Havsvala hadde også fortsatt ungelåten sin, altså den gav den samme lyden som dei gir medan dei ligg i reiret. Ein voksen fugl har heilt andre lydar. Alle desse karakterane, og fleire, gjer at denne fuglen lett kan bestemmast til 1K, altså ein fugl klekt i 2016. 
Havsvale 1K

Havsvale 1K

Havsvale 1K

Havsvale 1K

Havsvale 1K

Havsvale 1K


Då klokka starta å nærme seg 16.30, og det hadde blitt mørkt, var det på tide å gi den friheita tilbake. Før eg frakta den dit eg skulle sleppe den fri, blei den ringmerkt. For med ein ring på beina, kan eg visst eg er heildig, få vite korleis det går med fuglen. For dukkar den opp ein plass i åra som kjem, veit eg jo at det gikk bra... Og med ein ring på beina som er unik for akkurat denne fuglen, kan ein lett sjå at det er denne havsvala det er snakk om.

Etter at havsvala var ringmerkt køyrde eg den heilt vest på Sandsøya, heilt ut i storhavet. Etter at eg tok den opp av pappkassa eg oppbevarte den i, satte eg den opp på handa mi. Så snart eg slapp grepet på fuglen begynte den å flakse med vingene opp i mot vinden, og nokre sekund etter flaug den avgårde, så fint som berre det. Det gikk akkurat slik ein håper det skal gå. Måtte denne havsvala få eit langt og godt liv. Og kanskje ser eg den igjen ein dag? kven veit... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar