torsdag 8. desember 2016

Ungemerking av stormåsar 2016

Etter at eg i 2012 fikk ein såkalla b-lisens innanfor ringmerking, slik at eg kunne ringmerke måsar, har eg kvar sommar ringmerkt måseungar. Det første året, altså i 2012, ringmerkte eg måseungar i kolonien i Goksøyra på Runde, samt i kolonien i Vorakletten på Sandsøya. I tillegg til dette padla eg også rundt med kajak og ringmerkte svartbakungar på skjær og holmar mellom Sandsøya og Voksa. Eg har også vore så heldig at eg har fått vore med til Svinøya og då fått ringmerkt nokre svartbakungar også der. Dessverre så blei det ingen Svinøy-tur på meg i 2016.

I åra etter har eg i tillegg til desse lokalitetane også starta å ringmerke i koloniane på Storholmen i Sande kommune, i Gjerdsvika i Sande kommune, og i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune. Det året eg så lagt har ringmerkt flest måseungar var i 2013. Då ringmerkte eg totalt 290 måseungar, fordelt på artane gråmåse, sildemåse og svartbak. Det året hadde nemleg gråmåsane og sildemåsane ein god ungeproduksjon, noko som gjorde det mulig å ringmerke så mange som eg faktisk gjorde. Det så langt beste året for svartbaken kom året etter. Då ringmerkte eg over dobbelt så mange ungar som eg har gjort alle dei andre åra.

Då, etter å ha fortalt litt om korleis det har vore åra før, korleis gikk det med hekkinga i 2016?

Lite ungar å finne... 
2016 blir definitivt ikkje huska som eit bra år for måsane. I den største kolonien eg er innom, den på Storholmen, var det så og seie ikkje ein einaste unge å sjå. I denne kolonien hekkar det fleire hundre stormåsepar. Flest gråmåsar, nokre titals par sildemåsar, og nokre få par med svartbak. Faktisk så fikk eg ikkje ringmerkt fleie enn 9 gråmåseungar og 1 sildemåseunge i denne kolonien i 2016. Dette er det soleklart dårligaste resultatet eg har hatt sidan eg var der første gong i 2013.

For å kome meg til Storholmen brukar eg kajak. Turen går frå sørsida av
Sandsøya og er 9 km ein veg. 

Slik ser delar av måsekolonien på Storholmen ut. Bildet er tatt i nordaustlig
retning, og ein ser blant anna Kvamsøya, Voksa og Åram. 

Gråmåse pullus, Storholmen 6. juli 2016
Ein av dei svært få gråmåseungane som såg dagens lys på Storholmen i 2016.

Likeins var det i kolonien i Vorakletten på Sandsøya. Nesten ikkje ein einste unge kom på vingene der heller. Noko betre var det derimot i Gjerdsvika, i Kvalsvika på Nerlandsøya og i Goksøyra på Runde. Det var her eg ringmerkte dei fleste måseungane i 2016. Den kolonien som hadde det beste hekkeresultatet i år, var soleklart kolonien i Goksøyra på Runde. Her hekkar det ein stad mellom 100-150 gråmåsepar, 2-4 svartbakpar og eit og anna sildemåsepar. Totalt fikk eg ringmerkt 42 gråmåseungar og ein svartbakunge i denne kolonien i år. Dette er det høgste antallet eg har ringmerkt i denne kolonien.

Slik ser utsikra ut frå måsekoloneien i Goksøyra på Runde. 

Gråmåse pullus, Goksøyr, Runde 2. juli 2016

To gråmåseungar som skjuler seg i graset.
Goksøyr, Runde 2. juli 2016

Totalt blei det i 2016 ringmerkt 109 gråmåseungar, noko som med årets generelt dårlige ungeproduksjon, må kunne kallast bra. Under kan ein sjå ein av fuglane som eg ringmerkte i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya. Den dukka opp på Sandshamn på Sandsøya første gong den 15. august. Her er den avbilda 31. august. Så langt siste observasjon av J793K gjorde eg på Sandshamn så seint som den 6. desember.
Gråmåse 1K (J793K) Sandshamn, Sandsøya 31. august 2016
Denne måsen blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge i
Kvalsvika på Nerlandsøya den 8. juli.
Av desse 109 ringmerkte gråmåsane har eg gjennfunne fleire lokalt. Eg har også fått eit gjenfunn på ein fugl i Bergen. Det vil garantert kome fleire gjenfunn her etterkvart, også frå utlandet. På dei 534 gråmåseungane eg har fargeringmerkt i åra 2012-2015 har eg ein gjenfunnsprosent på ca. 30%. Ringmerker eg altså tre fuglar, er det stor sjans for at i alle fall ein av dei blir sett.

Når det gjaldt sildemåsane, så ringmerkte og totalt 6 ungar her. Sildemåsane var veldig seine i år. Faktisk var det nyklekte ungar å sjå så seint som den 8. juli. Det at ungane ikkje var store nok til å få påsatt fargeringar, då eg ar i koloniane, i kombinasjon med at dei også nok hadde eit dårlig år med få ungar, gjorde at eg ikkje fikk ringmerkt flerie. Det skal også seiast at arten ikkje blei prioritert i år.  

Også få svartbakungar...
Også svartbaken hadde eit særs dårlig år i 2016. I området rundt, og mellom Sandsøya og Voksa, var det fleire plassar der ikkje var ein einaste unge å sjå, då eg var rundt og skulle ringmerke i første halvdel av juli. Særlig rundt Voksa og Marøya var det ekstremt dårlig. Kun ein einaste unge kom eg over her. Det var riktig nok fleire ungar å sjå tidlig, men før desse hadde blitt 2 veker gamle hadde dei fleste fordufta. Det virka som om hekkemotivasjonen til svartbakane var dårlig. Måsane er såkalla overskotshekkarar, og så snart dei kjem ut på minussida og det kostar for mykje å oppfostre ungane, gir dei berre opp. Slik var det i år. Det tydar nok på at kondisjonen til fuglane ikkje var på topp. Dei hadde nok rett og slett ingenting å gå på.... Desse måsane blir jo potensielt veldig gamle, dei kan i alle fall bli både 20 og 30 år gamle, og dei kan alltids få fram ungar igjen til neste år. Dei set ikkje livet på spel for å få ein unge eller tre på vingene.

Totalt fikk eg ringmerkt 35 svartbakungar i 2016. Dette er faktisk eit meget bra antall, i alle fall tatt i betrakning av at det over eit stort område ikkje var ein einaste unge å sjå.

Kajakpadling mellom Sandsøya og Voksa under ringmerking av svartbakungar

Her er eg i Åramsundt, søraust for Voksa. 

I Åramsundet kom eg over 3 svartbakungar.
Den ein av de la på svømm og måtte plukkast opp.

Dette trearkullet ringmerkte eg i Åramsundet. Desse 3 ungane blei dei første
ringmerkte på akkurat denne lokaliteten.

Av dei 35 ringmerkte svartbakungane i 2016, fikk 32 påsatt fargeringar i tillegg til metallringen. Dei andre tre var for små til å få påsatt ein slik fargering. Eg merker ungane når dei er så store som mulig, då dette aukar sjansjen for at dei kjem seg på vingene, og ikkje blir tatt av ein eller annan predator før dei kjem så langt. Fuglen under, med fargering JJ540, er ei slikt eksempel. Denne hadde nok under ei veke igjen før den var flygedyktig, då eg ringmerkte den på Storholmen i Sandsvågen på Sandsøya den 21. juli. 
Svartbak 1K (JJ540), Sandshamn, Sandsøya 19. august 2016

Av dei 32 svartbakungane som fikk påsatt fargeringar i 2016, har eg så langt fått gjenfunn på fire. To av dei har blitt observert ikkje langt frå kvarandre i Skottland, ein i Nederland og ein på Karmøy i Rogaland. Det vil nok garantert kome fleire gjenfunn på 2016-generasjonen etter kvart. Av dei 188 svartbakungane som eg har fargeringmerkt i åra 2012-2016, så har eg gjenfunn på ca. 1/3 av fuglane. På ungane som blei ringmerkt i 2012 har eg ein gjenfunnsprosent på småpene 46,7%. Det å få gjenfunn på nesten kvar andre fugl er jo innafor!

Her har årets ungfuglar av svartbak blitt observert. Ein på Karmøy i Rogaland, 
to i Skottland, og sist men ikkje minst ein i Nederland. 


Her er svartbaken som har blitt observert i Nederland. Dette er ein av to ungar i kullet som eg ringmerkte på Leinatangen på Sandsøya den 11. juli. 
Svartbak 1K (1. vinter), Scheveningen, Nederland 9. november 2016


Kvifor ringmerker eg måseungar?
Så er det store spørsmålet, kvifor ringmerker eg desse måseungane? Eg vil rett og slett lære meir om måsane. Både med tanke på forflytningar regionalt, nasjonanlt og internasjonalt, draktutvikling osv. For min eigen del så er nok det mest interessante å følgje måsane regionalt, og også det å sjå på fjørdraktutviklinga til dei forskjellige fuglane. Det er masse data på kva fuglane gjer når dei sprer seg utover både nasjonalt og internasjonalt, men data frå lokalområdet her, er det lite av...

Denne ringmerkinga, der eg sett på fargeringar, er ein del av eit nasjonalt fargemerkingsprosjekt. Det blir merka måseungar med fargeringar i mange måsekoloniar langs Norskekysten, og då er jo det å ha data frå her i distriktet også, ikkje så dumt. Og når ein først går rundt i koloniane, så får ein jo også sett på korleis det står til med tanke på ungeproduksjon og slikt. Eg får riktig nok ikkje eksakte tal på ungeproduksjon, men ein ser jo tendensen.

Tidligare hadde det ikkje blitt merkt mange måseungar i Møre og Romsdal med fargeringar. Det har riktig nok vore ringmerkt måseungar med metallring i mange tiår, men dataane desse gir, samanlikna med dei som i tillegg har ein fargering på beina, blir som dag og natt, og nesten litt til. Ein fugl med fargering kan ein følge på ein daglig basis. For medan ein metallring i dei fleste tilfeller ikkje er mulig å lese av i felt, kan ein fargering lesast av relativt greit på opp til 3-400 meters hold ved hjelp av eit teleskop. Og når ein enkelt kan følgje fuglane slik på eit individnivå, så gir dette eit veldig bra innblikk inn i livet deira. Og skal ein lære dei betre å kjenne, så er jo det akkurat det som må til.

Som mange nok sikkert har fått med seg tidligare, så er eg nok over middels interessert i aldersbestemming av måsar. Då er det svært verdifullt å kunne studere fjørdraktene til desse fuglane som har kjent alder. Ein gråmåse er for eksempel ikkje fullt utfarga før den er er 3-4 år gammal. Normalt heng der igjen enkelte immaturkarakterar også når fuglen er 3 år gammal. Det å kunne studere dei forskjellige draktene, frå den er i den første fjørdrakta si, juvenildrakta, til den er utfarga 3-4 år seinare, er den beste måten å lære seg å aldersbestemme på. For veit ein når fuglen er merkt, har ein alltid fasiten i bakhand.

Her er eit eksempel på ein fugl i forskjellige aldrar og fjørdrakter. No i 2016 er det første gong denne gråmåsen med fargeringkode J4712, som blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig reirunge i Vorakletten på Sandsøya i 2012, er fullt utfarga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar