onsdag 4. august 2010

Grashoppesongar-eldorado på Sandsøya og Voksa!

I natt som var skulle vi merke åkerrikse, og en grashoppesongar som eg viste om (BILDE NR2). Denne fikk ikkje ring når vi merka 11.juli. Men på plassen der denne satt og song kom der plutseleg en grashoppesongar i nettet medan den andre fortsatt satt og song. Dermed nr. 18 i år (BILDE NR1). Men det skulle ikkje stoppe der! Tidleg på morgonen satt det plutseleg en og song på en ny plass. Det var spennande og sjå om dette var en ny, eller om det var en gammal "kjenning" som berre hadde flytta på seg. Og utruleg nok var dette eit nytt ind (BILDE NR3). Dermed stoppa totalen etter nattas runde på 19 grashoppesongarar så langt i år. Fordelt på 12 hannar, 3 hoer og 4 ungar. Talet på hoer er nok betydeleg høgar, då desse er svært vanskeleg å få sett!

Ellers i natt så merka vi ei av åkerriksene. Den andre var ei skikkelg "stabeist". Den ville nemleg ikkje i nettet. Det vart også ringmerka 2 sivsongarar(ad.+1k).

Dei forskjellige grashoppesongarne som vart ringmerka i natt:
ind nr 1
ind nr 2
ind nr 3


 Her er eit par bilder av åkerriksa vi fanga, og av en ta dei mange sivsongarungane som vart sett denne natta.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar