onsdag 2. november 2011

Musvåk, Voksa 02.11.11

I dag vart det endelig eit brukbart veir for å satse i felten... Med opplett og lite vind låg alt til rette for ein fin feltdag. Og gjett om det starta bra! Eg rakk akkurat å starte på runda rundt på Voksa i det øyane sin 1. musvåk kom og flaug rett over det eg gikk. Musvåken er ein stor raritet i MR, med ca.20 funn totalt i fylket. I Norge er den vanleg på sør- og austlandet.

Med dagens nye art for øyane så er eg no oppe i 208 artar totalt på Sandsøya og Voksa. Dermed går det rette veien...!:)

Her er eit dokumentasjonsbilde av dagens mest eksklusive...
Musvåk 1K, Voksa


Elles så vart det no sett litt av kvart. Så her er resten av dagens observasjonar.

Voksa/Voksevegen
grågås 80+ (flokk)
kvitkinngås 1
sjøorre 1 F-farga
ub. lom 1 (overflyg ved Voksevegen)
islom 1 1K
horndykkar 1
gråstrupedykkar 1
flaggspett 1
sanglerke 11+
dompap 1+ (høyrd)
gran- og furukorsnebb ++ (høyrd/sett)
sivspurv 1 (høyrd)

Sandsøya
spurvehauk 1
sangsvane 2 ad. forts

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar