mandag 7. november 2011

Sivsongar merka i Portugal....

Den 23.mai i år var eg på ein av dei mange turane rundt på Sandsøya og Voksa for å prøve å kartlegge alle grashoppesongarane. Når eg då var i Våge på Sandsøya kom eg over ein sivsongar med metallring. Og etter å ha holdt på ei god stund med å ta bilder av songaren fikk eg endeleg tilstrekkeleg med bilder slik at det var mogleg å få lest av ringen. Etter å ha studert bilda ei stund viste det seg at sivsongaren hadde ein portugisisk ring. Dermed vart informasjonen sendt over til Stavanger musem, som sendte det vidare til Portugal. Og i dag kom endeleg svaret.....


Sivsongarhannen som du ser på bildet over vart merka i Lagoa De Santo Andre, eit stykke sør for Lisboa den 27.august i 2008 som ein 1K+ fugl. (ein årsunge eller eldre) Det vil seie at når songaren vart funnen i Våge på Sandsøya i år så var den minst inne i sitt 4.kalenderår, altså 4K+.

Innfanga
Eit par dagar etter at eg ved hjelp av bilder i felt leste av ringen vart den også fanga inn for ein dobbelsjekk. Og "sjølvsagt" stemte det eg hadde lest av!:)
Her er eit bilde av den minst 4k+ gamle
sivsongarhannen når den vart innfanga.


Og heilt til slutt eit kart som viser der den vart merka og der vart gjenfunnen. Avastanden frå der den vart merka i Portugal, og "opp" til Våge på Sandsøya er heile 2854 km!



Så skal det verte veldig spennande å sjå om den kjem tilbake også neste år.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar