mandag 14. november 2011

SABINEMÅSE og svartraudstjert m.m. Sandsøya 14.11.11

I dag vart det egentleg ikkje satsa så hardt i felten. Eg tok meg første ein roleg tur i fjøra på sørvest-sida av Sandsøya for å sjå om der kunne vere noko spennande der... Men det var det desverre ikkje. Så då vart turen lagt til Sandshamna rett før det vart mørkt for å sjå om det kunne vere noko spennande på måsefronten. Ved første augekast var det verken mange måsar eller noko spennande å sjå..... Men så låg den plutseleg der! Øyane sin første SABINEMÅSE. Denne høgarktiske arten er langt i frå vanleg å sjå, men kvart år går det ein del av dei på trekk sør langs kysten. Då på veg mot der dei skal overvintre, utanfor SV-afrika.
Etter at måsen var "i boks" så vart nok ein ny art for øyane sett, ein svartraudstjert. Dermed fikk eg 2 nye artar på berre 5 min! Den skal bli vanskeleg å slå....

Eg kan også nemne at ei flokk på 39 kortnebbgjess vart sett rastande på Sandsøya.

Her er nokre bilder av måsen.
Sabinemåse 2K+, Sandshamna/Sandsøya
Sabinemåse 2K+, Sandshamna/Sandsøya

Sabinemåse 2K+, Sandshamna/Sandsøya


Eg legg også inn eit lite stemningsbilde av snøspurv i den lave haustsola....
Snøspurv


Jordugle
For eit par dagar sida fikk eg ein telefon frå ein lokal mann på Sandsøya om at det var funnen ei ugle som var skada. Dermed  for eg sta for å sjå kva det dreia seg om. Det viste seg å vere ei jordugle som hadde kjøyrd seg på ein streng/kabel og dermed knekt vinga. Eg tok den då med meg heim igjen for å oppbevare den til dagen etter for å få ein vetreinær til å avlive ugla. Men om natta vart stresset og skadene for alvorlege, og den dauda av seg sjølv!

Her er eit bilde av den nydelige fuglen.
Jordugle 1K (årsunge)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar