mandag 10. juni 2013

TROSTESONGAR, ELVESONGAR og grashoppesongar 06-10.06.13

Natt til den 9.juni blei brukt til å få med seg M&R sin andre TROSTESONGAR som hadde blitt funnen i Frelsvatnet i Fræna kommune eit par dagar før. Denne songaren er ei stor sjeldenheit i Norge. Arten har aldri blitt funnen hekkande her, men nokre få funn av syngande hannar blir gjort årleg. Dei nærmaste hekkelokalitetane finn ein i Danmark og i sør-Sverige. I M&R var det berre eit funn av arten i frå før, det blei gjort i Ratvikvatnet i Ålesund i 1996. Dermed er dette ein skikkelig gobit.
I den nordvestlege delen av vatnet i dette takrørbeltet satt trostesongaren
og song.

Desverre så var det store nedbørsmengder når eg var og såg, samt høyrde fuglen. Men eg fikk no etter litt om og men eit greit lydopptak av den karakteristiske songen. Under kan du høyre lydopptaket.

Trostesongar, Frelsvatnet, Fræna 9.juni 2013
Ytre del av Gurskøya...
Natt til den 6.juni blei brukt til å få lytta etter nattsongarar på den ytre delen av Gurskøya. Samt sjekke opp elvesongaren som har hatt tilhold på Sørheim i Ørsta den siste tida.

På den ytre delen av Gurskøya var det svært lite som song. Men heldigvis i tillegg til eit par sivsongarar så satt det ein grashoppesongar og song på ytre Hauge i Haugsbygda. Den vart då innfanga og ring- og fargemerka. Dermed er totalen i år på 12 merka grashoppesongarar.

Her er eit bilde av songaren som satt og song i Haugsbygda.
Grashoppesongar 2K+ M, Haugsbygda 6.juni 2013
Etter at den ytre delen av Gurskøya var sjekka så nøye som mulig, vart det ein kort tur for å sjå om ELVESONGAREN som eg ringmerka på Sørheim i Ørsta den 3.juni fortsatt var på plass. Det var den... For med ein gong eg steig ut av bilen var det ikkje vanskeleg å høyre den godt gjennkjennelege songen til arten. Den satt då og song i det samme området der den har holdt til den siste tida. 

Her er eit av bilda som blei tatt av songaren før den blei innfanga og ringmerka den 3.juni, samt eit lydopptak av songen frå den 6.juni.
Elvesongar 2K+ M, Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar, Sørheim, Ørsta 6.juni 2013
Lite nytt ellers...
På Sandsøya og Voksa er det lite nytt å melde om ellers. Det virkar no som om åkerriksa har takka for seg og trekt vidare. Det var i hvertfall ikkje ein einaste lyd å høyre i natt som var. Ellers så har det dei siste nettene komt inn endå fleire sivsongarar, dermed er antallet på øyane no ein stad mellom 40 og 50 syngande hannar. Av desse har eg fått ringmerka 32 fuglar. Målet er å i hvertfall bikke 40 merka hannar. Så skal det bli spennande å følge desse fuglane i åra framover, både med tanke på gjenfunn frå andre stadar, men også tilbakevendande fuglar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar