fredag 28. juni 2013

SUMPSONGAR, Male, Fræna kommune 27-28.06.13

I går formiddag fikk eg ein telefon frå ein av kompisane mine frå Kristiansund. Han kunne meddele at ein eksklusiv locustella-songar hadde blitt høyrd og sett på Male i Fræna kommune på Romsdalskysten. For ein annan av kompisane mine hadde for ca. ei veke sidan komt over ein songar han var litt i tvil på kva var. Vanskelige veir- og vindforhold gjorde det slik til at den blei ubestemt enn så lenge. Så natt til i går, altså den 27.juni vart den sjekka opp på ny. Då blei fuglen blant anna avbilda. Desse bilda viste utan tvil M&R sin andre SUMPSONGAR gjennom tidene!! Denne sør og og aust/søraustlege songaren er ei stor sjeldenheit i Norge, med ikkje mange funna årleg. Det forrige funnet i fylket vart gjort så langt tilbake som i 1995, då på Smøla. Så ein kan mildt sagt seie at den er ein gobit! Med denne har Fræna i år varta opp med både trostesongar og sumpsongar, noko som må seiast å vere imponerande. Dette gjer sitt til at artsspekteret når det gjeld nattsongarar i M&R i år er over all forventning. Artar som nattergal, sørnattergal, grashoppesongar, sumpsongar, elvesongar, myrsongar, busksongar, åkerrikse og vaktel har nemleg blitt observert innan for fylkets grenser. Fleire av desse er store raritetar også på landsbasis...

Turen vart nesten sjølvsagt lagt til Fræna for å få med seg gobiten. Og ut over kvelden og natta så song sumpsongaren svært aktivt. Då for det meste frå toppen av eit bringebærkratt der den holdt til det meste av tida. Der poserte den villig for den som gadd å vente på fotolyset...

Under kan du sjå bilder av songaren frå i dag tidleg, samt høyre eit lydopptak av songen til fuglen.
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
Svært slitte hsf. kan indikere at dette er ein 2K-fugl.

Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013

Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
 
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013


Sumpsongar, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
 
Andre observasjonar
Av andre observasjonar som blei gjort på den korte visitten i Fræna i går kveld og i natt/dag tidleg var ein 2K grønlandsmåse som rasta i Hustadbukta i lag med gråmåsar, og ei næringssøkande hornugle på male i området der sumpsongaren holdt til. Utanom dette var det ikkje all verden verken å sjå eller høyre... Men kva gjer vel det når den mest eksklusive av dei alle gikk i boks!

Her er eit bilde av den jaktande hornugla i kveldslys.
Hornugle, Male, Fræna kommune 27.juni 2013

lørdag 22. juni 2013

BUSKSONGAR m.m. 12-22.06.13

Dei siste dagane har det blitt ein del turar i felten... Då har det først og fremst blitt satsa på nattsongarar. Det er rett og slett der eg føler det er mest å hente for tida. For ellers virkar det dessverre ganske daudt. Når det gjeld nattsongarlyttinga har det først og fremst gjaldt Sandsøya og Voksa, men eg har også fått tatt ei lytterunde i ytre Herøy. Blant det nye som har blitt observert sidan det siste blogginnlegget er 3 myrsongarar, 1 grashoppesongar og 1 åkerrikse . Desse vil eg kome tilbake til seinare i innlegget.

Endelig ein gobit!
Men den virkelige gobiten er ingen av artane nemnt over. For natt til den 20.juni steig eg ut av bilen i Våge på Sandsøya. Eit godt stykke unna kunne eg så vidt høyre ein songar med ein veldig repeterande og langsom song. Etter å ha lokalisiert fuglen, og fått høyrd songen betre var det ingen tvil. Det var nemleg Sandsøya og Voksa sin første BUSKSONGAR som satt og song!! Dette har vore ein art som eg virkelig har venta på skulle dukke opp, og det var desto betre når den endelig gjorde det. Songaren var svært aktiv og satt heilt opent i toppen av vegetasjonen og song. Det var rett og slett magisk! Songaren var fortsatt på plass i natt den 22.juni og den song fortsatt veldig aktivt. Denne arten er meget uvanleg her til lands, men det blir gjort ein god del funn av arten årleg. Busksongaren høyrer til lenger aust, det vil seie frå aust-Finland og vidare austover i Asia. Dei seinare åra har arten ekspandert vestover, noko som har resultert i fleire funn her til lands, samt fleire konstaterte hekkefunn. Det første dokumenterte hekkefunnet i Norge, om eg ikkje tek heilt feil, var i Selje kommune på Stadt heilt nord i Sogn og Fjordane i 2005. Når det gjeld antall observasjonar i M&R så ligg det på ein stad på rundt 25 funn.

Busksongaren er den mest fotogene songaren eg har vore borti. Desse bilda er tatt heilt uten bruk av lyd for å lokke den til seg. Den satt nemleg heilt ope i toppen av buskaset og song sjølv om eg satt på 6 meters hold. Betre kan det ikkje bli!

Her er eit lite utvalg av bilder... 
Busksongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 20.juni 2013
 
Busksongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 20.juni 2013

Busksongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 20.juni 2013
 
Busksongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 20.juni 2013

Her er også eit lydopptak av songen, samt eit videoklipp av songaren.

Busksongar, Våge, Sandsøya 20.juni 2013






Nok ein grashoppesongar
Den 18.juni satt årets 9. grashoppesongarhann for øyane og song på Voksa. No nokre dagar etter har den slutta å synge, men den er fortsatt på plass. Dermed er det ein stor sjangs for at det faktisk er ei hoe på plass allereie, noko som lovar godt med tanke på hekking. Med denne nye songaren har det då så langt vore fem grashoppesongarar innom på Sandsøya og fire på Voksa dette året. Under kan du sjå eit par oversiktskart der songarane, og forflytningane dei har gjort er teikna inn på karta.

Sandsøya
 
 Voksa


Her er også eit bilde av songar "9" som vart oppdaga den 18.juni.
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 18.juni 2013

På Sandsøya og Voksa er det fleire av dei stasjonære grashoppesongarane som har vore borti å synge så vidt dei siste dagane, så det vil seie at dei fortsatt er på plass. Ellers så vart det som nemnt tidligare ei lytterunde i ytre Herøy. Der fikk eg dekt Myklebustvatnet ved Fosnavåg, Nerlandsøya, Remøya, Leinøya og Runde. Der var fortsatt dei to grashoppesongarane som eg oppdaga, samt ringmerka den 4.juni på plass og song. Songaren i Volsund på Leinøya var på den samme plassen som eg merka den, medan songaren i Sævikane på Remøya hadde flytta seg nøyaktig 300 meter.

Andre nattsongarar...
Av andre nattsongarar så har eg i løpet av den siste veka komt over tre syngande myrsongarar. To av desse på Sandsøya og ein i Kvalsvika på Nerlandsøya. Utanom myrsongarane så vart det den 16. og 17.juni høyrd ei syngande åkerrikse i Kinna på sørsida av Sandsøya. Dermed har det så langt i år vore to åkerrikser innom på øyane. Ei på Voksa og ei på Sandsøya. Det har også blitt høyrd eit par syngande vaktelar på Sandsøya dei siste dagane. Når det gjeld sivsongarar har det den siste tida dukka opp endå fleire. Det vil seie at det så langt i år på Sandsøya og Voksa er ein stad mellom 50-60 syngande sivsongarhannar. Av desse har eg fått ringmerka 41 ind. Dermed er det eit meget bra år for arten.

Her er eit bilde av den eine myrsongaren på Sandsøya. Den blei fanga inn og 
ringmerka den samme dagen som den blei oppdaga.
Myrsongar 2K+ M, Leina, Sandsøya 16.juni 2013

Svartstruper
Den 15.juni fikk eg konstatert at det første svartstrupekullet i Sandsvågen på Sandsøya var på vingene. Det vart totalt sett 3-4 ungar. Foreldra var travelt opptatt med å mate ungane, og aktiviteten på fuglane var stor. Årets hekking utgjer den første vellukka hekkinga av arten på Sandsøya sidan 2010. Med nokre gunstige vinterar framover kan kanskje bestanden sakte med sikkert kome tilbake på det nivået som det var før dei harde vinterane i 2009-2010 og 2010-2011. Før det var det nemleg så mange som 9 par på Sandsøya. Medan det i åra etter maks har vore eit par.

Her er nokre bilde av svartstrupene frå den 15.juni.
Svartstruper, Sandsvågen, Sandsøya 15.juni 2013
Her kjem hannen for å mate ein av ungane.

Svartstrupe M, Sandsvågen, Sandsøya 15.juni 2013

Svartstrupe M, Sandsvågen, Sandsøya 15.juni 2013

 Svartstruper, Sandsvågen, Sandsøya 15.juni 2013

mandag 10. juni 2013

TROSTESONGAR, ELVESONGAR og grashoppesongar 06-10.06.13

Natt til den 9.juni blei brukt til å få med seg M&R sin andre TROSTESONGAR som hadde blitt funnen i Frelsvatnet i Fræna kommune eit par dagar før. Denne songaren er ei stor sjeldenheit i Norge. Arten har aldri blitt funnen hekkande her, men nokre få funn av syngande hannar blir gjort årleg. Dei nærmaste hekkelokalitetane finn ein i Danmark og i sør-Sverige. I M&R var det berre eit funn av arten i frå før, det blei gjort i Ratvikvatnet i Ålesund i 1996. Dermed er dette ein skikkelig gobit.
I den nordvestlege delen av vatnet i dette takrørbeltet satt trostesongaren
og song.

Desverre så var det store nedbørsmengder når eg var og såg, samt høyrde fuglen. Men eg fikk no etter litt om og men eit greit lydopptak av den karakteristiske songen. Under kan du høyre lydopptaket.

Trostesongar, Frelsvatnet, Fræna 9.juni 2013
Ytre del av Gurskøya...
Natt til den 6.juni blei brukt til å få lytta etter nattsongarar på den ytre delen av Gurskøya. Samt sjekke opp elvesongaren som har hatt tilhold på Sørheim i Ørsta den siste tida.

På den ytre delen av Gurskøya var det svært lite som song. Men heldigvis i tillegg til eit par sivsongarar så satt det ein grashoppesongar og song på ytre Hauge i Haugsbygda. Den vart då innfanga og ring- og fargemerka. Dermed er totalen i år på 12 merka grashoppesongarar.

Her er eit bilde av songaren som satt og song i Haugsbygda.
Grashoppesongar 2K+ M, Haugsbygda 6.juni 2013
Etter at den ytre delen av Gurskøya var sjekka så nøye som mulig, vart det ein kort tur for å sjå om ELVESONGAREN som eg ringmerka på Sørheim i Ørsta den 3.juni fortsatt var på plass. Det var den... For med ein gong eg steig ut av bilen var det ikkje vanskeleg å høyre den godt gjennkjennelege songen til arten. Den satt då og song i det samme området der den har holdt til den siste tida. 

Her er eit av bilda som blei tatt av songaren før den blei innfanga og ringmerka den 3.juni, samt eit lydopptak av songen frå den 6.juni.
Elvesongar 2K+ M, Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar, Sørheim, Ørsta 6.juni 2013
Lite nytt ellers...
På Sandsøya og Voksa er det lite nytt å melde om ellers. Det virkar no som om åkerriksa har takka for seg og trekt vidare. Det var i hvertfall ikkje ein einaste lyd å høyre i natt som var. Ellers så har det dei siste nettene komt inn endå fleire sivsongarar, dermed er antallet på øyane no ein stad mellom 40 og 50 syngande hannar. Av desse har eg fått ringmerka 32 fuglar. Målet er å i hvertfall bikke 40 merka hannar. Så skal det bli spennande å følge desse fuglane i åra framover, både med tanke på gjenfunn frå andre stadar, men også tilbakevendande fuglar.

lørdag 8. juni 2013

Måsenytt frå april og mai 2013

I løpet av dei par siste månadane har det blitt nokre runder med måseskoding. Det har resultert i 1 norskmerka gråmåse, og heile 8 engelskmerka svartbakar. I tillegg til avlesingane av andre sine fuglar så har eg også hatt nokre fangstrunder. På i alt fire fangstrunder så har eg fått ring- og fargemerka 20 gråmåsar og 21 svartbakar. I tillegg til desse blei det kontroll på ein svartbak, då ein av dei som vart innfanga hadde metallring påsett frå før. Meir om dei merkte fuglane, samt dei avlesne kan du lese meir om nedanfor.

Fargemerkte måsar...
Som nemnt ovanfor så har det blitt avlest ein god del med fargemerkte måsar den siste tida. Her er litt meir om desse!

JN732
Gråmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 7-14.mai 2013
Gråmåsen JN732 vart ringmerka som ein 1K-fugl i Byparken i Bergen den 2.oktober i 2011. Etter dette har den blitt sett utallige gongar i Bergensområdet. Sist den vart sett i Byparken var den 23.april i år. Den vart så sett på Sandshamna på Sandsøya den 7., 13. og 14.mai, altså ikkje mange dagane etter.

Her er eit oversiktskart med ringmerkingsstad og funnstad plotta på kartet.
Avstanden mellom Bypaken og Sandshamna er på 207 km.

Engelskmerka svartbakar
I løpet av mai har eg som nemnt over fått lest av 8 engelskmerkte svartbakar på Sandshamna. Desse merka fuglane er fordelt på tre forskjellige prosjekt. Ein av måsane er merka av Severn Estuary Gull Group, to av dei er merkte av North Thames Gull Group, og heile fem er merkte av Jez Blackburn. Under kan du lese meir om fuglane.

MCM
Svartbak 4K, Sandshamna/Sandsøya 24.mai 2013
Svartbaken MCM vart merka som ein 2K-fugl på Gloucester søppelfylling i sørvest-England den 26.mars i 2011. Den 24.mai i år vart måsen avlest på Sandshamna. Dette var første gongen fuglen blei observert etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmkeringsstaden og funnstaden til MCM er plotta på kartet.
Avstanden mellom  Gloucester og Sandshamna er på 
ca. 1245km.

HK7T og TK2T
Svartbak 5K+, Sandshamna/Sandsøya 16.mai 2013
Svartbak 3K, Sandshamna/Sandsøya 24,mai 2013
Svartbaken HK7T vart ringmerka som ein adult fugl den 13.oktober i 2012 på Pitsea søppelfylling i Essex. Den vart så sett på Sandshamna den 16.mai i år. Dette vart då den første observasjonen av måsen etter merking.

Her er ein link til måsen HK7T på nettsidene til North Thames Gull Group:

Svartbaken TK2T vart ringmerka som ein 1K-fugl den 17.desember i 2011 på Rainham Tip i London. Måsen vart så observert for første gong etter merking på Sandshamna no den 24.mai.

Her er link til måsen TK2T på nettsidene til North Thames Gull Group:


3Z1B 
Svartbak 4K, Sande og Sandshamn/Sandsøya 3-18..mai 2013
Den har skada høgre auget. 
Svartbaken 3Z1B vart ringmerka som ein 3K-fugl på Daneshill søppelfylling i Nottinghamshire i søraust-England. Den 3.mai i år vart fuglen sett på Sande på sørsida av Sandsøya, før han så dukka opp på Sandshamna den 7.mai. Vidare så vart måsen sett den 12., 14. og 18.mai, det også då på Sandshamna. Dette var dei første observasjonane av måsen etter merking.


3A3B
Svartbak 5K, Sandshamna/Sandsøya 13.mai 2013
Svartbaken 3A3B vart ringmerka som ein 3K+ fugl den 27.februar i 2012 det også på Daneshill søppelfylling i Nottinghamshire i søraust-England. Etter ha sett fuglen no så må denne ha blitt merka som ein 4K (3.vinter). Då dei einaste karakterane som peikar mot ein subadult fugl no er dei brunlege små armdekkarane. Når fuglen no vart sett på Sandshamna den 13.mai vart dette den første observasjon etter merking.

 
3C1B
Svartbak 5K+, Sandshamna/Sandsøya 22.mai og 6.juni 2013
Svartbaken 3C1B vart ringmerka som ein adult fugl den 19.mars i 2011 nær Blackborough End, King`s Lynn i Norfolk i sentrale delar av England. Tidligare har den blitt sett på Hanstholm havn i Danmark (30.august 2011). Den vart så sett på Sandshamna i starten på juli i fjor. I år dukka måsen opp den 22.mai. Han vart også observert i føregårs den 6.juni.


3D2B
Svartbak 4K, Sandshamna/Sandsøya 24.mai 2013
Svartbaken 3D2B vart ringmerka som ein 3K-fugl den 20.februar i 2012 på Daneshill søppelfylling i Nottinghamshire i søraust-England. Den 24.mai i år vart fuglen så observert på Sandshamna. Dette var første gongen måsen blei sett etter merking.


3B1B
Svartbak 4K, Sandshamna/Sandsøya 29.mai 2013
Svartbaken 3B1B vart ringmerka som ein 2K-fugl den 19.mars i 2011 nær Blackborough End, King`s Lynn i Norfolk i sentrale delar av England. Den vart så sett lokalt ikkje langt i frå der han blei merka i slutten av oktober i 2011, samt i slutten av januar i år. Den 29.mai dukka den så opp på Sandshamna.

Her er eit kart der ringmerkingsstadane og funnstadane er plotta på kartet. På det nordligaste plottet i England blei 3Z1B, 3A3B og 3D2B merka. På det sørligaste vart 3C1B og 3B1B merka.


Ring- og fargemerking av måsar
I løpet av april, mai og juni har det blitt fire fangstrunder på måsar. Totalt har eg fått merka 42 fuglar, då fordelt på 20 gråmåsar (1 4K+, 2 5K, 17 5K+) og 21 svartbakar (2 2K, 4 3K, 3 4K, 1 5K, 11 5K+).
I tillegg til desse fikk eg som sagt fanga inn ein svartbak med metallring frå før. Den blei opprinnelig merka som pullus (reirunge) i juli i 2003 på Storholmen i Giske kommune i M&R.

Av dei totalt 11 voksne svartbakane som eg har fått merka har eg greidd å lokalisere halvparten dei. To av fuglane som blei merkte den 4.mai er faktisk i par på nordsida av Voksa.

Her er eit bilde av fuglane.
Her er JP987 som er hoa i paret t.h. og JP990 som er hannen t.v.

Heilt til slutt legg eg ut nokre bilder av vingeoversider av svartbak i forskjellige aldersklasser.
Svartbak 2K

Svartbak 3K

Svartbak 4K
 
Svartbak 5K+

tirsdag 4. juni 2013

ELVESONGAR og grashoppesongarar m.m. 27.05.-04.06.13

Den siste veka har det blitt satsa ein god del på nattsongarar. Først og fremt på Sandsøya og Voksa, men det har også blitt eit par turar i Herøy, og også ein tur i Ørsta kommune. Av andre litt meir dagaktive artar virkar det som om svartstrupene på Sandsøya har fått fram ungar, då dei har blitt sett ved fleire anledningar berande insekt i nebbet. Ellers har det blitt sett ei kortnebbgås i lag med grågjessene på Voksa. Så ser det også ut som om vi er i ferd med å få ein ny hekkeart på Sandsøya. Ein liten koloni på mellom 5-10 par med sandsvaler har nemleg etablert seg på Sandshamn.

Nattsongarlytting på Voksa, med Sandsøya i bakgrunnen.
Nattsongarar på Sandsøya og Voksa
Så tilbake til nattsongarane. På Voksa satt åkerriksa fortsatt og song natt til den 3.juni. Dermed har den vore på plass i nesten to og ei halv veke. Den har no forflytta seg ca. 300 meter frå der den opprinnelig satt. Natt til den 29.mai vart det høyrd to syngande vaktelar på Voksa, medan det natta etter vart høyrd eitt syngande ind. Etter dette har dei ikkje gitt lyd frå seg. Natta til den 29.mai satt også årets 8. grashoppesongarhann på Sandsøya og Voksa og song. Den vart høyrd syngande på sørsida av Sandsøya. Den hold til på lokaliteten i eit par dagar, men det virkar no som om den har forflytta seg vidare.

Her er eit bilde av den siste ankomne grashoppesongaren på Sandsøya/Voksa.
Grashoppesongar 2K+ M, Kinna, Sandsøya 29.mai 2013
Av dei grashoppesongarane som har vore på plass ei stund så har fleire av desse slutta og synge, om dette betyr at dei har trekt vidare, eller om der er hoer på plass er usikkert. Under kan du sjå eit bilde av årets først ankomne grashoppesongar. Den har no vore på plass sidan den 10.mai, og den vart sist høyrd syngande på sørsida av Voksa natt til den 1.juni.
 
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa  (Her er den av bilda den 12.mai)

Elvesongar og grashoppesongarar i Ørsta- og herøy kommune
I går ettermiddag tok eg turen til Remøya i Herøy kommune der eg hadde fått rapport om at det hadde blitt høyrd ein syngande grashoppesongar i midten av forrige veke. Men etter å ha gått over området der den vart høyrd var det ikkje teikn til at der var ein grashoppesongar på plass. Dermed vart turen lagt vidare til Sørheim i Ørsta kommune. Der hadde det nemleg blitt høyrd 1-2 syngande grashoppesongarar tidligare i år. Før helga fikk eg også ein telefon frå ein av kompisane mine som held til i Volda. Han hadde nemleg fått fortalt at det muligens også kunne vere ein syngande elvesongar på den samme staden. Han som hadde høyrd fuglen var langt i frå sikker, så eg tenkte egentleg at det berre var ein grashoppesongar som hadde blitt høyrd. Men det var mildt sagt verdt ein sjekk! Heldigvis var ein av dei lokale som budde der tilfeldigvis utandørs i det eg kom kjøyrande. Han kunne fortelle at "elvesongaren" hadde blitt høyrd så seint som ein halv time før eg ankom staden. Og ut i frå beskrivelsen av songen var det strengt tatt ikkje tvil om hvilken art det var snakk om. Dermed sette eg på lyden for å sjå om det var nokon respons. Ikkje lenge etter starta det å synge på oppsida av hovudvegen, og det var ikkje lenger nokon tvil om at det var ein ELVESONGAR! Den hadde då vore på plass i ca. 1 veke. Dermed vart dette det andre maifunnet av elvesongar i M&R gjennom tidene.

Her er nokre bilder av den nydelige songaren.
Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Etter å ha tatt nokre bilder av songaren i felt vart den innfanga for ringmerking.
Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Også grashoppesongar på plass... 
På den eksakt samme staden som elvesongaren "satt" var der også ein grashoppesongar på plass. Ei stund dreiv elvesongaren og grashoppesongaren og jaga på kvarandre. Ein mildt sagt fantastisk opplevelse. Det er nemleg ikkje kvar dag at ein får oppleve to forskjellige locustella-songarar jagande på kvarandre. Etter å ha fanga inn elvesongaren var det grashoppesongaren sin tur, under kan du sjå eit bilde av fuglen.
Grashoppesongar 2K+ M, Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Grashoppesongarar på Remøya og Leinøya
I natt som var vart det lytta etter nattsongarar på Runde, Remøya, Leinøya og Bergsøya i ytre Herøy. På fleire av desse stadane var det ikkje så alt for mykje å høyre, men på Remøya satt det ein grashoppesongar og song, og det samme gjorde det rett over sundet på Leinøya. Songaren på Remøya var truleg nettopp komt i landt på øya, for den dreiv og forflytta seg aktivt. Medan songaren på Leinøya virka å ha etablert seg på eit område med fjorårsvegetasjon. Begge songarane blei innfanga og ringmerka.

 Her er eit par bilder av songarane.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøya 4.juni 2013

Grashoppesongar 2K+ M, Leinøya 4.juni 2013

Med gårsdagens og nattas nye merkingar av grashoppesongarar har eg då fått ring- og fargemerka 11 ind. av arten så langt i år. Der 5 av dei er merkte på Sandsøya, 3 på Voksa, 1 på Sørheim i Ørsta, 1 på Remøya, og 1 på Leinøya.