onsdag 1. september 2010

Myrrikse og åkerrikse m.m. 01.09.10

Det vart ein bra start på hausten 2010. I dag vart min fugleart nr. 196 på Sandsøya og Voksa sett. Dette var då ei myrrikse på Voksa. Fuglen vart sett kort når den flaug opp. Før denne såg eg også ei åkerrikse. Ellers så er det fortsatt nokre grashoppesongarar på plass. I dag var det 2-3 ind. på Voksa.

Symjande vandrefalk
I dag kom eg over ein ung vandrefalk som "slo" ein fiskemåse. Etter å ha tatt livet av fiskemåsen holdt den på ei stund å prøve og flyge med seg måsen til land. Men etter å ha holdt på i ca. 10 minutt vart konklusjonen at måsen var for tung. Så då var det berre ein ting å gjere! Nemleg å symje måsen i land. Og som sagt, så gjort! Etter å ha svømt dei siste 70-80 metera til land var det berre å nyte eit herleg måltid.

Her er eit bilde(er) av vandrefalken!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar