onsdag 9. november 2011

Fuglenytt 09.11.11

I dag vart Voksa nøye sjekka for å prøve å finne igjen, og dermed å få betre dokumentasjon av grårsdagens mongolpiplerke. Men den gong ei... I dag var den ikkje å sjå. Det var derimot minst 2 tartarpiplerker, truleg 2 av dei 3 som vart sett i går. Dei virka svært så stasjonære, og sjølv når dei vart skremt opp så kom dei tilbake til det eksakt samme området. Under kan du sjå eit bilde av ei av tartarpiplerkene, samt høyre eit lydopptak.

Tartarpiplerke 1K, Voksa


Tartarpiplerke

Nokre andre observasjonar frå Voksevegen og Voksa i dag.
dvergdykkar 2
kvitkinngås 2 (1 ny)
grågås 80+ (flokk)
vipe 4
sanglerke 4-5+
ub.gran-/furukorsnebb ++
snøspurv 1


Hærfugl...
Eg har heilt gløymt å legge ut at for tre dagar sidan vart ein hærfugl sett i Våge på Sandsøya. Den vart sett av ei lokal dame. Dette er truleg den same hærfuglen som vart sett på Sandsøya den 22.oktober.

2 kommentarer:

  1. Hei
    Fine bilder og fine observasjoner. Vi har også hatt tartar,sibir og mongolpip her i nærheten. Hvordan gjør du lydopptak?
    Har hytte i stryn og glder meg til å studere fugleliv i området. Det ser spennende ut

    Mvh
    Stig Tore Lunde
    stlunde@gmail.com

    SvarSlett
  2. Hei!
    Ja takk for det. Eg har ein lydopptakar kobla til ein parabolmikrofon. Det gjer virkelig susen så lenge det ikkje er vind...;)
    Ja, fuglelivet på våre kantar er meget spennande!:)

    Mvh Ingar

    SvarSlett