lørdag 14. januar 2012

Grønlandsmåsar++, Sandsøya 14.01.12

I dag vart også dagen nytta til å sjå gjennom alle måsane på Sandsøya. For ein må no få med seg flest mogleg av dei nydelige kvitmåsane når det er ein slik storinvasjon... I dag vart det sett 10-12 grønlandsmåsar tilsaman på Sandshamna og ved oppdrettsanlegget i Voren. Av alle desse var det eit par som skilte seg litt ut. Begge med antydningar til mørke pigment i dei ytterste handsvingfjørene...
Her er nokre bilder av begge måsane.

Individ nr.1 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(?) (3.vinter), Sandshamna 

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(?) (3.vinter), Sandshamna
Denne måsen er aldersbestemt til ein 4K pga. javn brun `smussing"
gjennom mange av dekkarane på vinga, anntyfninf til stjertband, samt
svart i nebbet
 
Måsen som er avbilda over har antydningar til mørke teinkningar i dei ytterste handsvingfjørene på begge vingene.  Det er ingen symetri i teikningane, og teikningane på den venstre vinga er ikkje så markerte og utbreidde som på den høgre vinga. Ein karakter ein kan sjå i denne aldersklassa er at det heng igjen litt brun "smussing" i dei ytterste hsf. Men det er neppe forklaringa på tekningane i svingfjørene på denne fuglen(?). Teinkningane er nemeleg mørkare enn noko andre teikningar i vinga på måsen. Dermed er også dette muligens ein kumlieni? Fleire av kumlieniane som er sett på Færøyane har nemleg asymetriske vingeteikningar..... Men her er det ikkje lett og bli klok på kva som er faktiske teikningar, og på kva som er "smuss"!


Individ nr.2
Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter), Sandshamna
Denne måsen har blitt aldersbestemt til ein 5K pga. det brune "smusset"
på både dei små og mellomste armdekkarane ut mot armknoken, samt
på dei store handdekkarane! I tillegg til det så er der litt "smussing"
på den 3. ytterste armsvingfjøra på den høgre vinga. Ellers så er både
nebbet og resten av måsen fullt utfarga.

 
På måsen over ser ein tydelig mørkt på utfan på den 3.ytterste handsvingfjøra. Og på denne måse var det i motsetning til 4K`en over symetri i teikningane. Men då igjen så skal ein kumlieni ikke ha umarkerte ytterste hsf, for så og ha mørkt urtfan på den 3.ytterste. Så kanskje er det snakk om ein kumlieni som har kryssa seg tilbake mot den grønlandske glaucoidesen??


Her er eit bilde av begge måsane side ved side, samt nokre bilder av dei øvrige "grønlandsane" som blei sett i dag.
4K`en t.v. og 5K`en t.h.

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
(Truleg samme fuglen som på bildet over)

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
(Denne har vore stasjonær sidan den 9.januar)

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar