fredag 13. januar 2012

"Kvitmåsar", Sandsøya 13.01.12

I dag vart måsane på Sandsøya nok ein gong "finkjemba" på leiting etter eksklusive artar, eller underartar(hybridar)! Og i dag var det første gongen for året det faktisk var eit stort antall med måsar både på Sandshamna, og ved eit oppderettsanlegg på søraust-sida av Sandsøya. Etter å ha holdt på i litt over 3 timar fikk eg gått i gjennom flesteparten av måsane. Men forholda var ikkje dei beste, med stiv kuling frå nordvest og kraftige haglebyger....

I løpet av desse timane så vart det sett ein 3K polarmåse, og ikkje mindre enn
10 grønlandsmåsar. Av alle desse grønlandsmåsane så vart det også sett 1 voksen av den kanadiske underarten kumlieni! Dette vart då den andre av denne typa på 3 dagar. Dagens fugl hadde ganske kraftige og markerte gråsvarte teikningar på dei 2-3 ytterste handsvingfjørene. Men pga. langt hold og eit forferdeleg veir lukkast det ikkje å få dokumentert denne...

Her er nokre bilder frå i dag.
Grønlandsmåse 5K+ (ad.), Sandshamna/Sandsøya
På Sandshamna vart det i dag sett 4 forskjellige voksne "grønlands".
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
1 av dei 4 3K`ane som vart sett i dag!
Grønlandsmåse 5K+ (ad.) Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Denne vart først sett ved oppdrettsanlegget i Voren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar