I dag tok eg meg den første turen ut for å sjå på måsane i 2012. Og det vart ikkje akkurat nokon dårleg start. Riktig nok så var det ikkje det store antallet med måsar. Men kva gjer vel det når der er 3 grønlandsmåsar på plass...! Ja ikkje nok med det, alle var i forskjellige aldersklasser. Nærmare bestemt 2K, 3K og 5K+/adult. Dermed lovar det godt for resten av "kvitmåse-sesongen". Under kan du sjå nokre bilder samt eit par videoklipp av måsane.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Grønlandsmåse 3K (2.vinter) med 2K (1.vinter) t.h.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar