lørdag 21. januar 2012

"Kumlieni", Sandshamna 21.01.12

Dei siste 5 dagane så har det blitt satsa så og seie berre på måsar. Det har vore fleire grønlandsmåsar på plass på Sandsøya (Sandshamna/Voren) men det har vore mykje dei same fuglane som er på plass. Den mulige kumlienien (4K) som vart oppdaga den 14.januar er fortsatt på plass. Det samme er den mulige kumlienien (5K) som også vart oppdaga den 14.

I dag var det nok ein ny grønlandsmåse ua. kumlieni på plass. Dermed er dette den 3-5 kumlienien så langt dette året!! Utanom kumlienien vart det sett minst 6 andre "grønlands" på Sandshamna og 2 ind. ved oppdrettsanlegget i Voren.

Her er eit par bilder av dagens gobit..
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K-5K (3-4..vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K-5K (3-4..vinter), Sandshamna
 
Måsen er aldersbestemt til ein 4K pga. antydning til stjertband, mørkt smuss i særleg små og mellomste armdekkarar, samt brunleg smuss i dei indre armsvingfjørene på høgre vinge. (Mange av desse detaljane kjem desverre ikkje fram på dei to bilda over) Men ein seint utvikla 5K-fugl kan sjølvsagt ikkje utelukkast...


Kumlien`s gull frå Romsdal..
I dag var ein av kompisane mine Jørn R. Gustad i Harøysund i Fræna kummune i Romsdal. Der såg han ein lekker 3K kumlieni av den meir markerte typa. Han var så snild å gi meg lov til å legge ut eit par bilder av måsen.

Grønlandsmåse ua. kumlieni 3K (2.vinter), Harøysund i Fræna kommune
Grønlandsmåse ua. kumlieni 3K (2.vinter), Harøysund i Fræna kommune
Legg merke til dei 4 ytterste mørke handsvingfjørene står i kontrast mot
resten av vinga. Vidare så ser ein også tydelige vindu på den ytterste hsf.
på begge vingene (P10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar