fredag 6. januar 2012

Nye grønlandsmåsar m.m., Sandsøya/Voksa 05-06.01.12


I går gikk eg over markane på Voksa. Der var fortsatt ein del gjess på plass... Men utanom dei var det svært lite å sjå. Det som var verdt å legge merke til kan du lese under.

grågjess 74+ (Voksa)
sædgås ua. rossicus 3 (Voksa)
tundragås ua. albifrons 7 (Voksa)
sanglerke 5+ (Voksa)
heipiplerke 2-3+ (Voksa)
tundralo 1+ høyrd (Storevika/Sandsøya)

Sandshamna..
I går var det ikkje noko å melde på måsefronten. Det vil seie at alle dei 3 grønlandsmåsane som var på plass den 4.januar var borte vekk. Men i dag var det 3 grønlandsmåsar på plass atter ein gong... Og alle desse var faktisk nye ind.! Dermed har det på 3 dagar vore ikkje mindre enn 6 forskjellige "grønlands" innom på Sandshamna. Fordelt på 1 2K, 2 3K, 1 4K(+) og 2 ad.

Her er nokre dokumentesjonsbilder av dagens måsar.
Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Grønlandsmåse 4K(+) (høgst truleg 3.vinter), Sandshamn/Sadsøya
Denne måsen har eit heilt utfarga nebb, men dette er noko ein 3.vinter fugl
kan oppvise. Vidare så er både dei innerste store armdekkarane, og
tertiærane ikkje fullt grå, men blass  gråkvite. Og i flukt vart det sett
mørke teikningar både i vinge og stjert.
Dermed burde det alt i alt vere ein 4K. (3.vinter)
Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya.
Denne fuglen er i motsetning til måsen over fullt utfarga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar