onsdag 11. januar 2012

"Kumlieni", Sandshamna 11.01.12

I dag vart det nok ein gong satsa på å finne ein sjelden måse på Sandshamna. Og sjølv om antallet måsar er lite, er visst ikkje det noko problem.... For i sterk kuling frå vest og haglebyger låg fortsatt den
3K grønlandsmåsen eg oppdaga i føregårs og duppa inne på hamna. Men ikkje minst så var det ein ny fugl på plass. Og dette var ikkje hvilken som helst måse... Det var nemleg ein 4K grønlandsmåse av underarten kumlieni! Grønlandsmåse av ua. kumlieni hekkar i NØ-Kanada, og er ein stor raritet i Norge.
Denne "forma" (kumlieni) blir av mange rekna som ein hybrid mellom eskimomåse (Larus thayeri) og grønlandsmåse (Larus glaucoides). Dette forklarar kanskje den enorme variasjonen i vingeteikningane. Alt frå umarkert til nesten like velmarkert og mørke som hos eskimomåsane.


 Her er nokre bilder av gobiten!
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her ser du tydeleg at det grå går heilt til tuppen av alle dei ytterste hand
svingfjørene (P10-P7).
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her ser du tydeleg at det grå går heilt til tuppen av alle dei ytterste
handsvingfjørene (P10-P7).

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her ser du tydeleg at dei mørke pigmenta går heilt til tuppen av alle dei
ytterste handsvingfjørene (P10-P7). Vidare så ser ein også eit "vindu"på
P10, altså den ytterste handsvingfjøra.

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3vinter), Sandshamna/Sandsøya

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3vinter), Sandshamna/Sandsøya


Liknande måsar...
Her er ein link til ein så og seie eksakt lik måse, med liknande vingeteikningar som "min" fugl.
http://www.netfugl.dk/pictures.php?id=showpicture&picture_id=45519
http://www.netfugl.dk/pictures.php?id=showpicture&picture_id=45521

Ikkje lett
Så ein ting er sikkert det er viktig for alle som skulle vere så heldige å sjå grønlandsmåsar å få dokumentert dei i flukt.... For kanskje er det ein kumlieni! Her er ein link som viser kor lite markert dei kan vere! http://www.netfugl.dk/pictures.php?id=showpicture&picture_id=45514

På dei minst markerte ind. er det ikkje mogleg å sjå vingeteikningane på setande/liggande fuglar. Dermed er det å få sett måsen i flukt alfa omega!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar