mandag 6. august 2012

Grashoppesongarar 2012

Grashoppesongar M, Voksa 22-23.mai 2012.
Denne songaren holdt seg på Voksa i eit par dagar før den trekte vidare.
 
Året 2012 vil ikkje akkurat huskast for alle grashoppesongarane. Nei, det er heller det stikk motsatte som er tilfellet. For etter mange sesongar med eit bra antall av arten vart året i år veldig, veldig dårleg. Dei beste åra så langt har vore 2010 med eit meget bra antall (15 hannfuglar), og ein ekstrem 2011 sesong med ei mildt sagt utruleg samling (34 hannfuglar) av arten. I år har det vore så dårleg at vi må tilbake til før 2007-sesongen for å ha eit tilsvarande lavt antall av grashoppesongarar. Det lave antallet skuldast vel utelukkande dei svært ugunstige veir og vindforholda som vi hadde frå starten på april til godt ut i mai akkurat i den beste trekkperioda for arten. Det er nemleg då dei kjem til Norge. Frå rundt den 25.april til rundt den 20.mai dukkar dei fleste opp. Og når forholda held dei tilbake så virkar det som om dei tek ei anna trekkrute og endar opp lenger aust(?), eller så slår dei seg ned lenger sør.

Rekordtidleg funn
Tross vanskelige veir- og dermed trekkforhold for alle dei små skapningane i år dukka det faktisk opp ein ekstremt tidleg grashoppesongar. Det satt nemleg ein og song i Våge så tidleg som den 19.april. Den holdt seg der i nokre dagar før den blei borte. Dette funnet er så vidt eg har funne ut det tredje tidlegaste vårfunnet i Norge gjennom tidene, og sjølvsagt det tidlegaste funnet for MR. Dei to tidlegaste funna for landet er frå den 18.april. Begge er gjort på Utsira på Rogalandskysten.

Gjenfunn
Totalt har vi i løpet av åra 2010 og 2011 fått ringmerka og fargemerka 32 grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa. I år var det berre ein av dei som kom attende. "9E40523" vart ringmerka i Våge på Sandsøya i juli i 2010 og i år var den på plass i Våge for det tredje året på rad. Forhåpentlegvis vil vi få gunstigare veirforhold til neste år slik at fleire av dei merka kjem tilbake til øyane nok ein gong...

Her kan du lese meir om "9E40523".
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/05/endelig-pa-plass.html
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/05/nattsongarar-pa-sandsyavoksa-25-310512.html

Grashoppesongar M (9E40523), Våge
Her er den gammle kjenningen på plass i Våge nok ein gong. Her er den
av bilda den 9.mai. Det var nemleg då den dukka opp.
Hekking??
I år var det muligens 2 par med grashoppesongarar som hekka på øyane. Då eit par på Sandsøya og eit par på Voksa. Dette er langt i frå sikkert då det ikkje har blitt satsa på å få følge opp fulgane og dermed prøve å få dokumentert hekking. Eg har heller latt fuglane få være i fred. Vi får heller kome sterkt tilbake til neste år, med mange voksne fuglar og tilsvarande mange ungar!

Oversikt...
Heilt til slutt legg eg inn eit par oversiktskart med plasseringar på dei få grashoppesongarane som tok turen innom øyane i år.

Sandsøya: 

Voksa:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar