torsdag 9. august 2012

Ring- og fargemerka gråmåsar på Sandshamna

I det siste har det ikkje blitt alt for mange runder rundt på øyane. Sidan eg for tida slit med ein fot så har det difor ikkje blitt alt for mange gåturar i felten. Dermed har eg satsa ein del på måsar, først og fremst med tanke på å få lest av måsar med ringar. I år har eg også mine eigne merka  måsar å følge med på, noko som gjer det ekstra spennande. Litt lenger ut på sesongen skal eg også fange måsar med felle og få satt på fargering også på eldre fuglar enn årsungane. Men nok om det her er det som er å oppdrive av måsenytt frå den siste tida!

Gråmåse 1K med fargeringkode J4717, Sandshamna.
Denne måsen vart ring- og fargemerka den 9.juli på Sandsøya.
Den vart først sett på hamna den 30.juli. Etter det har den vorte sett på
kvar "sjekk". I tillegg til denne så er det så langt 5 andre av "mine"
fargemerka som har blitt sett på hamna.

Heilt i slutten på juli og i starten på august har det til tider vore svært så bra med måsar på Sandshamna. Satsinga har også gitt litt resultat, om ikkje på sjeldenheitsfronten så på avlesingsfronten.... Eg har fått lest av tre gråmåsar merka med metallringar. Samt ein gråmåse med fargering. Utanom desse så har 6 av dei 30 årsungane av gråmåse som eg har fått fargemerka på Sandsøya vore ein tur innom på hamna. Totalen på antall årsungar som blei fargemerka i år enda på 48 gråmåsar, 30 svartbakar og 1 fiskemåse. I tillegg til desse så har det blitt sett berre metallring på 6 svartbakar og 3 fiskemåsar. Måsane er merka på Sandsøya og Voksa, på Runde og sist men ikkje minst på Svinøya. Så no skal det etter kvart bli spennande å sjå kor henn dei dukkar opp.

Fargmerka gråmåse...
I går den 8.august tok eg ein kjapp sjekk gjennom måsane på hamna. Det resulterte i ein fargemerka gråmåse som eg ikkje har merka. Fuglen det her var snakk om var ein 3K, altså ein 2 år gammal fugl.

Her er livshistoria til måsen.


JN262
Gråmåse 3K (2.sommar), Sandshamna 8.august.
Gråmåsen med fargeringkode JN262 vart ring- og fargemerka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) på Hjelmsøya i Måsøy kommune i Finnmark den 6.juli i 2010, etter dette blei den funnen i Bergen i slutten av mai i 2011. Sidan har den vore ein fast gjest der, før den no har tatt seg ein tur til Sunnmørskysten. Under kan du lese den fulle historia til måsen.  

Dato        Stad                                                  Koordinatar       Observatørar Dagar/km/° 06.07 2010 Keila, Hjelmsøy, Måsøy, Finnmark, Norway 71°06'34"N 024°44'42"E Systad, Geir Helge -
29.05 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Helberg, Morten 327/1472/225
29.06 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 358/1472/225
01.07 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 360/1472/225
22.07 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Vercruijsse, Harry 381/1472/225
26.07 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 385/1472/225
07.08 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 397/1472/225
10.08 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 400/1472/225
13.08 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Mjøs, Alf Tore 403/1472/225
18.08 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 408/1472/225
21.08 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 411/1472/225
08.09 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 429/1472/225
14.09 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 435/1472/225
15.09 2011 Møhlenpriskaien, Fjordgaten, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'00"N 005°19'11"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 436/1473/225
17.09 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 438/1472/225
25.09 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 446/1472/225
02.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 453/1472/225
04.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Wexels Riser, Christian 455/1472/225
07.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 458/1472/225
10.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 461/1472/225
14.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 465/1472/225
15.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 466/1472/225
16.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Högstedt, Göran
Pedersen, Christian 467/1472/225
18.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 469/1472/225
20.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Pedersen, Christian 471/1472/225
28.10 2011 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 479/1472/225
18.01 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Systad, Geir Helge 561/1472/225
24.04 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Breistøl, Arild
Pedersen, Christian 658/1472/225
27.04 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Fjeldheim, Vegard Finset 661/1472/225
04.06 2012 Byparken, Bergen, Hordaland, Norway 60°23'27"N 005°19'39"E Falkenberg, Frode 699/1472/225
08.08 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 764/1289/229



Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Helmsøya i Finnmark og
 Sandshamna er på 1289 km.

Ringmerka gråmåsar...
Eg har også som nemnt over lest av nokre måsar som er merka med berre metallring. Ein gammal og to unge fuglar.

Gråmåse 1K (metallring nr. FA17026), Sandshamna.
Det er eit 6-tal til slutt på ringnr. sjølv om det på dette bildet ser ut som eit 8-tal

Gråmåse 1K (metallring nr. FA17168), Sandshamna
"FA17026" og "FA17168" vart ringmerka av henholdsvis Kjell Mork Soot og Stian Moldskred i ein måsekoloni ved Grimstadvatnet på Hareid i M&R som ikkje flygedyktige ungar i år. Både "FA17026" og "FA17168" blei merka den 10.juli. Den 2.august var "FA17168" på plass på Sandshamna, medan "FA17026" vart sett eit par dagar i forvegen. 

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå kolonien på Hareid og
til Sandshamna på Sandsøya er på ca.30 km.
                                                                                                                                                                  



419200_ (Her manglar det siste ringnummeret)
Gråmåse 16K+ (adult), Sandshamna.
Den 30.juli vart gråmåsen med metallringkode 419200_ sett på Sandshamna. Denne blei merka som ein ikkje flygedyktig unge den 29.juni i 1997 på Øra i Fredrikstad, Østfold. Det vil seie at den var litt over 15 år og 1 månad gammal når eg såg måsen på hamna. Sidan eg manglar det siste nummeret i ringkoda så er det berre mogleg å finne alderen og kor henn den blei merka då alle i denne ringserien blei merka på den samme dagen og på den samme lokaliteten.


Her er eit oversiktskart.
Avstande mellom Sandshamna og Øra i Fredrikstad er på
ca. 453km.


"Gamlingen" på tur til Bergen
Den 16.februar i år leste eg av ein ringmerka gråmåse på Sandshamna. Måsen var då ca. 20,5 år gammal, og det var første gongen den hadde blitt avlest etter at den blei merka i juni i 1991 i Flora kommune i Sogn og Fjordane. For nokre dagar sidan fikk eg ein mail frå Arild Breistøl i Bergen. Han kunne meddele at den no 21 år gammle gråmåsen var blitt avlest i Bergen. Så dermed er måsen fortsatt frisk og rask. Ja, kanskje dukkar han opp igjen på Sandshamna til vinteren?


Her er link til eit bilde av måsen frå då eg leste den av på Sandshamna tidlegare i år. http://3.bp.blogspot.com/-vkC0EVuu-BY/T0FCYlDuB1I/AAAAAAAAC4A/mzH4XHJ_Oso/s1600/Gr%C3%A5m%C3%A5se+5K++4158872.jpg    

Og eit ein link til eit bilde av måsen avbilda i Bergen.
http://www.zoo.uib.no/~arild/ymse/maker/20120804_gramake_4k+_4158872_nygardsparken.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar