søndag 19. august 2012

Silkehegre, Vigra 18.08.12

I det siste har det vorte svært så stille på sjeldenheitsfronten for min del. Det har nemleg blitt satsa mest på måsar, der det så langt har blitt lite å melde om når det gjeld sjeldenheiter... Så når det i går blei lagt ut ei melding på "bombevarslaren" om silkehegre på Vigra (utanfor Ålesund) måtte eg nesten slå til! Det var ikkje så alt for langt å reise samt at eg mangla både silke- og egretthegre frå før. Så då tenkte eg at ein silkehegre ville gjort susen. Som sagt så gjort... Nokre få timar seinare var eg på plass på Vigra der hegren blei funnen nokre timar før, av ein av kompisane mine Frank Grønningsæter. Og ja, silkehegren var fortsatt på plass. Heilt nederst i innlegget kan du sjå nokre bilder som blei tatt av hegren i går.

Silkehegren er ein svært så sjelden fugl i Norge med ikkje mange funna årleg. Denne mellomstore kvithegren finn vi hekkande nærmast oss eit stykke lenger sør og sørvest i Europa, nærmare bestemt i sør-England, Frankrinke og Ungarn. T.o.m. 2003 var det 43 godkjente funn av arten innanfor landets grenser. Etter det har det sjølvsagt vorte ein god del fleire.

Silkehegre adult, Vigra
Silkehegre adult, Vigra

Silkehegre adult, Vigra


1 kommentar:

  1. Vi har en silkehegre på Vestre Saltrød, har vært her siden 2. September 2015.
    Kjempe fin fugl. Har aldri sett en sånn fugl før jeg.



    Dette ble skrevet av Ketil W. Grevstad.

    SvarSlett