søndag 26. august 2012

Ring- og fargemerka måsar, Sandshamna 15-24.08.12

I det siste har det vorte satsa ekstremt hardt på måsar. Der målet har vore å finne ein skikkeleg gobit. Det har nemleg blitt sett eit par gulbeinmåsar og ein kaspimåse sør og søraust i Norge den siste tida. Så det vil seie at muligheitene er der! Men enn så lenge så må eg nok vente litt lenger med gobiten, men i mellomida har eg fått lest av ein del både ring- og fargemerka måsar. Utanom måsar så har det ikkje vore så mykje å snakke om. Det har nemleg så langt vore relativt lite spennande på vadarfronten så langt på hausttrekkert. Det mest interessante som eg har komt over i det siste var ein årsunge av grashoppesongar på Voksa den 24.august. Denne kan kome her i frå øyane, men på denne tida av året så kan den kome langveis frå.

Men tilbake til måsane... I tillegg til dei merka måsane som eg har fått lest av som andre har merka har eg sett fleire av "mine" måsar den siste tida. Eg har også fått det første gjenfunnet utanfor fylkets grenser av ein av dei årsungane eg fikk fargemerka i sommar.

Fargemerka måsar
I løpet av denne perioden så har eg fått lest av to fargemerka måsar, 1 gråmåse og 1 sildemåse. Her er meir om desse.

J3109
Gråmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 21.august.
Gråmåsen med fargeringkode "J3109" som vart sett på Sandshamna den 21.august vart merka som ein 3K-fugl ved Breiavatnet i Stavanger den 10.mars i år (2012). Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Dato       Stad                                                Koordinatar              Observatørar         Dagar/km/°

10.03 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'07"N 005°44'02"E Mjøs, Alf Tore -
21.08 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 164/365/357

Her er eit oversiktskart. 
Avstanden mellom Breiavatnet i Stavanger og Sandshamna
er på 365 km.
                                                                                                                                                                 

JY8Z
Sildemåse 1K, Sandshamna/Sandsøya 22.august.
Denne årsungen av sildemåse med fargeringkode JY8Z blei ringmerka i Kråkvåg sør på Ørlandet i Sør-Trøndelag den 14.juli 2012. Dette var forståeleg nok det første gjenfunnet av denne måsen etter merking.

Dato             Stad                                                   Koordinatar            Observatørar     Dagar/km/°

14.07 2012 KRÅKVÅG SØR, Ørland, Sør-Trøndelag, Norway 63°38'15"N 009°19'25"E Ring, Hans Einar -
22.08 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 39/248/233

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Ørlandet og Sandshamna er på 248 km.


Ringmerka måsar
I tillegg til å få lest av dei to fargemerka så har eg fått lest av 5 måsar med metallring. Her er litt meir om desse fuglane.

FA20082
Gråmåse 1K (Metallring nr. FA20082), Sandshamna/Sandsøya 20-22.august.
Denne 1K gråmåsen med metallring nr. FA20082 som vart sett på Sandshamna tre forskjellige dagar (20-22.august), vart merka på Valderøya i Møre og Romsdal den 14.juli.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom der den blei merka på Valderøya og
Sandshamna er på 43 km.
                                                                                                                                                                  

 FA17154, FA17159
Gråmåse 1K (Metallring nr. FA17154), Sandshamna/Sandsøya 24.august.
Tidlegare i år så har eg hatt besøk på hamna av to av gråmåsane som har blitt merka i måsekolonien ved Grimstadvatnet på Hareid i Møre og Romsdal. No har eg hatt besøk av totalt fire... Det har nemleg vorte sett to nye årsungar merka på Hareid. Gråmåsen med metallring nr. FA17159 vart sett på Sandshamna den 23.august. Denne vart merka den 7.juli på Hareid. Dagen etter at denne måsen blei sett vart måsen som er avbilda over, nemleg gråmåsen med metallring nr. FA17154 oppdaga det også på hamna. Denne blei merka to dagar seinare på den samme lokaliteten.
Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå kolonien på Hareid og
til Sandshamna på Sandsøya er på ca.30 km.

                                                                                                                                                                 

337561 
Svartbak 7K, Sandshamna/Sandsøya 15. og 24.august
Denne svartbaken med metallring nr. 337561 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) på Flyøya i Tysnes kommune i Hordaland den 17.juli i 2006. Det vil då seie at måsen i dag er litt over 6 år gammal. Den vart først sett på Sandshamna den 15.august. Då lukkast det ikkje å få dokumentert fuglen. Heldigvis så fann eg den igjen på hamna den 24.august, og då fikk eg bilde av måsen. Dette var dei to første gongane måsen har blitt sett etter at den blei merka.
Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Flyøya og Sandshaman er på 241 km.
                                                                                                                                                                 

90A69108 
Gråmåse 5K+, Sandshamna/Sandsøya 22.august.
Denne adulte gråmåsen med metallring nr. 90A69108 er merka ein plass i Sverige. Eg har sendt over informasjonen til Stavanger museum, så om ikkje alt for lenge så får eg forhåpentlegvis vite meir om måsen.


Frå Sandsøya til Hå i Rodaland...
I dag vart svartbaken "JP952" som eg ring- og fargemerka på Leinatangen på Sandsøya den 25.juni sett i Obrestad havn i Hå i Rogaland. Denne måsen vart sist sett på Sandshamna den 16.august. Og no altså 10 dagar seinare så er den 399 km lenger sør i Rogaland.

Her er eit bilde av "JP952".

Svartbak 1K (JP952). Her er den avbilda på Sandshamna den 16.august.

 
Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Sandshamna og Obrestad
havn er på 399 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar