onsdag 22. august 2012

Terner...

Dei to føregåande åra har ternene, altså makrell- og raudnebbterne auka i antall lokalt. Noko som gir forhåpningar om at dei på nytt etablerar seg som ein markant hekkefugl her omkring. I år har framgongen fortsastt, med bra med terner rundt øyane heime. Ja, det var faktktisk 1 par med makrellterner som hekke har ute, ikkje at det er noko særleg å skryte av, men ein kan ta det som eit teikn på at det går den rette vegen. No i det siste har det dukka opp ganske så bra med terner. Då flest makrellterner, men også nokre raudnebbterner. Ein del har også fått ungar, då det er ein del å sjå av sorten. I dag blei det brukt litt tid på å fotografere makrellterneungane som har tilhold på Sandshamna.

Her er nokre bilder...
Ein av årets makrellterneungar tiggar etter mat.

Ein av dei voksne makrellternene med mat, her  i form av ein lyryngel.

Så skal det matast...

Denne makrellterneungen har fått ein skikkeleg sværing for å seie det slik.
Den har nemleg fått ei ganske så stor bergylte. Ein sjeldan gong kan det
faktisk gå gale. Det vil seie at fisken sett seg fast i halsen og ungen daudar.

Samme som på bildet over.

Her er ein årsunge av raudnebbterne for samanlikning.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar