tirsdag 28. august 2012

Grashoppesongarhekking, Voksa 27.08.12

I år har det som tidligare vore nemnt eit svært dårleg år for grashoppesongarane i heile landet. Der Sandsøya og Voksa ikkje har vore noko unntak. Det er nemleg svært mange år sidan det var eit så lavt antall registrert av arten på øyane. Men i dag fikk eg meg ein skikkeleg overraskelse... For på Voksa var der faktisk ein voksen grashoppesongar som bar mat til ungar!! For nokre dagar sidan kom eg over ein årsunge på Voksa. I dag var det forsatt minst ein på plass på den samme staden. Etter å ha funne årsungen i dag så flytta eg meg litt vidare i det samme området for å spele av lyd for å sjå om der var fleire nyskjerrige ungfuglar som dukka opp. Det var det ikkje... I staden så starta ein grashoppesongar å varsle eit stykke unna. Då den kom flygande litt nærmare viste det seg at fuglen bar mat. Ja, utruleg nok så matar den fortsatt ungar no heilt i slutten av august! Sidan det er så seint så må neste dette var snakk om eit kull nr.2.

I følge litteraturen så trekker allerie dei første grashoppesongarane sørover mot vestkysten av Afrika sør for Sahara i starten på august, men ein del blir værande attende så lenge som til slutten av september, også inn i oktober. Men at dei matar ungar så seint som den 27.august kom som ein stor og positiv overraskelse.

Her er eit bilde av dagens ungfugl.
Grashoppesongar 1K, Voksa 27.august.


Andre observasjonar...
Her er noko av det andre som vart sett på dagens runde rundt på øyane:
tårnfalk 1 F-farga (Storevika/Sandsøya)
dvergfalk 1 2K M(?) (Storevika/Sandsøya)
dvergfalk 1 1K (Voksa)
sandlo 4-8 1K (Storevika/Sandsøya)
myrsnipe 8 1K (Storevika/Sandsøya)
gluttsnipe 2 1K (Storevika/Sandsøya)
lappspove 6 1K (Sandsøya)
gråflugesnappar 2+ (Voksa)

Ellers så kan eg no nemne at ein av sandloane som vart sett i Storevika i går var flaggmerka. Den er merka på Giske i løpet av dei to siste vekene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar