onsdag 1. februar 2012

Dvergmåse og grønlandsmåsar, Sandshamna 01.02.12

I dag måtte eg sjølvsagt ut å sjå om dvergmåsen fortsatt var på plass, og dermed prøve å få tatt fleire bilder av fuglen. Etter at eg hadde vore på Sandshamna nesten ein time uten å sjå snurten av dvergmåsen var den plutseleg der... Dermed var det berre å "fyre laus"! Etter litt frå og til så vart den veldig aktiv rett før skumringa, og den var fortsatt på plass i det eg forlet hamna ca. 16.30. Av andre "spennande" måsar så vart det sett 9-10 grønlandsmåsar, derav minst ein ny fugl.  Ellers så er det store håpet at ein rosenmåse, eller ein ismåse skal ta turen til Sandshamna.... Det er no i hvertfall lov å håpe!;)

Her er nokre bilder frå i dag.
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
Nytt ind.

Grønlandsmåse 5K (4.vinter), Sandshamna
Denne måsen (samme fugl som på bildet over) er bestemt til 5K pga. adult-
lik drakt med antydningar til mørkt i nebbet, men det mest framtredande 
som viser at fuglen ikkje er heilt utfarga (adult)er det brulege smusset
på nokre undre vinge og stjertdekkarar! Dette kjem desverre ikkje fram på
desse to bilda....
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar