torsdag 2. februar 2012

Sandshamna 02.02.12

I dag vart dei relativt få måsane som var på Sandshamna nok ein gong nøye sjekka. Det resulterte i
1 ny grønlandsmåse av underarten/typa kumlieni, samt at det vart sett ein fargemerka gråmåse. Ellers så vart ikkje dvergmåsen som har vore stasjonær dei siste par dagane sett. Men forhåpentlegvis er den ikkje alt for langt unna...

Her er eit bilde av dagens nye kumlieni.
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Sandshamna

Ein av dei stasjonære 3k grønlandsmåsane som har vore på Sandshamna sidan den 25.januar har også karakterar som peikar mot typa kumlieni. Og i dag var det endeleg lysforhold som gjorde det slik at det var mogleg å få dokumentert vingeteikningane korrekt. Under kan du sjå eit bilde av måsen. Legg då merke til dei mørke "felta" mot tuppane på dei 2 ytterste handsvingfjørene på begge vingene (P10-P9). Dei står i stor kontrast mot resten av hsf.

Grønlandsmåse ua. kumlieni? 3K (2.vinter), Sandshamna


Andre måsar...
Men det var ikkje berre desse kumlieni-typene som vart sett. Totalt med dei to måsane over vart det i dag sett 8-9 grønlandsmåsar på hamna. Fordelt på 1 2K, 4-5 3K, 1 4K, 1 5K+.

Her er nokre bilder av 2K`en og den fullt utfarga måsen.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna



 
Ein gammal kjenning... 
I dag såg eg også som sagt ein fargemerka gråmåse på hamna. Måsen er merka i Norge, nærmare bestemt på Valderøya. Det er ikkje første gongen eg ser akkurat denne måsen.... Eg såg nemleg akkurat samme fuglen den 10.februar i fjor, også det på hamna. Og i dag nesten ett år etter var den på plass igjen!

Her er ein link til blogginnlegget eg hadde i fjor, med meir info om måsen:
http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/02/sandsyavoksa-8-100211.html

Og her er eit dokumentasjonsbilde av måsen frå i dag.
Gråmåse 9K+ (8.vinter eller eldre), Sandshamna
Merka med fargering JM6K.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar