onsdag 15. februar 2012

Grønlandsmåsar, Sandshamna 14-15.02.12

Dei siste to dagane har eg også brukt ein del tid til å sjå gjennom måsane på Sandshamna. I går var der veldig mykje måsar å sjå, men veiret var heilt forferdeleg for å seie det mildt. Dermed vart det vanskeleg å få sett heilt nøye over "gjengen", i og med at det var umogleg å bruke teleskop i den sterke vinden! Alt i alt så vart det i går sett 2-3 polarmåsar (1-2 2K, 4K), 10-11+ grønlandsmåsar (1-2 2K, 4+ 3K, 3+ 4K, 1 5K, 1+ 5K+) og sist men ikkje minst så var fortsatt den 4K kumlienien på plass.

Under kan du sjå nokre bilder frå i går!
Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Ein av dei minimim 3 4K-fuglane som vart sett i går.
 
Grønlandsmåse 5K (4..vinter), Sandshamna
Ved første augekast ser denne heilt utfarga ut... Men ser ein nærmare etter
så ser ein tydeleg at det er eit brunleg innslag på nokre av dei undre stjert-
dekkarane, samt at når fuglen vart sett i flukt så kunne ein tydeleg sjå brun-
smussing på særleg dei små handdekkarane. Så dermed er ikkje fuglen
heilt utfarga likevel, men derimot i den aller siste "fasen" i utfarginga. Dei
fleste grønlandsmåsane i denne alderen er utfarga, men på nokre så heng
det igjen litt ungfuglkarakterar også som 5K (4.vinter).

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna




I dag
I dag var det mykje ferre måsar å sjå.... Dette skuldast at aktiviteten var på fiskefelta utanfor øyane og ikkje på hamna. For etter ein dag utan moglegheiter for å fiske i går var det perfekt fiskeveir i dag! Men sjølv om antallet med måsar var lite var det fortsatt litt av kvart å sjå. Totalt vart det i dag sett 8+ grønlandsmåsar (1 2K, 5+ 3K,  1 4K, 1 5K+). I tillegg til desse grønlandsmåsane så vart det også sett ein ny mogleg 5K kumlieni!

Her er nokre bilder frå i dag.

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni? 4K+ (3..vinter eller eldre), Sandshamna)
Eit lite teikna individ. Det går ann å så vidt sjå kontrasten på dei ytre, i
forhold til dei indre handsvingfjørene. Dette kan då tyde på at det er ein 
lite markert teikna kumlieni(?). 

Grønlandsmåse ua. kumlieni? 4K+ (3.vinter eller eldre), Sandshamna
Denne måsen er aldersbestemt til ein 5K og ikkje adult (5K+) fordi den har
nokre dekkarar på vinga med brunt smuss i, samt at det fortsatt er litt svart
i gonysflekken og også antydning til mørkt på overnebbet. Nebbteikninga
kjem tydeleg fram på dette bildet. Ellers så er den heilt utfarga i buk og
bryst. Dekkarane på undersida av vingene virkar også heilt utfarga,
det samme gjer stjerten.

Grønlandsmåse ua. kumlieni? 4K (3.vinter eller eldre)
Her kan ein så vidt sjå "J-teikninga" på dei den nest ytterste og 3.ytterste
handsvingfjøra. Det vil seie at dei har "mørkt" utfan heilt mot tuppen av
fjørene, med "mørk" tupp. Dette skapar då ei "J-teikning".  
Alt i alt kan dette då tyde på att dette er ein lite markert og
lyst teikna kumlieni(?).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar