torsdag 23. februar 2012

Fargemerka gråmåse frå Mjøsa... 23.02.12

For ente gong denne vinteren så vart måsane på Sandshamna nøye sjekka. Resultatet frå i dag vart minst
10 grønlandsmåsar, derav 1 2K, 6+ 3K, 1 4K, 2+ 5K+. Men dagens mest spennande måse var ein adult fargemerka gråmåse! Denne måsen vart nemleg den andre fargemerka fuglen som opprinneleg kjem frå området ved Mjøsa. Den forrige fargemerka måsen som stamma frå Mjøsaområdet kan du sjå i det forrige innlegget. Under kan du lese livshistoria til dagens fugl.

Grmåse 10K (9.vinter), Sandshamna
Her er bildet rortert slik at det berre er å lese koda på fargeringen frå
venstre mot høgre. Koda er veldig utydeleg, men på ringen står det J7A8.
Gråmåsen med fargeringkode J7A8 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 16.juni i 2003 på Biri i Gjøvik kommune i Oppland. Det vil då seie at måsen i dag er 10K. Som igjen vil seie at til sommaren blir den 9 år gammal. Etter at måsen vart merka i 2003 hadde den ikkje blitt sett før i dag!

Dato            Sted                                                    Koordinater          Observatører       Dager/km/°

16.06 2003 Fluren, Biri, Gjøvik, Opland, Norway 60°58'23"N 010°36'31"E Fjeldstad, Dag Leonard -
23.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 3174/306/299



Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå Biri og til Sandshamna er på 306 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar