lørdag 25. februar 2012

Kva kan ein forvente for grashoppesongarsesongen 2012...?

Dei to siste vårane og sommrane har det sikkert som mange har fått med seg vore store antall med grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa.... Det starta med at det våren og sommaren 2010 vart observert 15 hannfuglar. Går ein då vidare og oppsummerar fjoråret, altså 2011 så kan ein mildt sagt seie at det var ei god auke.... For i løpet av sesongen var det innom ikkje mindre enn 34 forskjellige hannfuglar på øyane. Dermed auka det frå 15 hannfuglar i 2010 til 34 i 2011. Det vil seie at det auke med godt over det dobbelte!! Så kva skal ein då håpe for årets sesong? Var det ei reell auke, eller var det berre eit eingongstillfelle? Heldigvis er det ikkje så alt for lenge til vi får svaret. For med dei rette veir- og vindforholda så kan nok den første grashoppesongaren vere på plass allereide rundt den 20.april. Men då må det klaffe optimalt. Det vanlege er at songarane så langt nord ikkje dukkar opp før dei siste par dagane av april, og er det ugunstige forhold så dukkar ikkje dei første opp før den første veka av mai har gått! Ein ting er sikkert, tida vil vise... Forhåpentlegvis vil dei første dukke opp ekstremt tidleg. Det er i hvertfall mitt ønske!

Her er linkar til oppsummeringa av grashoppesongarsesongen 2010 og 2011.
2010: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2010/10/grashoppesongarar-pa-sandsya-og-voksa.html
2011: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/09/grashoppesongaroversikt-for-sandsya-og.html

Og for å friske opp korleis desse nydlige skapningane faktisk ser ut, så legg eg inn nokre bilder frå 2011.
MR sin tidlegaste registrerte grashoppesongar gjennom tidene.
Denne satt nemleg og song på Sandsøya så tidleg som den 23.april!
Ein grashoppesongar i sitt rette miljø...
Denne grashoppesongaren kom attende for det andre året på rad, då den
vart funnen på den eksat samme plasse i 2011 som der den vart ringmerka
på i 2010. No har denne i lag med 31 andre grashoppesongarar i løpeat av
dei to siste åra fått påsett metallring og fargering, eller berre metallring.
Så no skal det bli spennande å sjå kor mange av desse som
dukkar opp i 2012.....
Portrett av grashoppesongar på Voksa tidleg i mai.
Grashoppesongarane lever eit liv så og seie uten unntak på bakken, der dei
pilar rundt som mus. Unntaket er når dei syng å skal trekke til seg ei hoe.
Då set dei ofte heilt opent på eit grasstråd eller i ei busk. Dei vil
nemleg opp slik at den karakteristiske songen breir seg vidt utover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar