fredag 3. februar 2012

"Kumlieni" X2, Sandshamna 03.02.12

Ein ny dag med nye måsar.... I dag vart det sett 2 nye grønlandsmåsar av underarten/typa kumlieni på Sandshamna. Ein 3.vinter og ein 4.vinter fugl. Dermed aukar totalen på kumlieniar jamt og trutt. Utanom kumlieniane så vart det sett 8-9 grønlandsmåsar på hamna i dag. Av desse var der 3+ 2K, 4-5 3K, 1 5K+.


Her er meir om dei to kumlieniane.
Ind. 1 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Sandshamna
Denne 4K`en har "mørke" teikningar på dei 5 ytterste handsvingfjørene. (P10-P6) 
 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Sandshamna 

 
Ind. 2
Grønlandsmåse 5K (4.vinter), Sandshamna
Denne 5K`en har teikningar på dei 4 ytterste handsvingfjørene. (P10-P7)
 
Grønlandsmåse 5K (4.vinter), Sandshamna 



Ua. glaucoides
Så nokre bilder av grønlandsmåsar av den grønlandske underarten glaucoides.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Ut i frå størrelsen så må dette vere ein liten hofugl.
 
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Ut i frå størrelsen så må dette vere ein hann.

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Ei lita hoe.



2 kommentarer:

  1. Har denne invasjonen av grønlands-/polarmåse noko å gjere med dei store stormane som var?

    SvarSlett
  2. Hei!

    Det er nok berre grønlandsmåsar det er invasjon av. Talet på polarmåsar ligg på normalen. Kva som er grunnen til dette, det er vel litt vanskeleg å seie... Men dei kraftige lavtrykka/stormane som har vore har nok hjulpet på å få flest mogleg av arten inn langs norskekysten. Men det er nok fleire faktorar som spelar inn her.

    Mvh Ingar

    SvarSlett