onsdag 8. februar 2012

Fargemerka måsar og polarmåsar m.m., Sandshamna 04-08.02.12

Dei siste dagane har det sjølvsagt som vanleg vorte satsa hardt på måseskoding. Og det har gitt resultat. I går (7.februar) var der veldig bra med måsar på Sandshamna. Etter å ha jobba med måsane i over 4 timar hadde eg funne og avlest 3 forskjellige fargemerka måsar. 1 engelskmerka gråmåse, 1 engelskmerka svartbak og 1 norskmerka gråmåse! Dei fargmeka måsane kan du lese meir om nederst i innlegget!

Polarmåsar
Dei siste dagane har det så smått starta å dukke opp polarmåsar også... Den 4.februar vart det sett 1 4K, medan det i dag (8.februar) vart sett 2 individ. 1 5K og 1 5K+. 5K måsen frå i dag ser ved første augekast utfarga ut bortsett frå den mørke gonysflekken. Men etter å ha studert bilda nærmare så viser det seg at der er nokre yngre karakterar som "skin" i gjennom også i fjørdrakta. Den har nemleg brunsmussing i nokre få av dei undre arm- og handdekkarane, i nokre få av dei små armdekkarane, så vidt i tærtierane, på dei undre stjertdekkarane, og på ei av stjertfjørene. Vidare så har nebbet som nemnt over mørk gonysflekk, og ein kan også skimte at der er ein mørk "skugge" på overnebbet. Desse karakterane kan ein nok finne på dei mest utfarga 4K-fuglane(?). Men alt i alt er det nok ein 5K-fugl og ikkje ein 4K, i og med at det er så lite som faktisk "heng igjen" av ungfuglkarakterar i fjørdrakta.... I felt gir fuglen eit adult preg bortsett frå nebbet.

Her er nokre bilder av to forskjellige fuglane.
Polarmåse 5K (4.vinter), Sandshamna 8.februar
 
Polarmåse 5K (4.vinter), Sandshamna 8.februar

Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamna 8.februar
 
Polarmåse 5K+ (adult), Sandshamna 8.februar



Grønlands.....
Utanom dei fargemerka måsane og polarmåsane så er det fortsatt fleire grønlandsmåsar på hamna. Dei siste dagane har det variert mellom 3-4 til 12+ ind. Blandt desse er fortsatt den 4K kumlienien som vart oppdaga den 3.februar på plass. Det har også vorte sett nokre nye ind. som ikkje har vore på Sandshamna før.

Her er eit bilde av ein av dei nye fuglane, samt eit bilde av den stasjonære kumlienien!
Grønlandsmåse 4K (3.vinter), Sandshamna
Denne vart oppdaga den 4. februar, og den var fortsatt på plass i dag.


Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Sandshamna
Denne har vore stasjonær sidan den 3. februar. (Dette bidet er tatt i dag)



Fargemerka måsar
Som nemnt tidligare i innlegget så vart det sett 3 fargemerka måsar på hamna i går. Her er meir om desse fuglane.

Ind. 1
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Gråmåsen som er avbilda over er ein engelskmerka gråmåse som høyrer til merkeprosjektet til FERA (UK Food and Environment Research Agency). Dermed er dette den 3. fuglen eg har hatt frå dette prosjektet så langt denne vinteren! Denne fuglen er merka med fargering 0913. (9-talet er delvis slitt vekk) Eg har sendt over informasjonenen om måsen til dei som leiar prosjektet, men eg ventar fortsatt på svar. Eg ventar også på svar på måsen som eg såg den 31.januar.

Ind. 2
Svartbak 5K+ (adult), Sandshamna

Svartbaken over er også merka i England. Men denne tilhøyrer eit anna fargemerkingsprosjekt. Denne er nemleg merka av North Thames Gull Group. Dei held til eit lite stykke nordaust for London. Eg har funne fleire fuglar frå dette prosjektet før. Den forrige eg såg, også det på Sandshamna var den 17.november i 2011. Svartbaken er merka med fargering DF3T. Eg har også sendt informasjonen om denne måsen til leiaren av prosjektet, og forventar å få tilbakemelding relativt kjapt!


Ind.3
Gråmåse 9K (8.vinter), Sandshamna
Merka med fargering JN8M.

Gråmåsen JN8M er ein gråmåse som vart merka som ein reirunge (pullus) i Farsund i juli 2004. Etter dette har den blitt sett fleire gongar. Ja, faktisk er dette 2. gongen den har vorte sett på hamna. Den vart nemleg sett der den 26.februar i fjor. (2011) Faktisk satt den på samme skjæret!! Sidan den vart sett i fjor har den blitt sett eit par gongar.... Dette kan du lese meir om i den fyldeige funnhistoria under.

Dato       Stad                                            Koordinatar                       Observatørar         Dagar/km/°

08.07 2004 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn -
13.06 2006 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Lorentzen, Nils Helge 705/8/75
08.05 2008 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Jørgensen, Finn 1400/8/75
11.05 2008 Steinsviga, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'49"N 006°37'27"E Olsen, Knut Sigbjørn 1403/4/311
08.06 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn 2161/0/0
02.08 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Bentsen, Thomas Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Olsen, Knut Sigbjørn 2216/0/0
26.02 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 2424/471/352
19.06 2011 Østhasselstrand, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'26"N 006°38'58"E Berntsen, Marton 2537/2/324
28.12 2011 Gismerøya, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°00'52"N 007°28'37"E Jørgensen, Finn
Wiblemo-Jørgensen, Gordon 2729/48/95
07.02 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 2770/471/352

  
Bilder av måsen
Her er også ein link til eit bilde som er tatt av måsen i Farsund i Vest-Agder i juni.

Og ein link til eit bilde av samme fuglen avbilda i Mandal rett før nyttår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar