fredag 10. februar 2012

Sandshamna 09-10.02.12

I går var det veldig bra med måsar på Sandshamna. Dette skuldast at måsane fulgte fiskebåtane inn frå havet utanfor øyane. Der silda no befinn seg. I dag var det derimot lite aktivitet og dermed litt ferre måsar... Men desverre har vinden øydelagt litt for skådinga. Måsane har veldig lett for å ta på vingenen i vinden, og er dei først på vingene så kan det ta si tid før dei eventuelt landar igjen... Ein anna ting er at det å "skope" på måsane i vinden er så og seie umogleg, og utan teleskopet er ein nesten heilt hjelpeslaus i hvertfall når det blir store avstandar! Riktig nok så tregst det ikkje teleskop for å plukke ut ein kvitmåse.... Men så er det vel egentelg endå større "raritetar" som står på ønskelista, raritetar som må sjåast og dokumenterast skikkeleg!

Men det har no blitt sett litt måsar sjølv om forholda ikkje har vore optimale. I går dukka det opp ein ny 5K+(adult) grønlandsmåse av typen/underarten kumlieni på hamna. Denne gongen av den minst teikna sorten med berre mørke pigment på utafan på dei indre delane av dei to ytterste handsvingfjørene (P10-P9). Desse "teikningane" står i kontrast mot fargane i resten av vinga.

Her er eit bilde av kumlienien, og eit bilde av ein grønlandsk glaucoides for samanlikning under der igjen.

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. glaucoides 5K+ (adult), Sandshamna


Utanom den nye kumlienien var fortsatt den stasjonære 4K kumlienien som har vore på plass sidan 3.februar å sjå i dag. Ellers så har antallet med grønlands variert frå 10-12 i går til 8+ ind. i dag.

2 kommentarer:

  1. Jeg må bare få skryte litt av headingen på bloggen din: Glimrende! Slenger meg på som følger :-)

    SvarSlett
  2. Takk så mykje for det!;)Alltid kjekt med ein ny følgar...:)

    Mvh Ingar

    SvarSlett