tirsdag 30. mars 2010

Sandsøya/Voksa 30.03.10

En nydelig vårdag på øyane. Og mykje aktivitet blandt fuglane.

Her er eit lite utvalg av dagens observasjonar:
dvergdykkar 2
kortnebbgås 1
sanglerke 10
snøspurvar 50-60 (same flokka som i går)
vipe 10
sivspurv 1 (årets første)
heilo 1+ (høyrd)
sildemåse 1
brunnakke 7
krikkand 15
sangsvane 8 (1 2k)

Her er nokre bilder frå i dag! (Kortnebbgås(fuglen lengst t.v.), snøspurv, sivspurv og sildemåse)


mandag 29. mars 2010

Sandsøya/Voska 29.03.10

Her er litt fuglenytt frå øyane i dag.

snøspurvar 50-60 (flokk)
sanglerke 6+
kaie 2
polarmåse x gråmåse hybrid 1 2k(1.vinter)

Ellers så vart årets 2 første steinskvettar sett den 27.mars, og i dag hadde det komt ein god del fiskemåsar.

Nokre bilder får dei siste dagane.
snøspurv (flokk)

krykkje

kaier


torsdag 25. mars 2010

Fuglenytt 23-25.03.10

Ikkje mykje å fortelle om desse dagane. Men endeleg har svarttrosten starta å synge igjen! Ellers så har fleire grågjess komt, samt nokre viper og sildemåsar. Og om ei veke eller to har nok fiskemåsen også komt for fullt. Då er det skikkeleg vår! Det er heller ikkje  mange vekene til alle songarane kjem. Så det er mykje å sjå framt til enten du jaktar på sjeldenheiter, eller berre ventar på sol og sommar.

Under er nokre bilder frå dei siste dagane. Det vert desverre litt mange måsebilder, men snart er det nok mykje anna å ta bilder av!;) (vandrefalk, polarmåse x gråmåse hybrid, sildemåse, gråmåse og krykkje)



mandag 22. mars 2010

Voksa 22.03.10

Lite nytt! Gikk over markane på Voksa, men der var det lite å sjå. 5 viper, 9 sanglerker og nokre få sangsvaner var det heile. Såg også over dykkarane/lommane mellom øyane. 2 gråsrupedykkarar, 1 horndykkar og 2+ islommar var alt. Det er sjelden det er eit så lite antall. På Sandsøya var det også fint lite å sjå. Fortsatt bra med måsar, men ingen spennande.

Legg også ut nokre bilder av vipe, tjeld og skjærpiplerke.



lørdag 20. mars 2010

Sandsøya/Voksa 20.03.10

I dag var det eit skikkeleg drittveir, men litt fuglar var det fortsatt å sjå.

sildemåse ua. fuscus 1 5k+(ad.)
horndykkar 3
gråstrupedykkar 6
dvergdykkar 1
islom 1
grågås 6
sangsvane 44 (9 2k)
grønlandsmåse 1 2k

Bilde av grønlandsmåsen under.

















Her er eit bilde med litt sommarstemning.

grashoppesongar, Sandsøya 2008



torsdag 18. mars 2010

Sandsøya/Voksa 17-18.03.10

Litt fuglenytt og nokre bilder frå dei siste par dagane.

grønlandsmåse 2-3 2k(1.vinter)
polarmåse x gråmåse hybrid 1 5k (fortsatt)
grågås 1 (første i år)
heilo 2 (tidleg)


Her er eit par bilder!
stare

heilo


mandag 15. mars 2010

Stillits på Marøya 15.03.10

Stillitsane vart sett på nytt i dag, denne gongen på Marøya. Då har dei vore i området i over 3 veker. Ellers så er det lite og snakke om, visst ein ser vekk frå måsane. Måsenytt kan du lese under!

grønlandsmåse 3 (2 2k(1.vinter) og 5k+(4.vinter eller eldre)
polarmåse x gråmåse hybrid 1 5k(4.vinter) fortsatt på plass.

Under kan du sjå bilder frå i dag!
Stillits

Stillits

Grønlandsmåse 2K

Grønlandsmåse 2K


Grønlandsmåse 2K
Grønlandsmåse 5K+/4.vinter eller eldre
Polarmåse x gråmåse hybrid 5K/4.vinter

lørdag 13. mars 2010

Sandshamna 13.03.10

Litt fuglenytt/bilder:
grønlandsmåse 2K (1.vinter)

grønlandsmåse 3K (2. vinter) lengst t.v.

grønlandsmåse 3K

polarmåse x gråmåse hybrid 5K (4.vinter)

sildemåse ua. intermedius 5K+ (4.vinter eller eldre)

sildemåse ua. intermedius 5K+ (4.vinter eller eldre)

Sandshamna 12.03.10

Nok en bra dag med måsar på Sandshamna.

polarmåsar 2 (2k og 4k)
grønlandsmåse 1 (2k)
polarmåsex gråmåse hybrid 1 (5k)

Sjå bilder under av desse: (øverst til nederst: polarmåse x gråmåse x2, polarmåse 4k og polarmåse 2k)



fredag 12. mars 2010

Sandshamna 11.03.10

Måsen under vart først antatt å vere ein grønlandsmåse av underarten kumlieni. (Hekkar i NV-Kanada). Men etter å ha sett den i felt/studert bilder. I tillegg til tilbakemelding på fuglen, er nok denne måsen snakk om ein hybrid mellom polarmåse og gråmåse. Alderen på fuglen er 5k(4.vinter).

polarmåse x gråmåse hyb. 5K (4.vinter)




















Litt anna fuglenytt frå øyane:
grønlandsmåse 1 3k(2.vinter) (nytt ind!)
gråstrupedykkar 6
horndykkar 3
kongeørn 1 2k

Under er nokre bilder av grønlandsmåsen!
grønlandsmåse 3k (2.vinter)

grønlandsmåse 3K (2.vinter)

grønlandsmåse 3K (2.vinter)





Her er eit videoklipp av grønlandsmåsen!

onsdag 10. mars 2010

Fuglenytt frå Sandsøya/Voksa 9-10.03.10

Då var tjelden på plass! Ellers så kan eg nemne at nokre få viper og gravender også har komt. Litt anna nytt kan du sjå nedanfor.

9.mars:
grønlandsmåse 1 (2k)
sanglerke 1
sangsvaner 61+

10 mars:
grønlandsmåke 2 (2k og 4k)

Under kan du sjå bilder av ein lucistisk gråmåse, grønlandsmåse(4k) og grønlandsmåse(2k).

mandag 8. mars 2010

Sandsøya og Voksa 08.03.10

Etter ei stund med lite fuglar har det tatt seg opp dei siste par dagane. Måsane har komt inn frå havet, og sidan snøven har smelta er det også meir og hente på markane rundt omkring. Det som var verdt og merke seg i dag var:

sædgås 2 (ua. fabalis og mulig rossicus) underarten fabalis finn vi hos oss i nordland/finnmark medan ua. rossicus hekkar i NØ-sibir. 
vipe 2
grønlandsmåse 1 (2k)

Under kan du sjå bilder av sædgås, vipe, grønlandsmåse og krykkjer.