Viser innlegg med etiketten sidensvans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sidensvans. Vis alle innlegg

mandag 29. oktober 2012

Sidensvans

I det siste har det dukka opp ein del sidensvans på øyane. I dag var det fleire hundre ind. i sjå rundt omkring. Det er også ein god del trostar å sjå. Mat har dei nok av, for det er nemleg nok rognebær å ta av enn så lenge.

Her er nokre bilder av sidensvans frå i dag.









Nok ein gråmåse på Bergenstur...
I føregårs (27.okt) dukka ein av gråmåsane (J4729) som eg ring- og fargemerka på Runde i sommar opp i Byparken i Bergen. Dette blei då den andre årsungen merka på Runde som har blitt sett der i år.

Her er er ein link til eit bilde av "J4729" avbilda i Byparken.
http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=22917&VisF=ON&XIF=ON

I går (28.okt) vart den samme måsen sett i Tveitevatnet i Bergen kommune nokre kilometer lenger sør/søraust. Så kanskje blir den verande der ei stund..?

onsdag 20. oktober 2010

Sandsøya/Voksa 19-20.10.10

Etter ei veke utan skåding har det vorte eit par turar ut dei to siste dagane. I går var det ganske daudt, og lite fugl å sjå. Men dette hadde nok noko med det dårlege veiret å gjere. Men i dag var veiret mykje bedre, og det var også mykje fugl på farta. Store flokkar med gråtrost og raudvingetrost, samt flokkar med gråsisik, bokfink og bjørkefink var å sjå på øyane.


Andre observasjonar frå desse to dagane.

Voksevegen/Marøya/Voksa:
sjøorre 5
svartand 5
dvergdykkar 2
heilo 13 (19.okt) + 9 (20.okt)
kvartbekkasin 2
rugde 1
vipe 2
sanglerke 4-6
lappspurv 1
dompap høyrd
sidensvans 27+

Sandsøya:
svartstrupe 2
kaie 1



sidensvans
sidensvans
kaie

torsdag 29. april 2010

Sandsøya/Voksa 29.04.10

Ikkje alt for mykje spennande den siste veka. Mange låvesvaler har komt og løvsongaren har starta å synge. Det har også komt nokre sandsvaler. Desse holdt til i lag med låvesvalene. Litt nytt frå i dag kan du sjå under.

svartryggerle 1 2k hann
heilo + ind (har vore oppe i ca. 40 ind. dei siste dagane)
sangsvane 2 (ad og 2k)
islom 1
gråstrupedykkar 1
alke 4+
lomvi 1
sidensvans 1
tornirisk 25+ (ca. antall på øyane)

Bilder frå i dag!

Svartryggerle 2K M

Sidensvans

Sangsvane 2K