I dag starta eg so snart det vart lyst med sjøfuglskåding frå Hellandsvågene på Sandsøya. Det har ikkje vorte sett so mykje etter "havsfugl" so longt i år. Har nemleg venta på sterk pålandsvind slik at fuglane kjem nærmare land enn dei vanlegvis gjer... Og i dag var det om ikkje anna motvind for dei trekkande sjøfuglane.
Her er det som vart sett frå kl. 08.00 til 11.20. grålire 3 pts kl.10.20
svartand 68 pts + 1 ptn
ub. lom 9 pts
smålom 32 pts + 1 ptn polarjo 1 1K pts
tyvjo 1 pts
ub. jo 1 pts
Ellers vart det også sett fleire småflokkar med vadarar på trekk sør. (På trekk sør = pts)
Storeviksanden
Etter at eg var ferdig med å speide utover havet vart det ein tur på Storeviksanden. Dette vart i hovudsak ei fotorunde...
Her er det som vart sett på Sanden i dag.
sandlo 60+
vipe 2
polarsnipe 3+ 2 1K+ad.
myrsnipe 120+
tundrasnipe 10+ 1K
dvergsnipe 11+ 1K
gluttsnipe 1+ 1K
lappspove 12+ 1K
I år ser grashoppesongarae til å dukke opp ein etter ein! I natt/tidleg morgon oppdaga eg 3 nye grashoppesongarar. Dermed er totalen i år på ikkje mindre enn 23 ind.(min.). I natt og dag tidleg satt det nemleg ein ny songar og song på Voksa! Denne songaren var litt spesiell (BILDE NR1/2). Nebbfargen er nemleg lik årsungane, men kan det vekeleg vere ein årsunge som har starta å synge allereie? Eg har i hvert fall ikkje sett ein voksen fugl med ein slik nebbfarge nokon gong! Uansett vart dette då grashoppesongar nr.21. Fann nemleg ut etter å ha studert nærmare på bilder av ein av songarane som vart ringmerka på Sandsøya den 11.juli at det som eg trudde berre var snakk om eit gjennfunn faktisk var snakk eit nytt ind. Dermed var totalen 20 og ikkje 19 fuglar som eg skreiv i forrige innlegg. Etter dette sjekka eg plassen der eg fann 2 ungar for ei veke sidan. Der fann eg då 2 nye fuglar (nr.22. og 23) (BILDE NR 3 og 4). Så det er vel på sin plass og seie at grashoppesongaren har hatt eit bra år på øyane.
Her er eit videoklipp av ein syngande grashoppesongar!
Nr. 1
Nr, 2
Nr.3
Nr.4
Her er nokre fleire observasjonar som blei gjort denne dagen.