torsdag 30. september 2010

Vandrefalk

I dag fikk Alv Ottar Folkestad ein telefon om ein skadd rovfugl på Åram. Vidare spurde han om eg kunne hente fuglen og bringe den til han. Dermed vart turen lagt til Åram. Rovfuglen det var snakk om var ein ung vandrefalk. Falken hadde skada venstre vinga, den var også veldig tynn. Den har dermed ikkje hatt det lett dei første månadane av livet sitt. No er den i pleie hos AOF, og forhåpentleg vis blir det ikkje lenge før den flyg igjen........

Her er nokre bilder av denne fantastiske fuglen!



onsdag 29. september 2010

Trekrypar m.m Sandsøya/Voksa 29.09.10

I dag saumfarte eg kvart eit einaste tre på Sandsøya. (I hvert fall nesten) Etter å ha gjort det vart det ein tur på Voksa for å "trakke" litt over markane. Men desverre vart det inga "bombe" i dag heller. Men, men den nærmar seg.......
Først på dagen var det faktisk ganske bra med fugl på Sandsøya, men til kvelden på Voksa var det veldig daudt.

Her er nokre obsar frå øyane i dag.

Sandsøya:
dompap 1+ høyrd
ub. snø-/lappspurv 1 høyrd (overflyg.)
lappspurv 9 (flokk)
svartkvit flugesnappar 1
trekrypar 3
skogsnipe 1 høyrd (overflyg.)
tundralo 1 høyrd
spurvehauk 1 ad F

Voksa:
myrsnipe 1
heilo 9+
tundralo 1 høyrd
brusfugl 3
kvartbekkasin 1 (årets 4.)


Her er eit par bilder av ein trekrypar.

tirsdag 28. september 2010

Svinøya 28.09.10

I dag var eg så heldig at eg fikk ta meg ein tur på Svinøya. Dette er berre min 3. tur til denne fantastiske øya. Svinøya ligg ca. i mil til havs frå Skorpa (noko lenger frå Sandsøya). Og ein skal leite langt for å finne ein meir idyllisk plass!

Under hausttrekket er det heilt sikkert ein god del uvanleg og/eller sjeldne fuglar som raster der ute i havgapet. På dagens tur vart det blandt anna sett minst to tartarpiplerker. Denne fuglen er ein haustgjest. Då på trekk frå Sibir. I fjor hadde eg ikkje mindre enn 6. ind. på Voksa. Så dei blir vel snart og finne der i år også!

Andre obasar frå svinøya:
tartarpiplerke 2+
bergirisk ++ ind.
buskskvett 1 ad. M
lappspurv 1-2
snøspurv 1
sivspurv 1
enkeltbekkasin 1
brushane 1


Her er nokre bilder frå dagens tur.         
.
tartarpiplerke (samme ind.)

havsvale pull
havsvale pull
havsvale pull
havsvale pull

tirsdag 21. september 2010

Ona 20-21.09.10

Søndag bestemte eg meg for at no var det på tide og ta seg ein tur på Ona. Det var nemleg sett dvergspurv der. Dvergspurven er ikkje ein vanleg fugl på desse kantar. I Norge er den berre påvist hekkande i Finnmark. Fuglane som blir sett på sør-trekken langs kysten om hausten er då fuglar frå Sibir. Det er ikkje kvart år fuglen blir sett i fylket. Det er minst to år sidan det sist vart sett dvergspurv i MR, og då som no på Ona. Ellers vart det sett fleire polarsisikar av underarten hornemanni. Denne kjem då heilt frå grønland, og er dermed svært sjelden i Norge.

Ellers så vart det gjort ei gedigen tabbe!:( Nemlig å ta vierspurv for dvergspurv. Det var nemleg ikkje berre dvergspurv som for rundt på Ona desse to dagane! Det var i hvertfall minst 2 vierspurvar. Den eine holdt til i lag med ein dvergspurv, medan den andre holdt seg mest for seg sjølv. Men dette var som sagt ei tabbe som umogleg kan overgåast...

Her nokre av observasjonane frå Ona: (20-21 september)
dvergspurv 1-2+
vierspurv 2
polarsisik ua. hornemanni 4-5
gulbrynsongar 1
trepiplerke 2
gråflugesnappar 2-3
lappspurv ca.10
snøspurv 3

Bilder frå Ona!

dvergspurv
vierspurv 1K (ind.1)

vierspurv 1K ( ind.2)

polarsisik ua. hornemanni (dokumentasjonsbilde)
 
Solnedgang sett frå Ona-fyr
 
Etter at eg kom heim igjen i 17.00 tida vart det tid til litt skåding på Voksa. Dette resulterte då i ein ekstremt tidleg polarmåse. Måsen er ein årsunge(1K).

Polarmåse 1K

lørdag 18. september 2010

Stadt og Voksa 17-18.09.10

I dag vart det en tur på Voksa for å sjå om det kanskje kunne vere noko spennande å sjå. Det mest spennande i dag kan vel seiast å vere kortnebbgås og kvartbekkasin. Ellers så var det bra med tundralo som rasta på markane.

Dagens obsar frå Voksa!
kortnebbgås 1 1K
dvergsnipe 3 1K
tundrasnipe 2 1K
myrsnipe 9+
brusfugl 8+
heilo 27+
tundralo 5-6+
kvartbekkasin 2 (årets 2. og 3.)

Her er bilder av ei av dvergsnipene og kortnebbgåsa.
Dvergsnipe 1K, Voksa
Kortnebbgås 1K, Voksa







Stadt

Utsikta frå der eg sat.
Buholmen ser du lengst vekk.

I går vart det ein tur på Stadt for å sjå havfugl. Målet var sjølvsagt å få sett ei sjelden lire eller noko anna snacks. Men det vart ikkje mange lirene for å seie det mildt. Berre ei grålire vart sett trekkande forbi på dei 6,5 timane eg sat og såg utover havet. Men til gjengjeld vart det sett ekstremt mange lommar. Over 1000 totalt. Dette var då i huvudsak smålom, men det vart også sett gulnebblom.




Her er observasjonane som blei gjort mellom 07.24 og 14.48!
ub. smålom/storlom 281 ptS
smålom 723 ptS
gulnebblom 4 ptS
ub.islom/gulnebblom 2 ptS
ringgås 139+ ptS (fordelt på 11 flokkar)
kvitkinngås 3 (i flokk med 5 ringgjess)
svartand 44 ptS
sjøorre 11 ptS
storjo 10 ptS
ub. jo 1 ptS
havhest 5 ptS
grålire 1 ptS

(ptS = på trekk sør)

torsdag 16. september 2010

Havfuglskåding, Sandsøya 16.09.10

For tida er det fantastisk veir for å sjå på havfugl. Dette pga. att når det blir motvind eller pålandsvind kjem fuglane nærmare land enn dei ellers ville gjort. Er det fint veir trekker dei lenger til havs. Og er du då heldig å sjå dei så er det ofte så langt hold at det ikkje er mogelg å artsbestemme dei.
I dag var det ein del ringgås som trakk sørover. Også nokre lommar og ei grålire.


Her ser du ei flokk ringgjess på trekk sørover!



Dagens observasjonar:
ringgås 1185+ ptS (Totalt 18 flokkar)
grålire 1 ptS
ub.lom 74 ptS
smålom 5 ptS
storjo 2 ptS
teist 1 ptS
svartand 17 ptS
tjeld 51+ ptS


I går måtte ein voksen gråmåse avlivast etter nærkontakt med det som truleg var ein vandrefalk. Den hadde nemleg fått delvis avriven ein ein fot og eit sår i venstre vinge. I dag på nesten samme plassen hadde vandrefalken tatt nok ein gråmåse, og denne gongen hadde den greid å ta livet av den.





Her er eit videoklipp av vandrefalken!

tirsdag 14. september 2010

Havfuglskåding, Sandsøya 13-14.09.10


Her er utsikta frå der eg sit å ser på dei trekkande fuglane.
Det er mogleg å skimte Svinøya i det fjerne.

Dei site par dagane har eg berre satsa på havfuglskåding. Dette har gitt artar som ringgås, grålire og polarjo for å nevne nokre av dei mest spennande. Ellers så er det bra med lommar på trekk sørover. Dette er i hovudsak snakk om smålom, men det er også artar som storlom, gulnebblom og islom.











13.sep:
Sandsøya (havfuglskåding) kl.07.05.13.05
grålire 21 ptS
lommmar 50 ptS (flesteparten ubestemt pga. langt hold)
ringgås 45(+) + 5 ptS
svartand 4 ptS
lappspove 2 ptS

14.sep:
Sandsøya (havfuglskåding) kl.16.26-18.36
grålire 6 ptS
lommar 91 ptS (Flesteparten ubestemt pga. langt hold)
tyvjo 2 ad ptS
polarjo 1 ad. ptS (årets 1.)




fredag 10. september 2010

Havsvale, Erkna 10.09.10

I dag var eg med på Erkna og merka havsvale. Vi merka i alt 9 ungar og ein voksen fugl.
Dei fleste ungane var 2-3 veker gamle. Havsvala har lang ruge- og reirtid, og dei fleste ungane forlet ikkje reiret før i slutten av oktober til starten på november. Då er har dei fullt utvikla fjørdrakt og dermed fullt flygedyktige.
Desse fuglane er ikkje akurat veldig tunge. Vekta på ungane i dag varierte frå 20-38 gram. Ein voksen fugl har ei gjennomsnittsvekt på 25 gram.

Her er eit videoklipp av ein havsvaleunge!



Andre observasjonar frå Erkna:
lappspurv 15+
steinskvett 2-3
strandsnipe 1
polarsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K

Nokre bilder frå Erkna!

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale pull

Havsvale (ad.)

Lappspurv

torsdag 9. september 2010

Sandsøya/Voksa 08.09.10

Etter to dagar uten noko særleg skåding var det deilig kome seg ut å nyte det fine veiret! Ikkje alt for mykje småfuglar å sjå, men vadarar var det ein del av.

Obsar frå dei to siste dagane:

Sandsøya :
8.sep:
dvergsnipe 1 1K
sandløpar 1 1K
myrsnipe +
sadlo ++

9.sep:
heilo 1-2
lappspurv 1 (høyrd)
dvergsnipe 7 1K
tundrasnipe 1K
sandlo 70+
myrnsipe 20+

Voksa:
9.sep:
heilo 20-30 (flokk)
brusfugl 3-4

Bilder av 1K dvergsnipe frå i dag.





mandag 6. september 2010

Tornskate m.m. 06.09.10

I dag vart det ei skikkeleg runde rundt på øyane. Og dagens godbit vart Sandsøya si første tornskate. (I 2008 vart det sett ei på Voksa) Ellers så var det ikkje all verden å rope hurra over, men eg får vel snart "skikkeleg" lønn for strevet.......

Her nokre andre obsar frå øyane i dag:

Sandsøya:
svartstrupe 9+ (fleste 1K fuglar)
buskskvett 2 (ad+1K)
tårnfalk 1 (ad. F/1K)
gråflugesnappar 1
sandlo ++
gluttsnipe 1
Voksa:
lappspove 1 1K
storlom 1 (på plass sidan 1.sep)

Bilder frå i dag!
Tornskate F


Storlom
 

 
Lappspove 1K

lørdag 4. september 2010

Sandsøya/Voksa 04.09.10

I dag sjekka eg vadarane på Sandsøya, i tillegg til å sjå nøye etter songarar og rikser på Voksa. På vadarfronten var det ikkje så aller verst. Mange lappspover, nokre få dvergsniper og ikkje minst høstens 2. svarthalespove! På Voksa såg eg minst 2 grashoppesongarar. Ein av desse er ny. Dermed minimum 25 forskjellige ind. på øyane i år! Fikk desverre ikkje fotos av denne........

Dagens obsar:

Sandsøya:
lappspove 10+ 1K (Ei av desse vart tatt av Vandrefalk)
svarthalespove 1 1K
gluttsnipe 1-2
skogsnipe 1
dvergsnipe 2-3
myrsnipe 15-20
sandlo 30+

Voksa:
brusfugl 7
grashoppesongar 2 (begge fuglane truleg 1K)
sivsongar 10+ (fleste 1K-fuglar)

Her er nokre bilder av spovene frå i dag!
Lappspove 1K

Lappsover 1K

Svarthalespove 1K

Svarthalespove 1K


 



 

 


 

onsdag 1. september 2010

Myrrikse og åkerrikse m.m. 01.09.10

Det vart ein bra start på hausten 2010. I dag vart min fugleart nr. 196 på Sandsøya og Voksa sett. Dette var då ei myrrikse på Voksa. Fuglen vart sett kort når den flaug opp. Før denne såg eg også ei åkerrikse. Ellers så er det fortsatt nokre grashoppesongarar på plass. I dag var det 2-3 ind. på Voksa.

Symjande vandrefalk
I dag kom eg over ein ung vandrefalk som "slo" ein fiskemåse. Etter å ha tatt livet av fiskemåsen holdt den på ei stund å prøve og flyge med seg måsen til land. Men etter å ha holdt på i ca. 10 minutt vart konklusjonen at måsen var for tung. Så då var det berre ein ting å gjere! Nemleg å symje måsen i land. Og som sagt, så gjort! Etter å ha svømt dei siste 70-80 metera til land var det berre å nyte eit herleg måltid.

Her er eit bilde(er) av vandrefalken!