Viser innlegg med etiketten grønnstilk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grønnstilk. Vis alle innlegg

tirsdag 16. august 2011

Grashoppesongarungar m.m. 16.08.11

I dag vart det endelig ei skikkeleg runde rundt på øyane. Og det var no ikkje heilt fritt for fuglar heller...

Grashoppesongarungar
Når eg var på Voksa sjekka eg opp fleire plassar der eg veit det har vore grashoppesongarhekking i år. Det resulterete i at eg fann ungar på to av lokalitetane! Det var 4-5 ungar på den eine, og 3-4 ungar på den andre lokaliteten.

Her er nokre bilder av eit par av ungane.
Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.1)

Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.1)
Grashoppesongar 1K, Voksa (ind.nr.2)

Andre observasjonar..
Av andre artar som vart sett var temmincksnipe, grønnstilk, dvergfalk, for å nevne noko.

Her er eit par bilder av dvergfalk og grønnstilk!
Dvergfalkar 1K, Voksevegen
Grønnstilk 1K (t.v). og brushane 1K (t.h.) på Storeviksanden/Sandsøya


Her er det andre som vart sett.
spurvehauk 1 1K (Sandsøya)
heilo 6 (Voksa/Sandsøya)
sandlo 35-40+ (Voksa og Sandsøya)
myrsnipe 5+ (Sandsøya/Voksa)
tundrasnipe 2 1K (Storeviksanden på Sandsøya)
polarnsipe 6 ad. (Voksa)
temmincksnipe 3+ (Voksa)
dvergsnipe 1 1K (Storeviksanden på Sandsøya)
gluttsnipe 10+ (Sandsøya/Voksa)
brushane 3+ 1K (Voksa og Sandsøya)
småspove 1 (Voksa)

søndag 24. april 2011

Grashoppesongar, trane og grønnstilk m.m. 24.04.11

I går (23.april) satt årets første grashoppesongar å song på Sandsøya. Dette er så vidt eg veit det tidlegaste funnet av grashoppesongar i MR gjennom tidene! I Norge i år er det faktisk ikkje rapportert ein einaste grashoppesongar nord for Rogaland. Bortsett frå denne då. Grashoppesongaren vart i dag lokalisert å dokumentert med bilder. Visst den held seg på same plass vil den få metall- og fargering i starten av mai.

Her er "dokumentasjonsbilda" av songaren.
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya

Trane, grønnstilk og stjetand m.m.
Men det var meir interessant å sjå i dag. Det vart nemeleg sett sett trane, grønnstilk og stjertand på Voksa. Og på Sandshamna vart årets 5.grønlandsmåse sett. Den fikk eg desverre ikkje dokumentert.

Trane, Voksa
Trane, Voksa
Grønnstilk, Voksa
Her er eit dokumentasjonsbilde av ei av dei to stjertendene på Voksa i dag.
På bildet ser du hannfuglen. I lag med den var der ei hoe.


I tillegg til desse vart dette sett:
heilo 150+ (Voksa)
sivspurv 6+ (Sandsøya/Voksa)
lappspurv 1 F (Voksa)
grønlandsmåse 1 2K (Sandshamna)