torsdag 31. mai 2012

Nattsongarar på Sandsøya/Voksa 25-31.05.12

Dei siste dagane har eg ikkje hatt særleg tid til å satse i felten heime på øyane. Eg har nemleg vore opptatt med feltarbeid på Runde, samt på havørnprosjektet. Men eg har vore heime om nettene og då har det vorte lytta så og seie kvar natt. Riktignok så har eg vel nesten lytta etter ingenting... Det er nemleg svært lite som syng når det er nordaving og berre ei 5-7 grader om natta. Og ikkje er det noko særleg trekkveir heller, med fleire netter med kald nordavind. Så ein må nok ta til takke med det vesle som har komt til no, enn så lenge. Så får vi berre håpe at temperatur- og vindforholda snart snur til det betre!

Nattsongarar
Grashoppesongaren som satt å song i Våge på Sandsøya frå den 24.mai viste seg "berre" å vere songar "9E40523" som kom attende for det 3 året på rad den 9.mai. Dermed vart dette den tredje sublokaliteten den har vore innom til no i Våge. Før den starta å synge på den siste lokaliteten så hadde eg verken høyrd eller sett noko av fuglen sidan den 16.mai. Så eg rekna med at den hadde funne seg ei hoe og at det var derfor den hadde slutta å synge. Men når den no har dukka opp syngande på ei mark ned mot Sandsvågen kan eg definitivt seie at den teorien var totalt feil.

Forflytningane til "9E40523" viser at eg mest truleg hadde rett i sesongane før 2010 og 2011 på at det var fleire songarar som for rundt og flytta på seg, og ikkje songarar som slutta å synge for så å bli erstatta av nye like ved. For når det er dårlege år slik som dette med få hoer vil dei buke ut eit større område for å finne ei hoe enn når det mange av dei. Dei kan også tillate seg å flytte rundt når alle territoria står tomme.

Her ser du eit bilde av songaren frå då eg leste den av den 28.mai. Under der igjen kan du sjå eit oversiktskart med forflytningane til fuglen.
Grashoppesongar M "9E40523", Våge/Sandsøya 28.mai
Her er dei forflytningane som songaren har gjort til no...


Av andre nattsongarar så er åkerriksa på Voksa fortsatt på plass og syng akrivt. Den vart sist høyrd syngande i natt som var den 31.mai. Åkerriksa i Våge på Sandsøya vart høyrd syngande t.o.m. den 26.mai, men den er ikkje høyrd etter det. På Voksa vart det den 28.mai høyrd 1-2 vaktelar syngande, og i natt som var (31.mai) vart det høyrd 1 syngande ind. på den samme plassen.

torsdag 24. mai 2012

RAUDSTRUPESONGAR, grashoppesongar og svartkråke m.m. Sandsøya/Voksa 22-24.05.12

Dei siste dagane har det vorte sett og høyrd litt av kvart på øyane. Det har blandt anna blitt observert 1-2 grashoppesongarar, 1 ny åkerrikse og svartkråke for å nemne noko... Men den største gobiten frå desse dagane er definitivt MR sitt 2.funn av RAUDSTRUPESONGAR!! For i dag satt det nemleg ein raudstrupesongarhann og song rett utanfor huset heime på Sandsøya. Fuglen var på trekk og det var ikkje lenge før den for vidare austover på øya. Fuglen blei desverre ikkje sett då fokuset der og då var på å få eit lydopptak av songen til fuglen. Det lykkast eg med, og songen er ein innertidar for "raudstrupen" for å seie det slik! Raudstrupesongaren er ein stor raritet i Norge, t.o.m 2002 var det 54 godkjente funn av arten i Norge. Det blir årleg sett nokre få ind. Slik veiret har vore dei siste dagane så har det blitt sett fleire av akkurat denne arten lenger sør i landet. Raudstrupesongaren er utbreidd i middelhavslanda og i nordvest- Afrika.

Her er lydopptaket med songen til herligheita...

Raudstrupesongar (Også kjøttmeis)


Grashoppesongar(ar)....
Den 22.mai vart det oppdaga ein ny grashoppesongarhann midt på Voksa. Denne songaren var ringlaus. Songaren vart så høyrd syngande natta til den 23., men i natt som var var der ikkje liv. Det var det heller ikkje når eg i dag gikk over å spelte lyd for å sjå om fuglen fortsatt var på plass. Dermed har den truleg fortsett turen nordover i det fine veiret. I natt som var (24.mai) satt der ein hann og song i Våge på Sandsøya. Men når eg skulle ut å dokumentere den i 05-tida i dag tidleg så var den sporlaus borte. Så kanskje var det "Voksa-fuglen" som trekte nordover med eit stopp på Sandsøya?

Her er eit par oversiktskart som viser lokalitetane fuglen(ane) oppholdt seg på.
Her "satt" den på Voksa.
Her "satt" den på Sandsøya.













Og ikkje minst eit par bilder av songaren frå då den vart oppdaga den 22.mai.
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa



Det vart også tatt opp song av fuglen...

Grashoppesongar


Andre små raritetar....
På Voksa har fortsatt åkerriksa som vart oppdaga den 19.mai tilhold. Den vart sist høyrd syngande i dag tidleg. I Våge på Sandsøya vart det i dag tidleg høyrd ei ny åkerrikse syngande kort. Men om dette er ein fugl som er på gjennomreise eller blir værande er umogleg å seie. Seinare på dagen vart øyane si andre svartkråke sett på Bringsvoren på Sandsøya. Det samme vart ei kaie. Ellers så kan eg no nemne at minst ei jordugle fortsatt har tilhold på Voksa. Når eg var sta og tok opp songen til grashoppesongaren så flaug den forbi meg på berre ca.15 meters avstand. I dag var det eit stort innrykk av gulsongarar med minst 6 forskjellige syngande hannar rundt omkring på øyane. Det vart også høyrd minst 4 syngande møllarar.


Her er nokre lydopptak...

Gulsongar

Møllar

Buskskvett

søndag 20. mai 2012

Åkerrikse m.m. 18-20.05.12

Dei siste dagane har det blitt satsa hardt i felten. I føregårs på Sandsøya og Voksa, i går med feltarbeid på Runde, og i dag nok ein gong  heime på øyane. Det beste frå desse dagane må vere MR si første åkerrikse i år. Den vart høyd syngande av Kristin Støyle i går ettermiddag på Voksa. Den var fortsatt på plass i natt og i dag tidleg. Dette vart då den tredje åkerriksa som er rapportert så langt i Norge dette året. Med varmebølga som no kjem dei nærmaste dagane kan ein nok forvente at endå fleire sørlege artar vil ta turen "opp" til oss! Forhåpentlegvis.....

Her er noko av det andre som har vorte observert desse dagane:

18.mai:
kvitkinngås 1 pts (Voren/Sandsøya)
kortnebbgås 3 (Voksa)
tyvjo 1 (mørk fase) (Voksa)
gjøk 2 MM sy. (Sandsøya/Voksa)

20.mai:
islom 1 3K+ (N-sida av Voksa)
kortnebbgås 3 forts. ppl. (Voksa)
sandlo 9+ (Voksa)
myrsnipe 2 (Voksa)
steinvendar 1 (Voksa)
tyvjo 1 (mørk fase) (N-sida av Rinden/Sandsøya)
jordugle 1 (jaktande i natt som var) (Voksa)
sanglerke 1 (Voksa)
gjøk 2 MM sy. forts. (Sandsøya/Voksa)

Ellers så har det komt inn ein del nye sivsongarar på øyane, men der er ikkje noko markant auke frå den 18. til den 20.


Lydopptak
Her er eit par lydopptak frå i natt og i dag. Henholdsvis av åkerrikse og gjøk.


Åkerrikse


Gjøk


Og til slutt nokre av bilda som eg tok av åkerriksa på Voksa i dag tidleg...
Åkerrikse M, Voksa

Åkerrikse M, Voksa

Åkerrikse M, Voksa

Åkerrikse M, Voksa

onsdag 16. mai 2012

AFTENFALK, Sandsøya 15.05.12

Etter nokre dagar med forkjølelse og dritveir vart det i går ettermiddag endeleg ein tur ut. Mest for å sjekke lokalitetar rundt omkring på øyane etter eventuelt nye grashoppesongarar. Men på grashoppesongarfronten var det desverre lite å juble for. Etter å ha gått over Voksa var det einaste som var verdt å nortere seg ein fullt utfarga dvergfalkhann som jakta låvesvaler på sørsida av øya. På Sandsøya var det egentleg det samme, nemleg ingen grashoppesongarar der heller. Så tilfeldigvis retta eg kikkerten opp på ei kråke som befann seg i lufta over Våge på Sandsøya. I lag med kråka var der ein liten, langvinga og langstjerta falk. Falken var så og seie ansfarga mørk gråleg, med raud undergump og "bukser". Dermed var det ikkje tvil! Det var øyane sin første AFTENFALK som vart sett kort krinsande over Våge. Fuglen var ein 2K hann. Dette vart då det 5-8. funnet av aftenfalk totalt i MR. Så ein skikkeleg gobit kan ein trygt seie at det var. Aftenfalken finn vi nærmast oss i aust-Europa. Falken er dermed ein stor raritet i Norge, med berre nokre få funn årleg.


Her er nokre dokumentasjonsbilder av gårsdagens gobit.
Aftenfalk 2K M, Våge/Sandsøya
Aftenfalk 2K M t.v. og kråke t.h., Våge/Sandsøya

Her er ein link til blogginnlegget med bilder av den 2K aftenfalkhannen som befannt seg på Runde for 1 år sidan. http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/05/aftenfalk-og-akerrikse.html


Fuglenytt ellers...
Utanom falken så har det blitt sett litt av kvart mellom den 10. og den 16.mai. Den 10.mai vart fylket sin første tornsongar for året sett og høyrd på Voksa. Morgonen den 11.mai vart det sett ei jordugle på Voksa, og årets første gjøk på Sandsøya. I dag den 16.mai vart det sett 1 grønnstilk, 1 svarthalespove og 2 kortnebbgjess på Voksa. I tillegg til desse så vart årets 3 første sivsongarar observert på øyane. Dette vart faktisk dei første registrerte i fylket i år! På Sandsøya vart det på Sandshamn høyrd ein gjøk syngande. I Våge vart det sett ei lappspurvhoe, samt at den ringmerka grashoppesongaren som vart oppdaga den 9.mai fortsatt er på plass.

Her er eit bilde av den stasjonære grashoppesongaren i Våge.
Ingenting er meir fantastisk enn å vere uten ein tidleg morgon for å sjå og
høyre ein grashoppesongar synge av full hals. Det er rett og slett magisk!!

torsdag 10. mai 2012

Endelig på plass!!

Etter å ha leita, samt lytta etter grashoppesongarar sidan rundt den 20.april var det deilig å endeleg finne min første for året. Det vart då årets 3.grashoppesongar på Sandsøya. Eg gikk nemleg glipp av songaren som vart høyrd i Våge den 19-20. april, samt den som vart høyrd den 3.mai på Sandshamn. Men begge desse fuglane var gjennomtrekkarar, og dermed ikkje fullt så viktige som dei som blir værande.. Fuglen i dag (9.mai) er definitvt ein som blir værande! Den hadde nemleg ein metallring på venstre for. Etter å ha tatt nokre bilder av songaren så var ringen avlest. På den sto det 9E40523. Denne songaren vart ringmerka ca.400 meter mot nord frå der den vart gjenfunnen i dag den 11.juli i 2010. I 2011 var den tilbake på den samme plassen som i 2010. Dette vil då seie at den er tilbake for det tredje året på rad!! Songaren kom i løpet av natta som var. Den var nemleg ikkje der i går når eg tok "runda".

Her er eit bilde av songaren frå i år. Under der igjen frå 2011 og nederst frå 2010.
Grashoppesongar M 4K+, Våge 9.mai 2012
(Med metallring nr. 9E40523)

2011
I 2011 vart det den oppdaga den 10.mai, medan den i år
 kom natt til 9.mai. Dette kan eg seie med sikkerheit då
eg gikk over lokalitetane i går, då var den ikkje på plass.

 2010
Her under ringmerking den 11.juli i 2010. Den blei ein av
 7 forskjellige grashoppesongarar som blei merka
natta 10-11.juli.


Her er eit oversiktskart der du kan sjå kor den har "satt" seg i år i forhold til i 2010 og 2011.
Avstanden mellom lokalitetane er på ca. 430 meter.



Fuglenytt ellers...
På mandag den 7.mai var eg på Runde for å lese av fargemerka lundar for fjerde gongen så langt denne sesongen. Det vart då lest av 16 fuglar, av desse var 3 nye for året. Dermed er totalen i år no oppe i 77 forskjellige avleste fuglar. På heimveien stoppa eg då på Remøya for å lytte etter grashoppesongarar. Det resulterte i fylkets første buskeskvett for 2012 i det ein hann vart høyrd syngande. Etter dette tok eg meg ein tur til Myklebustvatnet ved Fosnavågen for å høyre om der kunne vere noko spennande. Der vart det høyrd ei vannrikse.

På Sandsøya og Voksa vart det i går (8.mai) sett ein lappspurvhann som mulig er stasjonær på Voksa. Like ved den vart det sett ein hofugl. I dag (9.mai) vart øyane sin 4.fjellvåk sett i Voren på Sandsøya. Og i det eg følgde våken med kikkerten oppdaga eg ein mørk mellomstor rovfugl som trekte mot nordaust. Men desverre var den så høgt oppe, i tillegg til at lysforholda var svært vanskelege og dermed lukkast det ikkje å få dokumentert fuglen. Så der gikk eg kanskje glipp av ein skikkeleg gobit...? Desverre.....


Fjellvåk 3K F, Voren/Sandsøya 9.mai 2012

lørdag 5. mai 2012

Kjernebitar og grashoppesongar, Sandsøya 03-04.05.12

I føregårs kveld, altså den 3.mai ca.kl 23.00 vart MR sin 2.grashoppesongar i 2012 høyrd syngande på Sandshamn på Sandsøya. Fuglen vart høyrd av Endre Vorren, i det den satt og song inne i mellom nokre hus i litt gammal vegetasjon frå i fjor. Men dette er langt i frå ein optimal lokalitet for ein grashoppesongar å slå seg ned på, men då heller ein klassisk loklaitet for ein gjennomtrekkande fugl. Så når eg skulle sjekke lokaliteten i går (4.mai) så var der nesten sjølvsagt ingen fugl verken å sjå eller høyre! Det var det heller ikkje på resten av dei utallige sublokalitetane på øyane. Men, men eg skal no ikkje klage eg fikk nemleg sett min art nr.212 for Sandsøya og Voksa i det ein kjernebitar kom flygande forbi meg på Sandshamn i det eg var i ferd med å sjekke ut ein grashoppesongarlokalitet. Så dermed går artstalet for øyane den rette vegen! Dette vart den andre nye arten for øyane så langt i år. Den første var dvergmåsen som vart sett i månadsskiftet januar/februar.

Ellers så var fortsatt den stasjonære 4-5K grønlandsmåsen på plass på Sandshamna, og årets første strandsnipe og sandsvaler vart sett.

Tilbake i år også...?
No nærmar det seg heldigvis "stygt" dei første grashoppesongarane som vil slå seg ned på øyane, og ikkje berre gjere som dei 2 føregåande individa i år, nemleg å trekke vidare.... Då skal det bli spennande å sjå kor mange av dei som kjem tilbake med ringar på føttene. Kjell Mork Soot og eg har i løpet av 2010 og 2011 ring- og fargemerka tilsaman 32 grashoppesongarar, og forhåpentlegvis dukkar fleire av dei opp i år!

Her er eit bilde av ein av songarane som vart ringmerka i 2010. Her avbilda før den fikk påsatt metallring. I 2011 kom den tilbake på same lokaliteten og fikk då satt på fargering med kode XAM.

Grashoppesongar M, Voksa 2010

onsdag 2. mai 2012

Russiskmerka svartbak

I dag fikk eg svar på den russiskmerka svartbaken som eg leste av på Sandshamna den 21.april. Eg var litt i tvil om eg hadde sett nok av ringen til at det var mogleg å fastslå eksakt kva fugl det var snakk om. Det eg såg var berre talkoda, 009405. Det eg då mangla var bokstavane ES framfor tala. Heldigvis så står det ES på alle desse ringane. Det beste ville sjølvsagt ha vore at dei hadde sett ein fargering på fuglen i tillegg til metallringen. Då ville alt ha vore så mykje enklare....

Svartbak 5K, Sandshamna 21.april.

Svartbaken med metallringkode ES009405 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 28.juni i 2008. Den vart ringmerka i Kandalakshskiy naturreservat som ligg på Kolahalvøya i Russland. Denne måsen vart merka på den nordlege delen av halvøya som grensar mot Barentshavet. I og med at måsen vart merka i 2008 så vil det då seie at måsen i dag er nesten 4 år gammal, altså i sitt 5.kalenderår (5K). Dette vil då igjen seie at måsen har si første adulte fjørdrakt, med ingen teikn til yngre karakterar. Riktignok så er der litt svart ved gonysflekken i nebbet, noko som kan tyde på at nebbet ikkje er heilt utfarga. Men sjølv fullt voksne fuglar kan ha ei slik nebbteikning. Dette var forresten det første gjenfunnet av måsen etter merking.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Sandshamna og der måsen vart merka
på Kolahalvøya er på 1627 km.
Grønlands...
Eg kan no også nemne når det først er snakk om måsar at det i går (1.mai) fortsatt var 2 grønlandsmåsar på plass på Sandshamna. 1 3K og 1 4-5K. Desse to fuglane har vore meir eller mindre stasjonære den siste tida.

Grønlandsmåse 3K, Sandshamna
Grønlandsmåse 3K, Sandshamna

tirsdag 1. mai 2012

SVARTGLENTE, Runde 30.04.12

I går den 30.mars tok eg turen til Runde for nok ein feltarbeidsdag med tanke på avlesing av fargemerka lundar. Lundane var desverre ikkje så samarbeidsvillige, noko som resulterte i berre 10 avleste fuglar, ingen av desse var nye for året. Men heldigvis var det andre ting å sjå...

Ein skikkeleg gobit...
Det store denne dagen vart ein rovfugl som det ikkje har blitt sett mange av før i fylket. For i det eg stod på parkeringsplassen i Goksøyra så flaug mange av gråmåsane i måsekolonien oppe i fjellsida ut, og samtidig varsla. Eg var då sikker på at no kom det ei havørn seglande om ikkje lenge. Men der tok eg feil! Fuglen som kom flygande var så definitivt inga havørn, men MR si femte SVARTGLENTE, og ein ny art for Runde. Svartglenta vart sett i det den følgde fjellsida mot aust for så å forsvinne inn i skodda. Denne arten har som nemnt blitt sett 5 gongar totalt i fylket. Den første vart sett av Alv Ottar Folkestad på 1990-talet. Etter det såg eg nummet to på Sandsøya i mai i 2008. Det vart også sett ei til i fylket seinare samme året. Vidare så vart det sett ei av Eirik Grønningsæter ved Hostadvatnet i Fræna kommune den 22.april i 2011. Og med dagens fugl blir det då totalt 5 funn....

Her er eit bilde av dagens fugl.
Svartglente, Runde 30.april.

 Fuglenytt 26-29.april
Her er noko av det som vart sett desse dagane.

26.april:
dvergdykkar 2 (Voksevegen)
vandrefalk 1 2K (Våge/Sandsøya)
løvsongar 3 MM sy (Sandsøya/Voksa) fylkets første i 2012!
polarmåse 1 2K forts. (Sandshamna/Sandsøya)
grønlandsmåse 3 (2 3K + 1 4-5K) (Sandshamna/Sandsøya)
låvesvale 11-12 (Voksevegen)

27.april:
grønlandsmåse 1 2-3K ptv (Ved Larsnes)
polarmåse 1 2K (Leikanger på Stadlandet)

29.april:
heilo 17 (Voksa)
grønlandsmåse 2 3K forts. (Sandshamna/Sandsøya)
låvesvale 3 (Voksa)
sanglerke 1 M sy. (Voksa)
lappspurv 1 F (Voksa)
lappspurv 1 M (Våge/Sandsøya)


Her er eit par bilder av dei to 3K grønlandsmåsane som vart dett den 26. og 29.april.
Grønlandsmåse 3K, Sandshamna 26.april.
Grønlandsmåsar 3K, Sandshamna 26.april.