Viser innlegg med etiketten myrhauk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten myrhauk. Vis alle innlegg

torsdag 15. september 2016

TRIEL m.m. på Sandsøya og Voksa - januar t.o.m. mai 2016

I dei første tre til fire månadane av 2016 vart det ingen hardsatsing i felt, i alle fall ikkje visst ein samanliknar med tidligare år. Men det vil ikkje seie at eg ikkje følgde med på kva som bevega seg her på Sandsøya og Voksa. I januar, februar, mars og store delar av april, gikk det for det meste i måsar, då eg var ute og skoda. Det vart då ein del grønlandsmåsar, kanskje ein plass rundt 10-15 forskjellige individ. Når det gjalt polarmåsar, så var det her heller dårlig. Etter nyttår såg eg faktisk berre ein polarmåse. Dette var ein 2K fugl som vart sett på Sandshamn den 26. mars. Så få polarmåsar har eg ikkje sett sidan eg starta å følge med på måsane i 2007. Det var heller ingen godbitar i form av kaspi- eller gulbeinmåsar å sjå denne vinteren. Av andre observasjonar som det er verdt og nemne frå desse månadane, er ein varslar som holdt seg på Voksa i siste halvdel av januar, ein eller fleire hofarga myrhaukar som vart sett både på Sandsøya og Voksa gjennom alle desse månadane, og ei svartkråke på Sandsøya i slutten av april og starten på mai. I tillegg til dette vart det også sett ein kjerrhauk som høgst trulig var ein 2K steppehauk. Denne fuglen flaug rett forbi huset heime den 27. april. Fuglen hadde ei varmt ustreka oransje underside, og ein tydelig halsboa. Kjerrhauken virka også liten og lett. Alle desse karakterane peikar mot steppehauk. Dessverre så flaug fuglen så fort forbi at eg ikkje fikk sett den tilstrekkelig til at eg kunne claime den. Dette ville vore ein ny art for øyane...

Svartkråke 2K+, Bringsvor, Sandsøya 24. april 2016
Denne fuglen utgjorde det 2. funnet av arten på Sandsøya/Voksa.

Myrhauk, Støyle, Sandsøya 27. april 2016
Med ei kråke til venstre...


Kartlegging av grashoppesongarar
I slutten av april kom skylappane på, og alt av feltaktivitet gikk målretta mot kartlegging av grashoppesongarar. Denne kartlegginga er noko eg har gjort heilhjarta sidan 2011, og då med samme metodikk. Eg går rundt og spelar grashoppesongarlyd på potensielle grashoppesongarlokalitetar frå dei siste dagane av april, til rundet den 20. mai. Dette gjer eg for å sjå kor mange songarar som lusker rundt omkring, samt for å finne ut når dei ankjem territoria sine. I år lukkast det å lokalisere årets første grashoppesongar den 30. april i Våge på Sandsøya, som Norges første i 2016. Akkurat korleis det gikk med grashoppesongarsesongen 2016, vil eg oppsummere i eit seinare blogginnlegg...

Triel(!) på plenen heime!
Og det var nettopp etter ei av desse øktene med kartlegging av grashoppesongarar at årets så langt største godbit dukka opp. Eg hadde akkurat kom heim igjen, og satt på kjøkkenet i huset heime på Støyle på Sandsøya. Då spurte plutselig onkelen min, som også satt på kjøkkenet, om kva det var som sprang på grasplenen berre eit par timeter frå huset. Eg reiste meg opp, ganske overbevist om at det ikkje var noko spennande. Der tok eg derimot fryktelig feil. For utrulig nok var det faktisk ein TRIEL(!) som sprang rett over plenen. Eg hadde ikkje kikkerten på meg, men den trengte eg heller ikkje. Den brunspraglete, langbeinte skapningen med gul iris og gul nebbasis kunne ikkje vere noko anna, sjølv kor usansynelig dette no enn var.

Triel er ein vadarart. Den tilhøyrer trielfamileien, og er den einaste arten frå denne familien i Europa. Dette er ein fugl som har sitt utbreielsesområde eit stykke lenger sør enn Norge, nærmare bestemt i sør- og mellom-Europa. Dei hekkar nærmast oss i sør-Storbritannia og Frankrike, og overvintrar i sørvest-Europa og Afrika. Dei held til på tørre og karrige områder, på alt i frå heimark til halvørken. I Norge er det med denne i underkant av 30 funn totalt. Her i fylket vart dette det 2. funnet av arten. Den første trielen for Møre og Romsdal vart sett på Frei i starten på mai i 2008.

Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016
Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016
Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016

Etter at trielen vart oppdaga der den sprang over plenen ved huset heime, flaug den vidare austover på øya. Eg satte meg i bilen og køyrde fortvilt rundt omkring for å prøve å finne igjen fuglen. Dette lukkast eg dessverre ikkje med, så eg køyrde heim igjen. Men trur du ikkje at akkurat i det eg kom heim igjen og steig ut av bilen, så kom trielen flygande og landa på marka vår ca. 200 meter frå huset heime! Der slo den seg ned. For det meste satt den heilt i ro, berre avbrutt av nokre korte runder med næringssøk. Trielen holdt seg på den samme plassen heilt til det blei mørkt. Denne vadararten er nemlig for det meste nattaktiv. Dette er då muligens ei tilpasning til dei tørre og karrige forholda mange av dei lever under, samt at ein del av byttedyra deira også er nattaktive.


Eg hadde allereie, før og oppdaga trielen, bestemt meg for å ta ei lytterunde etter grashoppesongarar i indre Sande og ytre Herøy kommune den påfølgande natta. Dermed reiste eg på ferga som gikk frå Voksa kl. 22.15.

Heime på Sandsøya følgde onkelen min nøye med. Han kunne meddele at trielen vart meget vokal så snart det blei mørkt. Han var litt usikker på om det faktisk var trielen han hadde høyrd, med det var det nok liten tvil om at det faktisk var. Ein høg storspoveliknande lyd som først blei gitt etter at det blei mørkt, er jo "spot on" for triel. Dagen etter då eg kom heim igjen var ikkje fuglen å sjå, og eg trudde at den no hadde trekt vidare, då trekkforholda no var heilt opptimale. Ca. kl. 23.30 den kvelden fikk eg derimot fasiten. Plutselig starta den nemlig å synge. Alt den gav frå seg var ei kort strofe. Men den høge storspoveliknande lyden rett etter at det blei mørkt, feide all tvil til side, trielen var fortsatt på plass! Dette var det siste eg høyrde eller såg av denne eksklusive fuglen. Den utnytta nok det gunstige trekkvëret og reiste vidare...

tirsdag 1. desember 2015

ROSENVARSLAR og polarsvømmesnipe m.m. på Sandsøya/Voksa, 24.09.-18.11.15

Denne hausten blei det aldri den harde trakkinga i felt som det har vore tidligare år. Eg har prioritert måsar, samt å følge opp svartstrupeprosjektet mitt. Eg har rett og slett mangla motivasjonen til å gå kilometer på kilometer på leiting etter sjeldenheiter. For tida så er svartstrupene det eg fin mest interessant på fuglefronten. Og skal ein ha eit prosjekt på ein art så må det jo gjennomførast 110%. Ellers så kan ein jo like god la det være... Men det å ha eit prosjekt og å satse på ein art, vil ikkje seie at ein ikkje kjem over sjeldne fuglar. Den sjeldnaste fuglen i denne perioden kom eg faktisk over på ei av mine mange runder rundt på øyane for å følge med på, ja nettopp, svartstrupene.

Første novemberfunn...
Den sjeldnaste fuglen i september (siste halvdel), oktober og november på Sandsøya og Voksa, var øyane sin andre ROSENVARSLAR. Den vart oppdaga i Våge på Sandsøya den 4. november, og holdt seg på staden t.o.m. den 6. november. Denne rosenvarslaren utgjorde det femte funnet av arten i M&R. I fjor hadde eg den fjerde for fylket. Det vart nemlig sett ein voksen rosenvarslarhann på Voksa i månadsskiftet august-september. Årets varslar var også ein voksen fugl, men denne gongen var det snakk om ei hoe. Rosenvarslaren finn vi nærmast oss i sør og søraust-Europa i land som Frankrike (sør), Sveits, Austerrike, Tsjekkia, Italia osv. Der hekkar dei i ope terreng av varierte typer, med innslag av trær og busker. Dei overvintrar heilt sør i tropisk Afrika.

I haust blei det rapportert heile seks rosenvarslarar her til lands. I tillegg til min så vart det sett ein i Nordland (1K), ein i Nord-Trøndelag (1K) og tre i Sør-Trøndelag (2 1K og 2K+).

Tidligare så var det verken november eller desemberfunn av rosenvarslar i Norge. Men i og med at fuglen i Våge vart sett frå den 4. t.o.m. den 6. november, så vart då dette det første novemberfunnet, og også det seinaste haustfunnet av arten i Norge nokon gong.

Det som skiller rosenvarslaren frå vår varslar, som hekkar i Norge, er ein proporsjonalt kortare stjert, lenger håndsvingfjørprojeksjon, meir kvitt på stjertsider, større kvit håndbasisflekk, innslag av rosa på bryst, kroppsider og buk, (dette gjeld vokse fuglar), den svarte ansiktsmaska går langt opp i panna (dette gjeld vokse fuglar), og den har eit kraftigare hovud og nebb. Størrelsesmessig så er rosenvarslaren i gjennomsnitt ein god del mindre enn ein varslar, men ei lita varslarhoe og ein stor rosenvarslarhann vil nok kunne overlappe i størrelse.

Når det gjeld rosenvarslaren i Våge, så var det etter alle solemerker ein hofugl. Veldig mykje grått innslag i panna, og også den vesle størrelsen, peikar eintydig i den retning.

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 4. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015


Rosenvarslaren i Våge vart oppdaga sittande i ein rogn ved eit beite der det inntil eit par dagar før hadde gått kyr. Der var det rikelig med kuskit og dermed rikelig med insekt. Dei to siste dagane den holdt seg i Våge flytta den seg nokre timeter mot vest, over på eit beite der deg gikk sau. Der også var det rikelig med oppgjødsling, og dermed også tilsvarande mykje insekt. Begge plassane var perfekte for ein insektspesialist. Under ser du området der den holdt til frå lufta.

Våge på Sandsøya med Sandsvågen heilt til høgre i bildet.
Det var her ca. midt i bildet rosenvarslaren hold seg dei tre dagane han
vart sett.


Andre observasjonar...
Men det var ikkje berre rosenvarslaren som blei sett i perioda frå den 24. september, då eg kom igjen frå Ona, og fram til og med den 18. november. I løpet av desse nesten to månadane så blei det observert artar som vannrikse, polarmåse (2), tartarpiplerke (2), gulbrynsongar (4) og stillits (ca. 5). I midten av oktober vart det også sett ein varslar i Sandsvågen på Sandsøya. 

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015


Går vi så vidare, så vart det i starten på november sett 2-3 myrhaukar på Sandsøya, alle 1K fuglar. Den siste dagen rosenvarslaren blei sett, altså den 6. november, så vart det sett to myrhaukar i Våge som jakta i lag ei lita stund.
Myrhauk 1K, Våge, Sandsøya 6. november 2015


Den 13. november fikk eg så ein ny art for øyane. Denne gongen var det snakk den høgarktiske vadefuglen polarsvømmesnipe. Den låg mellom alle måsane på Sandshamn på Sandsøya då eg skulle sjå gjennom dei. Hos oss hekkar den på Bjørnøya og på Svalbard, men særlig på hausttrekket så blir enkelte fuglar sett langs kysten, ofte i kombinasjon med kraftig pålandsvind. Denne pelagiske arten som held til på havet utanom hekkesesongen, overvintarar i den topiske delen av Atlanterhavet utanfor vest-kysten på Afrika.

Polarsvømmesnipe 1K, Sandshamn, Sandsøya 13. november 2015


Nokre dagar seinare, nærmare bestemt den 18. november, gikk eg store delar av fjøresona rundt Sandsøya på leiting etter overvintrande svartstruper. Eg har konstatert at det er minst fire forskjellige svartstrupepar som overvintrar på øya, muligens fem. Denne dagen kom eg derimot ikkje over ei einaste svartstrupe. I staden for svartstruper så kom eg over ei heilt kaldt farga 1K gulerle med sitronerlelik lyd, i ein tarevoll heilt nordvest på øya. Kombinasjonen med heilt kald farga fjørdrakt, utan uprega gult innslag, og også ein sitronerlelik lyd, tyder på at fuglen har eit austlig opphav. Fuglar av austlige og sør-/søraustlige underartar har ofte ei kaldare fjørdrakt i sin første vinter enn det våre vestlige underartar har. Det i kombinasjon med den sitronerlelike lokkelyden gjer at det mest sannsynlig ikkje er snakk om ein av våre vestlige typer (flava, flavissima, thunbergi), men heller ein av underartane som har eit utbredelsesområde som ligg sør og/eller aust for desse.

Antatt austlig gulerle 1K, Hellandsvågane, Sandsøya 18. november 2015


fredag 11. november 2011

Sandsøya/Voksa 10-11.11.11

Den gode hausten fortsetter.... I går vart det satsa i felten på Sandsøya. Og på Sandsøya vart det sett ein myrhauk, den dreiv å jakta nordvest på øya. Etter å ha studert bilda så viste det seg at dette var eit nytt ind. Dermed har det denne hausten våre 4 forskjellige myrhaukar innom på øyane! Etter myrhauken vart det funnen nok ei tartarpiplerke. Denne gongen ikkje på Voksa, men på sørsida av Sandsøya. Dermed er totalen no oppe i  minst 10-13 tartarpiplerker i haust.

Dokumentasjonsbilder frå i går.
Myrhauk 1K, Helland/Sandsøya
Tartarpiplerke 1K, Sande/Sandsøya
Ein noko uvanleg situasjon... Ikkje kvar gong dei set seg slik.


I dag..
I dag vart det satsa på å prøve å fange tartarpiplerker på Voksa. Det lukkast desverre ikkje særleg. Men 2 tartarpiplerker var fortsatt på plass, truleg er det dei same som har våre på plass nokre dagar. I tillegg til tartarpipane så vart det sett 2 sædgjess. Dette var det 4.funnet for øyane.

Her er resten av det som vart sett på Voksa i dag.
kvitkinngås 2
grågås 80+ (flokk)
vipe 12 (flokk)
sanglerke 4+
lappspurv 1
snøspurv 1

tirsdag 8. november 2011

MONGOLPIPLERKE, tartarpiplerke X3 og myrhauk, Voksa 08.11.11

I dag låg alt til rette for ein nydelig dag i felten.. Og gjett om det vart akkurat det! For det var ikkje berre veiret som var nydelig, det var også litt av kvart å sjå på fuglefronten også.

Det heile starta faktisk før eg hadde komt bort på Voksa. Eg stoppa nemleg på Marøya som ligg litt nordaust for Voksa, berre for å lytte etter alt og ingenting. Då høyrde eg dagens første tartarpiplerke, og lyden stamma frå Voksa.... Dermed steig håpet om at den skikkelige gobiten skulle befinne seg akkurat der, nemeleg på Voksa! Så då var det berre å starte med å gå over markane, for å leite etter alle dei potensielle storpiplerkene. Og før eg rakk å kome meg inn på den første marka kom det flygande to veldig vokale tararpiplerker. Etter at eg fann dei to første dukka det også opp ei tartarpiplerke til, og ei stund holdt alle dei tre tartarpipane til ilag. Ein av gongane tartarpipane tok av, kom det plutseleg flygande ei mindre "storpiplerke" med ein god del meir lavmelt, og ikkje så blaut og utdratt lyd som tartarpipane. Den hadde også nokre andre "golydar", nemleg "tjipp-tjipp". Piplerka virka ved første augekast veldig lita, kompakt, tungbuka og kortstjerta. Etter den første korte observasjonen vart den både sett og høyrd to gongar til. Og som ved den første observasjonen av fuglen så var lyd og forma akkurat slik som eg fikk inntrykk av. Dermed var det faktisk snakk om øyane si første sikre MONGOLPIPLERKE som for rundt å flaug på Voksa!!! Mongolpiplerka kjem som namnet tilseier i frå Mongolia og områda rundt. Dette er ein svært sjelden fugl i heile nordvest-Europa, og i Norge er det langt i frå ein årleg gjest. T.o.m. 2002 var det 4 godkjente funn i Norge. Etter dette har det vorte ein del fleire men det er ikkje så alt for mange....

 Her er nokre dårlige dokumentasjonsbilder av mongolpipen.
Mongolpiplerke 1K, Voksa
Mongolpiplerke 1K, Voksa

Mongolpiplerke 1K, Voksa
Her ser du kor kompakt, tungbuka og kortstjerta piplerka er. 

Mongolpiplerke 1K, Voksa
Her ser du kor kompakt, tungbuka og kortstjerta piplerka er.


Lyd 
Visst du spelar av dette vesle klippet på fullt volum og høyrer nøye etter høyrer du "tjipp"-lyden til mongolpipen. Dette er ein lyd som ekskluderar tartarpiplerke, den har nemelg ikkje ein tilsvarande lyd.



Myrhauk og båndkorsnebb
Av andre små raritetar så vart ein myrhauk sett ved fleire anledningar jaktande rundt omkring på Voksa. Dette er truleg den same hauken som vart sett på same plassen den 3.november. Utanom hauken vart det sett og høyrd minst 3 båndkorsnebbar.

Her er eit bilde av den jaktande myrhauken samt eit bilde av 2 av tartarpiplerkene.
Myrhauk 1K, Voksa
Tartarpiplerker, Voksa
Med dagens 3 er totalen i år oppe i
9-12 forskjellige tartarpiplerker på Voksa.

torsdag 3. november 2011

Myrhauk, Voksa 03.11.11

I dag vart det nok ein tur ut i det fine veiret. Og i dag også gikk det kjapt med å finne ein "gobit"! Ein ung myrhauk kom nemleg flygande forbi på Voksa i det eg var ute og gikk over dagens første mark. Dette er ikkje meir enn den 4. sikre myrhauken på øyane. Utanom myrhauken vart det høyrd 1-2 båndkorsnebbar, også det på Voksa. Men bortsett frå desse små raritetane virka det egentleg ganske så stilt på fuglefronten...

Her er eit par bilder av myrhauken frå i dag...
Myrhauk 1K, Voksa
Myrhauk vs kråke, Voksa

lørdag 1. oktober 2011

Tartarpiplerker og myrhauk, Voksa 01.10.11

I dag vart det ei skikkelig runde rundt på Voksa før det var vind og regn. Det gav også resultat! I form av årets 2 første tartarpiplerker, øyane sin 3. myrhauk, 1 ub. trepip-/sibirpiplerke vart høyrd og 1 gulbrynsongar som også vart høyrd. Under kan du sjå eit par dokumentasjonsbilder frå i dag.

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Myrhauk 1K, Voksa
Sett kort i det den trekte mot sør!