lørdag 14. desember 2013

Lite å sjå...

Då er november og så og seie halve desember forbi. I løpet av denne perioden har det dessverre blitt alt for lite feltsatsing. Mykje uveir og lite fugl å sjå har gjort sitt til at satsinga har blitt heller laber. Det vesle som har blitt gjort i felten har i hovudsak handla om måsar. Eg har prøvd å halde noko lunde kontinuerlig oversikt over kva som har bevega seg på den fronten på øyane. Men når det er uveir dag inn og dag ut og dermed ikkje veir til å drive fiskeri, gjer det sitt til at det ikkje akkurat er mykje måsar rundt omkring. Blant dei få som har blitt sett har det ikkje akkurat vore alt for mykje spennande. Det einaste som det egentleg er verdt å melde om er ein 1K grønlandsmåse som vart sett på Støyle på Sandsøya i midten av november.
 
Her er nokre bilder av denne nydelige kvitmåsen.
Grønlandsmåse 1K (juvenil), Støyle/Sandsøya 14.november 2013

Grønlandsmåse 1K (juvenil), Støyle/Sandsøya 14.november 2013

Grønlandsmåse 1K (juvenil), Støyle/Sandsøya 14.november 2013


Når vi passerar nyttår og fiskeriet tek seg opp blir det nok større sjansar for å finne ein gobit eller to. Ein ting er sikkert det skal i hvert fall satsast!