onsdag 27. april 2011

Grashoppesongar x4, Sandsøya/Voksa 27.04.11

Eg vakna i dag tidlig kl.04.30, og tenkte att eg skulle lytt etter grashoppesongaren eg sist høyrde 24.april. For den er berre ca.250 m i frå huset heime, so det er berre å opne soveromsvinduet mitt so høyrer eg om den syng. Og den satt å song. Dermed måtte eg berre sta å få eit lydopptak av fuglen. Og etter å ha tatt opp ein del lyd gikk eg tilbake mot huset, men før eg kom heilt tilbake så satt ein ny grashoppesongarhann å song, denne gongen knappe 100m frå huset. Denne blei fotodokumentert, samt tatt opp lyd av.

Her er eit lydopptak av grashoppesongaren som har vore stasjonær sidan 23.april. Opptaket er frå i dag. Under opptaket er der også eit bilde av fuglen.

Her er eit bilde av grashoppesongarhannen som har vore stasjonær sidan
23.april. Dette bildet blei tatt 24.april

Den første nye for dagen
Her er bilder og lydopptak av den nye fuglen. Denne songaren satt på ein utypisk stad. Det vil seie at den mest truleg akkurat hadde komt i land på øya. Enten så har den forflytta seg vidare på øya eller så har den trekt vidare opp langs kysten.
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya (ind.nr2)
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya (ind.nr2)
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya (ind.nr2)


Her er eit lydopptak av grashoppesongaren over.

Grashoppesongar nr.3 og 4!
Seinare på dagen vart fleire plassar det brukar å vere grashoppesongarar sjekka! Det resulterte i både grashoppesongar nr.3 og 4. En songar på Voksa og en i Våge på Sandsøya. Begge desse vart dokumentert meget godt. Dermed er det vel lov å seie at det har vore ein bra start på grashoppesongaråret 2011:)

Her er bilder av songarane! Desse songarane viser tydleg kor store individuelle forskjeller det er i utsjånad på desse fuglane. Den eine er nesten ustreka, medan den andre er veldig strek og markert!

Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa


So den tredje grashoppesongaren på Sandsøya og den fjerde for øyane i år. Denne fuglen satt å song rett etter at sola hadde gått ned. Dermed var lyset veldig dårleg. Men sjølv med ISO 2500 og 3200 blei bilda brukbare.
Grashoppesongar M, Vågen
Grashoppesongar M, Vågen

søndag 24. april 2011

Grashoppesongar, trane og grønnstilk m.m. 24.04.11

I går (23.april) satt årets første grashoppesongar å song på Sandsøya. Dette er så vidt eg veit det tidlegaste funnet av grashoppesongar i MR gjennom tidene! I Norge i år er det faktisk ikkje rapportert ein einaste grashoppesongar nord for Rogaland. Bortsett frå denne då. Grashoppesongaren vart i dag lokalisert å dokumentert med bilder. Visst den held seg på same plass vil den få metall- og fargering i starten av mai.

Her er "dokumentasjonsbilda" av songaren.
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya
Grashoppesongar M, Støyle/Sandsøya

Trane, grønnstilk og stjetand m.m.
Men det var meir interessant å sjå i dag. Det vart nemeleg sett sett trane, grønnstilk og stjertand på Voksa. Og på Sandshamna vart årets 5.grønlandsmåse sett. Den fikk eg desverre ikkje dokumentert.

Trane, Voksa
Trane, Voksa
Grønnstilk, Voksa
Her er eit dokumentasjonsbilde av ei av dei to stjertendene på Voksa i dag.
På bildet ser du hannfuglen. I lag med den var der ei hoe.


I tillegg til desse vart dette sett:
heilo 150+ (Voksa)
sivspurv 6+ (Sandsøya/Voksa)
lappspurv 1 F (Voksa)
grønlandsmåse 1 2K (Sandshamna)

fredag 22. april 2011

Sandsøya/Voksa 22.04.11

I dag vart det ei skikkeleg runde rundt på øyane i det fantastiske vårveiret. Og resultatet vart min 200 art på øyane. Den nye arten er ikkje akkurat ei stor sjeldenheit, men akkurat her heilt ute i havgapet er den ein mindre vanleg. Den nye arten var ei lauvmeis. Den vart høyrd syngande på Sandsøya. Utanom meisa so vart årets første låvesvale og lauvsongar sett og høyrd på Sandsøya. Av litt meir uvanlege artar vart det sett ein grønlandsmåse med karakterar mot den Kanadiske underarten kumlieni. (Sjå nederst i innlegget)

Nokre andre observasjonar frå i dag:
gråstrupedykkar 16+ (uvanleg mange!) (Havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste)
islom 4 (Havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste)
sangsvane 5 (2K) (Sandsøya)
kortnebbgås 4 (på plass sidan 20.april) (Voksa)
heilo 60+ (Voksa)
alke 2 (S-sida av Sandsøya)
svartstrupe 2 M+F (Sandsøya)
sivspurv 3-4 (Sandsøya og Voksa)
lappspurv 8+ (Voksa)
tornirisk ++ (Særleg i Vågen på Sandsøya)

Lydopptak av linerle
Her er eit lydopptak av ei linerle frå i dag.


Grønlandsmåse ua. kumlieni
I dag rasta det ein 2K grønlandsmåse på Sandshamna som hadde karakterar mot den kanadiske underarten kumlieni. Sjå bilder av den under.

 Denne måsen er stor og kraftig. Nebbet er også i det kraftigaste laget visst 
det skulle vore snakk om ein grønlandsmåse ua. glaucoides.

Her er det mulig å skimte mørke felt i dei ytterste håndsvingfjørene.

Legg merke til det krafige og veldig markerte stjertbandet. Dette stjertbandet 
peikar mot den kanadiske underarten i staden for den grønlandske.

Her ser ein tydelig det mørke stjertbåndet. Mørke armsvingfjører og 
det mørke i håndsvingfjørtuppane.

Her er eit par linkar til ein liknande fugl frå england.

onsdag 20. april 2011

Sivhauk og fjellerke m.m. 20.04.11

Dagen i dag starta ganske grå og regnfull, men som veirmeldinga sa so skulle det lette ut på dagen. Og som sagt so gjort! Dermed var det nydelig skådeveir. Turen blei aller først lagt til Voksa. Der fikk eg dekt store delar av øya. Det resulterte i øyane sin andre, og Voksa sin første sivhauk. Den vart sett i 5 minutt før det blei borte.
Det siste eg såg av sivhauken(F-farga) før den vart borte bak tretoppane.

Dagens andre gobit var øyane sitt 2. funn av fjellerke. Då det rasta 2 fjellerker på Voksevegen.
Ei av dei to fjellerkene i dag.

Dagens observasjonar
Her er dagens observasjonar utanom sivhauken og fjellerkene:
kortnebbgås 4 (Voksa)
heilo 113+ (Voksa)
sanglerke 2 (Voksa) + 1 (Sandsøya)
måltrost 3+ MM sy. (Voksa og Sandsøya)
svartstrupe 2 M+F (Sandsøya)
sivspurv 1 M sy. (Voksa)
tornirisk ++ (Sandsøya)


Svartmeis
Ellers so kom eg over denne fotogene svartmeishannen i dag.



Runde 18.04.11

I førigårs vart turen nok ein gong lagt til Runde. Og som  forrige gong so var målet å få avlest flest mogleg fargemerka lundefuglar.

Veiret vart fantastisk, og ikkje nok med det! So og seie alle dei tusenvis av lundane som låg på sjøen kom opp og satte seg i fjellsida.

Her er eit bilde som viser den fantastiske utsikta.
Solnedgong frå Stakkehalsen på Runde


Lunde
I går vart det avlest ikkje mindre enn 63 fargemerka ind. Alle ved hjelp av foto.
Lundefotografering ;)
Her er en av dei som vart avlest i dag.
Denne vart merka i 2009.

Uten ring
Her er nokre bilder, samt eit videoklipp av fuglar uten ringar.







En liten videosnutt

tirsdag 19. april 2011

Sandsøya/Voksa 15.04 og 19.04.11

Det har ikkje vorte alt for mange turar ut den siste veka. Men som vanleg blir det no eit par turar...

15.april
Det som var verd å merke seg fredag 15.april var at det endeleg var på plass ei svartstrupehoe i lag med svartstrupehannen som har hold til på sandsøya i eit par veker. Og så var fortsatt dei 2 kortnebbgjessene på plass på Voksa.

I dag
I dag vart det berre ei kjapp runde rundt på øyane. Hadde desverre ikkje tid til å gå so nøye til verks.
Polarmåse 2K

Over ser du eit bilde av ein 2K polarmåse som rasta på Sandshamna i dag. Dette var truleg ein ny fugl.

Her er dei andre observasjonane frå i dag.
heilo 27+ (Voksa)
vipe 4+ (Voksa)
sanglerke 2 (Voksa)
tornirisk 2 (Voksa)
bergirisk 2 (Sandsøya)
sivspurv 1-2 M (Voksa)
lappspurv 10 (flokk) (Voksa)

tirsdag 12. april 2011

Sandsøya/Voksa 11-12.04.11

Etter eit par sløve dagar vart det ein skikkeleg tur ut i det fine vårveiret i dag! Ikkje all verden å sjå, men når det er så fint veir som i dag kan ein ikkje klage!

I går vart det berre ein kort tur for å sjå over dei få måsane som var på Sandshamna. Det resulterte i hausten og vinterens 8.polarmåse. Denne gongen ein 2K.

Polarmåse 2K

I dag
I dag vart særleg Voksa sjekka nøye. Under kan du lese observasjonane frå i dag.
dvergdykkar 1 (Marøya)
sangsvane 6 (2 ad.+ 4 2K) (Sandsøya)
svartand 1 F (Voksevegen)
sjøorre 1 F (Voksevegen)
vandrefalk 1 (Voksa)
heilo 19+ (Voksa)
vipe 13+ (Voksa)
sandlo 1 høyrd (Voksa)
kattugle 1 M sy. (Sandsøya)
sanglerke 3 (Voksa)
linerle 6+ (Voksa/Voksevegen)
jernspurv 1 M (Marøya)
svartstrupe 1 M fortsatt (Sandsøya)
måltrost 3+ (Marøya/Voksa)
ringtrost 1 M sy. (Sandsøya)
tornirisk 5-10 (Marøya/Voksa)
lappspurv 13+ (Voksa)


Lappspurv
Når det endeleg var ei rastande lappspurvflokk på Voksa så blei det brukt litt tid på dei for å få nokre brukbare bilder. Men dei var ikkje altfor samarbeidsvillige....! Sjå bilda og høyr lydopptak av spurvane under!
Lappspurv
Lappspurv
Lappspurv


Her er eit opptak der du høyrer alarm- og lokkelydane til lappspurvane frå i dag!

søndag 10. april 2011

Runde 09.04.11

I går vart det gjort litt feltarbeid på Runde. Nærmare bestemt avlesing av fargemerka lundefuglar. Det var ikkje akkurat det beste veiret, med liten kuling og regn. Men nokre av dei tusenvis av lundane som låg på sjøen kom opp og sverma og satt seg i fjellsida.

Her er nokre bilder frå i går!
Lunde
Lunde
Lunde
En av dei 55 fargemerka lundefuglane som vart avlest i går!

onsdag 6. april 2011

Sandsøya/Voksa 05-06.04.11

Dei to siste dagane har det vorte sett ein del over øyane. Utan at det har blitt sett all verden. Men som alltid er det eit kvart å sjå.

Her er obsane frå i går og i dag:
sangsvane 7 (4 2K) (Sandsøya)
kortnebbgås 2 fortsatt (Voksa)
tårnfalk 1 (Voksevegen/Voksa)
vandrefalk 1 (Sandsøya)
lappspove 1 (Storeviksanden, Sandsøya)
steinskvett 1 M (årets 1.) (Sandsøya)
svartstrupe 1 M sy. forts. (Sandsøya)
kaie 1 (Sandsøya)


Her er eit lydklipp frå i dag av den syngande svartstrupehannen.

Her er også eit bilde av den stasjonære fuglen.
Svartstrupe M

mandag 4. april 2011

Grashoppesongar

I fjor vart ikkje mindre enn minimum 25 forskjellige grashoppesongarar sett og høyrd på Sandsøya og Voksa. 11 av desse vart ringmerka. So no blir det spennande å sjå når dei kjem attende i slutten av april og starten på mai om nokre av dei har metallring! Eg og Kjell Mork Soot skal fargemerke grashoppesongarar denne våren og sommaren. For då blir det enklare å følge med på korleis fuglane forflyttar seg, uten at ein heile tida må fange inn fuglane for å lese av ringane!

Her er eit lydklipp av ein av grashoppesongarane på Sandsøya i 2010, med ein sivsongar syngande i bakgrunnen.


Her er nokre bilder frå i fjor!
Grashoppesongar M på Voksa 13.mai 2010

Grashoppesongar M på Sandsøya 21.mai 2010

Grashoppesongar M på Voksa 24.mai 2010
Same fugl som på det øverste bildet!
Grashoppesongar M på Voksa 24.juli 2010
Grashoppesongar M på Voksa 24.juli 2010