Viser innlegg med etiketten dverglerke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dverglerke. Vis alle innlegg

torsdag 29. desember 2016

Juni t.o.m. november 2016

2016 vart ikkje akkurat eit toppår når det gjaldt antall sjeldne fuglar. Det skal riktig nok seiast et sjeldenheitssatsinga i år har vore så som så. Likevel, er ein utendørs og samtidig følger med på kva som skjer rundt seg, både med auger og øyrer, kan ein jo fort kome over litt av kvart.

Her er eit lita oppsummering over kva som vart observert i månadane juni, juli, august, september, oktober og november.

juni/juli/august:
I og med at 2016 vart eit dårlig år når det gjaldt nattsongarar, var det relativt lite og både sjå å høyre i juni og juli. Det einaste som var verdt å nemne når det gjaldt nattsongarar, i tillegg til grashoppesongarane som dukka opp i april og mai, var nokre åkerrikser. Den 23. mai vart det nemlig høyrd ein syngande åkerriksehann i Støylemyrane på sørsida av Sandsøya. I lag med denne hannen vart det høyrd ei vokal hoe. Det meste tyda på at det blei gjennomført hekking her. Slåinga av marka blei også såpass utsatt, at om det blei klekt ungar, så skulle dei ha hatt ein grei sjans på å kome seg unna. Hannen i Støylemyrane holdt det gåande både der, og seinare ved huset heime på Støyle, ei god stund. Etter det så flytta den seg til Våge. Etter at den hadde gjort det, tok det ikkje mange dagane før det dukka opp ein ny hann i det området den hadde forlatt. Dermed var det to syngande åkerriksehannar samtidig på Sandsøya. Det har eg aldri opplevd før... Den siste åkerriksa vart høyrd syngande på Støyle, ved huset heime, den 20. juli.

Strandsnipe 2K+, Sandsvågen, Sandsøya 19. juni 2016

Strandsnipe 2K+, Sandsvågen, Sandsøya 19. juni 2016


Så kom eg plutselig på at eg også høyrde ein syngande vaktel ved to anledningar på Voksa natt til den 26. juni og natt til den 4. juli.  Det var høgst trulig den samme hannen som vart høyrd ved begge anledningar.

Både i juni, juli og august, vart det brukt ein god del tid på feltarbeid på Runde og i Ålesund. I juli vart det også satsa ein god del på ringmerking av stormåseungar. Det vart altså dårlig med sjeldenheitssatsing i denne perioden.

Noko eg brukar å gjere kvar seinsommar, og som eg også gjorde i 2016, var å ringmerke havsvaler. På to fangstøkter, henholdsvis natt til den 19. og natt til den 24. august, i Hellandsvågane vest på Sandsøya, fikk eg fanga inn 30 havsvaler. Av desse blei 29 ringmerkte og ein var ringmerkt frå før. Det er rett og slett ikkje så mykje som slår det å kome seg ut i seinsommarnatta og samtidig få nærkontakt med denne vesle sjøfuglen. Det er noko alle burde få oppleve...

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya 19. august 2016

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya 24. august 2016


September:
Den første og største godbiten hausten 2016, kom ellereie den 8. september. Då vart det sett ei DVERGLERKE på Hammarsneset på Runde. Den satt midt på vegen då Alv Ottar Folkestad og eg kom køyrande. Vi skulle då ut for å gjennomføre ein av dei siste feltdagane på Runde for året. Dverglerka er ein stor raritet her til lands, med berre nokre få funn årlig. Dverglerka finn ein normalt nærmast oss i tørt og karrig landskap i sør-Europa. Det nordligaste hekkefunnet blei derimot påvist så langt nord som i Danmark for eit par år sidan.

Dverglerke 2K+, Hammarsneset, Runde 8. september 2016

Dverglerke 2K+, Hammarsneset, Runde 8. september 2016

Etter den gode starten på september, med dverlerka på Runde, var det ikkje så veldig mykje å skryte av før vi kom ut i slutten av september. I denne perioden, med hausttrekket som går for fullt, er alt mulig. I mange år sleit eg med å finne min første gulbrynsongar på øyane, slik har det ikkje vore dei siste åra. Og i år virka dei til tider å vere over alt. På det meste hadde eg minst 4 ind. samtidig i ei treklynge eitt par hundre meter i frå huset heime på Støyle på Sandsøya. I perioden f.o.m. 17. september t.o.m. 1 oktober hadde eg fleire gulbrynsongarar både på Sandsøya og Voksa. Dette på tross av at feltsatsinga ikkje var heilt på topp. Denne vesle fuglen frå den sibirske taigaen har dei seinare åra utvida utbredelsesområdet sitt lenger vest enn tidligare. Mykje tyder på at denne vestlige delen av bestaden har eit regulært trekk til overvintringsplassar i Europa og Nord-Afrika. Og at det ikkje berre er fuglar som eigentlig skal overvintre i søraust- Asia som er på avveie. Til det er nok antallet fuglar for høgt.

Gulbrynsongar 1K+ Støyle, Sandsøya 21. september 2016

Gulbrynsongar 1K+ Støyle, Sandsøya 21. september 2016

Av andre observasjonar som blei gjort desse siste dagane av september, kan artar som vannrikse sivhauk, kvartbekkasin, polarmåse, gulerle og svartstrupe nemnast. Sivhauken som eg såg den 22. september utgjorde det 4. funnet av arten på øyane. Eg stod og følgde med på eit par svartstruper i Våge på Sandsøya då ein mørk skugge plutselig kom flygane og stupte ned i ei grøft like ved. Eit halvt minutt etter kom ein nydelig 1K sivhauk flygande opp av grøfta og rett forbi bilen der eg stod parkert på vegen. Det er ikkje akkurat kvardags.

Sivhauk 1K/juvenil, Våge, Sandsøya 22. september 2016

Svartstrupene som eg stod og såg på var faktisk dei første eg hadde sett i 2016. Vinteren 2015/2016 var nemlig akkurat så hard at dei svartstrupene som prøvde å overvintre på Vestlandskysten ikkje greidde seg. Og når det då ikkje kom tilstrekkelig med påfyll av svartstruper frå Storbritannia på vårparten, vart det altså ingen etablerte par på Sandsøya i 2016. Dei to fuglane i Våge var snakk om ein 1K hannfugl og ein 1K hofugl, altså begge fuglar klekte i 2016. Dei holdt stand ei stund, men fordufta etter kvart.

Svartstrupe 1K F t.v. med ein 1K M t.h., Våge, Sandsøya 25. september 2016

Det dukka også opp ein kvitmåse på Sandsham i denne perioden. Den 22. september satt det nemlig sett ein nydelig juvenil polarmåse på hamna. Dette er det nest tidligaste haustfunnet eg har hatt av ein årsunge av polarmåse. Eg hadde nemlig ein på Voksa den 21. september tilbake i 2010.

Polarmåse 1K/juvenil, Sandshamn, Sandsøya 22. september 2016


Oktober: 
Oktober er nomalt ein svært spennande månad, då dei skikkelige godbitane brukar å dukka opp. For min del blei det ikkje slik, men eg skal jo ikkje klage. Eg starta månaden med å fange inn svartstrupehannen som hadde hatt tilhold i Våge sidan den 22. september. Hoa den hadde holdt i lag med vart sett fram t.o.m. den 29. september, men etter det var ho ikkje å sjå. Etter at eg fanga inn og ringmerkte hannen fordufta også han. Om det var fordi eg fanga den inn, eller om den uansett hadde planar om å forflytte seg vidare, slik hofuglen gjorde, veit eg ikkje...

Svartstrupe 1K M, Våge, Sandsøya 3. oktober 2016
Etter dette vart det sett ein 1K polarmåse x gråmåse hybrid på Sandshamn den 5. oktober, Denne såg ved første augekast ut til å vere ein fullgod polarmåse. Men nebbteikning, vingeteikningar, og stjertteikninga peikar sterkt i retning av at det her nok er gråmåsegener inne i bildet.

Hausten 2016 var det også observert rikelig med vannrikser. Den beste dagen, den 21. oktober, hadde eg ikkje mindre enn 6 vokale vannrikser på forskjellige plassar på Voksa. I tillegg til dei som gav lyd frå seg, skremte eg også opp eit individ. Totalen enda altså på heile 7 vannrikser på Voksa denne dagen. Dette er det høgste antallet eg har hatt samtidig her på øyane nokon gong.

Av spurvefuglar kan det nemast to til tre flokkar med stillits, ei flokk på Støyle på Sandsøya den 14. og 15. oktober, og ei lita flokk på sørsida av Voksa den 18. oktober. I tillegg til stillits vart det også sett rikelig med stjertmeiser i oktober. Stjertmeis hadde eg berre sett ved eit par anledningar tidligare her på øyane. I ei lita periode på nokre dagar i oktober, var dei til tider overalt. Det største antallet stjertmeiser eg hadde desse dagane var på minimum 25 ind. Desse såg eg på Støyle den 12. oktober. Dette var høgst trulig fleire flokkar som hadde slått seg saman.

Stjetmeis 1K+, Støyle, Sandsøya 15. oktober 2016

Stjetmeis 1K+, Støyle, Sandsøya 15. oktober 2016

Den sjeldnaste av småfuglane denne månaden var ei vintererle som vart høyrd i det den flaug over på Støyle den 12. oktober. Denne fuglen utgjorde det 2. funnet for øyane. Går vi så vidare så dukka det opp ei adult myrhaukhoe på Voksa. Den vart sett ved to anledningar den 18. og 21. oktober.

Den 21. oktober kom eg også over ei tartarpiplerke. Piplerka vart sett ved hønebrua på Voksevegen, midt mellom Sandsøya og Voksa. Denne tartarpiplerka var faktisk den einaste som blei observert i Møre og Romsdal denne hausten. Normalt blir det jo sett minst ei handfull eller to av denne sibirske trekkgjesten kvar haust. Men altså ikkje i 2016.


November:
Den 3. november tok eg meg ein tur til Ervika på Stad for å sjå ei ASIASVARTSTRUPE som hadde blitt funnen der samme dag av Ståle Sætre. Eg fikk eit kort glimt av den før den forsvann. Der var nemlig ein svartstrupehann, av vår vestlige type, som jaga på asiasvartstrupa. Og til slutt lukkast den med å skreme bort den nære slekningen frå aust. Men, men eg fikk jo sett den, om enn berre i nokre sekund...

Og når vi først er inne på svartstruper... I Sandsvågen på Sandsøya dukka det opp ei svartstrupehoe den 22. oktober. Dette var altså den tredje svarstrupa på Sandsøya hausten 2016. Etter den 22. oktober så vart den sett den 4., 13. og 30. november, fortsatt i det samme området i Sandsvågen. Eg lukkast ikkje med å finne den etter den 30. november. Men det er ikkje heilt usansynleg at den overvintrar ein eller annan plass her på øya. I så fall så får vi håpe på ein mild og snøfri vinter...

Svartstrupe 1K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 4. november 2016
Heilt til slutt i november så vart det den 30. observert 2 adulte tundragsås ua. albifrons i lag med ei flokk på 9 grågjess på Voksa. Og dette var det siste som var verst å nemne frå denne månaden.

onsdag 29. juli 2015

Juni 2015

Den siste tida har det vore svært hektisk med feltarbeid. Dermed så har det vore heller lite tid til å oppdatere bloggen. Fortsatt er det meget hektisk med feltarbeid, men eg kan no få ut litt av det som var verdt å nemne frå juni.

Juni blei prega av feltarbeid på Runde. I tillegg til det så greidde eg også å få følgt opp mine eigne prosjekt på grashoppesongar og svartstrupe. Etter at alt dette var unnagjort var det heller lite tid til overs. Med lite tid til anna enn å følge opp dei forskjellige prosjekta, så blei det ikkje noko særlig satsing på sjeldenheiter i juni. Men er ein utandørs og samtidig har med seg både auger og øyrer, kan ein kome over litt av kvart. Den 5. juni hadde eg vore på mi faste runde for å følge med på svartstrupene på Sandsøya. Då eg kom heim igjen (Støyle, Sandsøya) og parkerte bilen, vart eg etter ei lita stund obs på ein fugl som for og spratt rundt på gårdsvegen på tunet heime. Etter å ha fått satt kikkeren på den såg eg med ein gong at det var snakk om øyane si første DVERGLERKE! For å få sett denne arten må ein normalt til Sør-Europa, der den hekkar, men særlig vår og haust så kan det dukke opp dverglerker også i Norge. Dverglerka er tilpassa ei tørt og karrig landskap, enten i kulturlandskapet, eller på naturlige tørre sletter. Når dei dukkar opp i Norge så finn ein dei ofte i kultrulandskapet, då gjerne på svartjorder, samt på og ved grusvegar. Dei foretrekker også strender og strandenger. (Den vart faktisk påvist hekkande så langt nord som i Danmark i fjor) Dagen etter eg såg dverglerka på Støyle på Sandsøya såg eg på nytt ei dverglerke, denne gongen på Voksa. Høgst sannsynlig så var det snakk om den same fuglen som eg såg dagen i forvegen.

Dverglerke 2K+, Støyle, Sandsøya 5. juni 2015

Eit par dagar etter at dverglerka var i boks vart det sett ei ringgås på Sandsøya. Ringgåsa var den samme som blei observert på den samme staden den 27. april. Fuglen høyrer til den austlige underarten bernicla som hekkar på tundraen i Russland.

Ringgås ua. bernicla 2K+, Bringsvor, Sandsøya 7. juni 2015

Går vi så vidare nokre dagar fram i tid, nærmare bestemt til den 12. juni, så fikk eg endelig enda ein etterlengta art på artslista til Sandsøya og Voksa. Denne gongen var det snakk om ein liten rovfugl, nærmare bestemt ein lerkefalk. Denne vart oppdaga då eg skulle gå til ein stad eg kunne få innsyn til eit av svartstrupereira i Sandsvågen. På vegen dit kom lerkefalken flygande rett over hovudet mitt på ca. 15 meters hold. Det vil seie at draktkarakterar som raudlige "bukser"og undergump, samt kraftig streka bryst og kroppssider, lett var synlig. Lerkefalken er ein sjelden gjest i M&R. I Norge hekkar den på søraustlandet. Per 2008 var det estimert ein stad mellom 150-250 par innan for landets grenser.

Endelig!!
Men den virkelige godbiten i juni kom først den påfølgande natta. For natt til den 13. juni, på mi nattlige lytterunde, kom eg over M&R sin fjerde SUMPSONGAR!! Songaren satt då og song sporadisk på austsida av Voksa. Med eit forferdelig ver med temperaturar ned i 5-6 grader celsius og konstante regnbyger frå nordvest, var det ikkje rart at den ikkje satt og song for full hals. Som nemnt over så har sumpsongar berre vore påvist tre gongar tidligare her i fylket. To gongar på Smøla, dette henholdsvis i 1995 og 2014, samt ein gong på Male i Fræna kommune, dette i 2013.

Sumpsongaren høyrer til locustella-slekta. Det er denne slekta grashoppesongaren også høyrer til. I tillegg til grashoppesongarane så høyrer også elvesongaren til dennne slekta med songarar. Dermed blei dette den tredje locustella-arten som har blitt observert på Sandsøya og Voksa.

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Her er eit lydopptak som blei tatt av songaren den 20. juni, ei veke etter at den først vart høyrd på Voksa.


Den 20. juni lukkast det også å få den ringmerkt. Fuglen hadde meget slitte sving- og stjertfjører, noko som tyder på at det er snakk om ein 2K-fugl, altså ein fugl som blei klekt i 2014.
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015

Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015
Fine og gyllne undre stjertdekkfjører utan klare lyse bremmar.
Klassisk sumpsongar!

Det er ikkje årlig det blir observert sumpsongarar her til lands. Fuglen på Voksa blei faktisk den første i Norge i 2015. I Danmark og Sør-Sverige er sumpsongaren ein svært sjelden hekkefugl. I Norge derimot, har den har aldri blitt påvist hekkande. Sumpsongaren er knytta til åpent vatn med takrørskogar. Den kan også hekke i anna type vegetasjon, men takrør er den mest foretrukne. Songaren på Voksa satt ikkje akkurat på ein lokalitet med klassisk habitat. Den satt nemlig i eit området utan åpent vatn, og med for det meste strandrør, hundekjeks og høymoler. Dette er ein heller klassisk lokalitet for grashoppesongarar. Faktisk så ringmerkte eg ein grashoppesongar i det same området i midten av mai, men denne flytta seg vidare på øya etter merking, og var ikkje der då sumpsongaren dukka opp.

Her er eit bilde som viser området der sumsongaren held til.



Ny grashoppesongar
Når eg først er inne på grashoppesongarar, så kan eg no nemne at songaren som eg merke på den samme lokaliteten som der sumpsongaren slo seg ned, flytta seg 200-300 meter mot vest. Der satt den og song til den 18. juni. Frå bilvegen kunne eg då høyre både grashoppesongaren og sumpsongaren synge samtidig, noko som gav eit veldig godt grunnlag for samanlikning av songen til dei to locustella-artane.

Ellers så fikk eg lytta etter nattsongarar på Remøya natt til den 22. juni. Det resulterte i årets 13. grashoppesongar på Søre-Sunnmøre. Under kan du sjå eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøy, Remøya 22. juni 2015


Feilsyngande åkerrikse
Når vi først er inne på nattsongarar, så må eg no også ta med åkerriksa som vart oppdaga på Voksa den 29. juni. Denne åkerriksa var ein smule feilsynande, og eg må innrømme at då eg høyrde den på langt hold, med ein gong ikkje heilt skjønte kva det var. Men etter nokre sekund gikk det opp eit lys, det måtte sjølvsagt vere ei åkerrikse... Dette vart då den tredje åkerriksa som blei observert her i fylket i 2015. Tidligare så vart der høyrd ei på Ona på Romsdalskysten, samt ei ved Myklebustvatnet i Herøy.


Her er eit opptak av songen til riksa frå Voksa.



Svartstruper
I år har eg to og eit halvt svartstrupepar på Sandsøya. Det vil seie at eg har eit par med ein hann og ein hofugl, samt eit par med ein hann og to hoer. Desse hadde før juni var over fått 11 ungar på vingene seg i mellom. Dette talet kunne vore betydelig høgre. To av reira blei dessverre predatert før ungane hadde blitt flygedyktige. I det eine av dei to kulla var det fem ungar. Kva som var i det andre veit eg ikkje. Det kullet blei nemlig tatt då ungane var berre eit par dagar gamle, altså før eg hadde sjekka reiret og ringmerkt dei. Dette er dessverre ein heilt normal del av naturen, sølv om det sjølvsagt aldri er kjekt at reira til fuglane du følger svært tett blir plyndra. (Eit fyldig samandrag av svartstrupesesongen 2015 vil eg kome tilbake med på slutten av året)

Her er nokre bilder av svartstrupene i juni.
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 17. juni 2015
Denne svartstrupehoa dukka opp i Sandsvågen den 9. mai. Den fikk så
eit kull på fem ungar. Dessverre så blei reiret plyndra før ungane kom på
vingene.

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015
Det er denne hannen som i år har to hoer i Sandsvågen.

Svartstruper, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015
Her matar hannen på ein av ungane som kjem frå kull nr. to som han
hadde i lag med den o


Eit bra år for lundane...
2015 ser ut til å bli eit bra år for lundane på Runde. Dei ber rikelig med mat, og veks som berre det! I juni var det for eksempel ein unge som bort i mot tredobla(!) vekta si i løpet av 10 dagar. Ein slik vekst viser at vekstvilkåra har vore perfekte. Lundefuglane har i år bert for det meste fisk frå torskefisk-familien. Altså fiskeyngel av hyse, torsk, sei, hvitting og den gjengen. Dei har også blitt sett berande sild/sil, men det har vore svært, svært få å sjå av den sorten.

Her er tre bilder frå siste halvdel av juni av lundar som ber fisk. Som dykk kan sjå så er det ingenting i vegen med størrelsen på fiskane dei kjem inn med.
Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Lunde ad., Runde 21. juni 2015

Ei fyldig oppsummering av 2015-sesongen på Runde vil eg kom tilbake med etter kvart.