mandag 28. mars 2011

Voksa 28.03.11

I dag var det ikkje mykje å sjå på Sandsøya, men på Voksa derimot....

Det beste frå Voksa i dag var mi første tundragås (ua. albifrons) sidan 2009, og ikkje minst våren/seinvinterens 3. duetrost på øyane.

Her er litt fyldigare oversikt over det som vart sett.
Snøspurv 3 (Voksevegen)
dvergdykkar 1-2 (Voksevegen)
grågjess 60+ rastande + 2 flokkar overflyg. på ca. 30 ind. i kvar flokk (Voksa)
kortnebbgås 2 (Voksa)
lappspurv 4-5 (Voksa)
sanglerke 11-24 (Voksa)
vipe 2 (Voksa)


Her er nokre av dagens bilder.
Snøspurv M
Snøspurv M
Tundragås ua. albifrons 2K med grågås t.h.
Duetrost i lag med gråtrostar
Gråtrost

søndag 27. mars 2011

Lunde

Det nærmar deg første tur på Runde for året. Dette vert truleg i starten av april. Eg kan nesten ikkje vente.....!:)

Her er nokre bilder av lunde som eg tok på den første turen eg hadde i fjor!



fredag 25. mars 2011

Ny grønlandsmåse, Sandshamna 25.03.11

I dag kom det også inn ein god del måsar i lag med fiskebåtane. I lag med alle måsane fann eg ein 2K(1.vinter) grønlandsmåse. Dette var ein ny fugl og ikkje den same som i går. Denne var litt større og kraftigare, samt at teikningane på rygg og armdekkarar ikkje var så kraftige(slitt) på denne som den måsen som vart sett i går. Ellers so er nebbet på denne også meir tofarga.

Dagens grønlandsmåse.
Grønlandsmåse 2K/1.vinter (t.h.) og gråmåse 5K+/4.vinter eller eldre (t.v.)

Her er også eit lite videoklipp!

torsdag 24. mars 2011

Fuglenytt frå Sansøya/Voksa 23-24.03.11

Dei siste par dagane har det komt inn ein del fleire måsar på hamna. Og dermed har det blitt satsa ein del til på måsane. Utanom å sjå på måsar gikk eg over markane på Voksa i dag. Det resulterte i ei kortnebbgås. Denne er avbida under.kvartbekkasin. Medan det i går vart sett ei kortnebbgås i ei grågåsflokk, også det på Voks
Kortnebbgås, Voksa

I tillegg til gåsa har dette blitt sett dei to siste dagane.

sanglerke 3 (Voksa)
enkeltbekkasin 1 (Voksa)
sildemåse ua. intermedius 2+1 (Sandshamna, Sandsøya)
hettemåse 2 ad.(3k+) (Sandshamna, Sandsøya)
fiskemåse 10+ (Sandshamna, Sandsøya)

På plass igjen...
På Sandshamna i var det i dag som nemnt bra med måsar. Blandt desse var der ein 2K grønlandsmåse. Dette var då mest sansyneleg den samme grønlandsmåsen som vart sett på hamna den 5.mars.

Her er nokre bilder av måsar frå i dag.
Hettemåse ad./3k+
Delvis i sommardrakt
Hettemåse ad./3k+
I full sommardrakt
Grønlandsmåse 2k/1.vinter (t.v.) og gråmåse 4k/3.vinter (t.h.)
Grønlandsmåse 2k/1.vinter
Grønlandsmåse 2k/1.vinter

tirsdag 22. mars 2011

Sandsøya/Voksa 17-22.03.11

Den siste veka har det vorte få timar i "felten"! Dette pga. at det er lite fugl å sjå samt det dårlege veiret som vi har hatt den siste tida. Då er det ikkje lett å motivere seg til å kome seg ut skåde....

Men nokre få turar ut har det vorte. Det beste frå den siste veka er faktisk frå i dag. Nemleg årets, og øyane sin 2. duetrost. Denne gongen ikkje på Sandsøya, men på Voksa. Ellers så vart totalen på dykkarane/lommane telt. Det reulterte i eit svært lågt antall. Nemleg berre 2 horndykkarar og 2 gråstrupedykkarar, og ikkje ein einaste islom.


Her er eit dokumentasjonsbilde av Voksa sin første sikre duetrost!
Duetrost, Voksa


Aldersbestemming av stormåsar
Sidan eg starta for 5 år sidan å sjå nøye over måsane har eg lært ufattleg mykje. Og det viktigaste er å aldersbestemme måsane. For når ein skal skille dei forskjellige artane er det forskjelliga kjenneteikn ein må sjå etter i kvar aldersklasse.

Her er nokre bilder av gråmåsar i forskjellige aldrar. Hos gråmåsane er det fire aldersklasser. Då dei ofte har fullt adult drakt etter nesten 4 år. Men her er det veldig stor variasjon.....

Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 3K (2.vinter)
Det som skiller denne frå 2K fuglane over er nye grå skapulærfjører
 i tillegg til at den har starta å få lys iris. Lys iris
frå dei først etter ca. 10 månadar!
Gråmåse 3K (2.vinter)
Denne har mytt til enda fleire grå fjør på mantel og skapulærar!
Gråmåse 4K (3.vinter)
Denne har i motsetning til dei to 3K-fuglane over ikkje berre mytt til
grå mantel og skapulærar, men også mytt fleire armdekkarar. Den har også
tydelige kvite tuppar på håndsvingfjørene!
Gråmåse adult (5k+/4 vinter eller eldre)

søndag 13. mars 2011

Fargemerka gråmåse på Sandshamna 13.03.11

I dag skulle eg egentleg ha heilt fri for fuglar. Men den gong ei! Eg var tilfeldigvis ute og kjøyrde når eg såg at det hadde komt inn ein del måsar på Sandshamna. Dei måtte eg sjølvsagt "ploge" gjennom. Det resulterte ikkje i noko sjeldent, men derimot i nok ein Norskmerka gråmåse. Denne gongen i frå Husholmen i Bjarkøy kommunde i Troms. Under kan du lese historia til måsen.

Her er årets dårligaste dokumentasjonsfoto så langt.
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med J1296.
Den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) i 2009!

Dato           Stad                                                                          Koordinatar               Observatørar                  Dagar/km/°
30.07 2009 Husholmen, Froholman, Bjarkøy, Troms, Norway 69°03'11"N 016°20'00"E Helberg, Morten
Maløya Torland, Klaus
Noddeland, Jon -
13.03 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 591/903/218


Her er eit oversiktskart!

torsdag 10. mars 2011

Vipe og havørn

I dag var det ikkje mykje å sjå. Men eg tok nokre bilder av eit par viper på Voksa, samt ei havørn setande på eit skjær med "storebåra" i bakgrunnen. Bilda kan du sjå under.

Vipe
Vipe
Vipe


Og til slutt eit bilde av ørna!
Havørn

onsdag 9. mars 2011

Duetrost fortsatt, Sandsøya 09.03.11

I dag satt den plutselig der igjen! Nemleg duetrosten. Dette er heilt sikkert den same som vart sett den 28.februar, i og med at den holdt til på nesten eksakt same plassen.

Her nokre bilder av trosten.
Duetrost
Duetrost
Duetrost

Vipe og tjeld m.m
Her er nokre andre observasjonar som vart gjort i dag.
Dvergdykkar 2
Sangsvane 11 (3 2K) (Vågen, Sandsøya)
Gravand 16+ (Storeviksa, Sandsøya)
Svartand 3 F-farga (Voksevegen)
Grågås 15 (Voksa)
Tjeld 11+ (Sandsøya/Voksa)
Vipe 3 (Voksa)

lørdag 5. mars 2011

Grønlandsmåsar, Sandshamna 05.03.2011

I dag fikk eg endeleg ein grønlandsmåse på fotohold. Det har nemleg vore få av sorten denne vinteren. Faktisk berre to har vore innom på hamna. Den 2k fuglen eg fikk bilder av i dag er med 99% sannsynlegheit den same som vart sett på hamna 26.februar. I tillegg til den var den adulte (5k+) fuglen som vart sett for to dagar sidan fortsatt på plass.

Men det var ikkje berre grønlandsmåsar som vart sett i dag. Her er dei andre observasjonane.
tjeld 2 (Voksevegen)
snøspurv 1 (Voksevegen)
grågås 13 (Voksa)
vipe 11 (Voksa)
gravand 6 (Storeviksanden, Sandsøya)

Her er nokre bilder av måsen.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)

torsdag 3. mars 2011

Grønlandsmåse, Sandshamna 03.03.11

I dag vart det berre ein kort tur ut. Det resulterte i årets 2. grønlandsmåse. Denne gongen var det snakk om ein voksen fugl (5K+). Denne vart sett rastande på Sandashamna i lag med andre stormåsar! Utanom grønlandsmåsen vart det sett ein Norskmerka gråmåse ved Voksevegen, men eg greidde ikkje å lese kva som stod på ringen! Desverre.......

Under kan du sjå eit bilde og eit videoklipp av grønlandsmåsen!

Grønlandsmåse 5K+ (4.+ vinter)

tirsdag 1. mars 2011

Russiskmerka gråmåse

I dag fikk eg svar på den fargemerka gråmåsen eg såg på Sandshamna for tre dagar sidan som eg trudde var merka i Russland. Og eg hadde rett...
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med KH67.
Måsen over vart merka i Russland, nærmare bestemt i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitsjøen. (Sjå kart under) Den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) 15.juli 2009 og dette var det første gjennfunnet etter at den vart merka.

Her er eit kart over kor den blei merka.


Dagens obsar.
Ellers så vart det tid til ein kort tur ut i dag. Eg fikk blant anna sett over måsane. Det resulterte i ein polarmåse i 1. eller 2. vinterdrakt (2-3K). Eg såg den på langt hold og greidde ikkje heilt å bestemme med for alder. Men heller mest mot 2K (1.vinter). Ellers så vart det sett 10 sanglerker, 5+ viper og 11 grågjess på Voksa.