fredag 19. desember 2014

Sandshamna, oktober - desember 2014

I løpet av dei siste par månadane så har det blitt satsa ein god del på måsar. Det er ikkje akkurat så mykje anna å sjå på denne tida av året... Eg har tidligare skrive om kaspimåsen og sildemåsane som vart observert på Sandshamna på Sandsøya i første halvdel av november. Etter den tid så har det vore mykje dårlig ver, og dermed lite fiskeri. Akkurat den kombinasjonen har resultert i at det også har vore svært lite måsar å sjå. Dermed ser eg no fram til å kome "inn" i januar med ein god del større fiskeriaktivitet. Då skal det også vere mulig å finne litt av kvart!

Kvitmåsar
Men enn så lenge så må ein berrre ta til takke med det ein får. I går den 19. desember vart haustens/vinterens andre polarmåse observert på Sandshamna. Den første vart observert den 18. oktober, og dagens måse var som den også ein 1K-fugl. Kjem vi ut i januar så blir det nok fleire av desse arktiske måsane å sjå. Då både polarmåsar, men også då særlig grønlandsmåsar. Det er nemlig grønlandsmåsen som normalt er den mest talrike av desse to artane. Så langt denne hausten/vinteren så har det vore ein grønlandsmåse innom på hamna. Det var ein 1K-fugl som vart observert den 14. november.

Her er ein link til eit par bilder av den aktuelle grønlandsmåsen: http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/Image.aspx?rappsyst=1&obsid=14244972&imageID=468639

Her er også nokre bilder av polarmåsen frå i går.
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 18. desember 2014.

Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 18. desember 2014.

Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 18. desember 2014.

Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 18. desember 2014.

 
Russiskmerkte måsar
Det er ikkje berre desse arktiske måsane som det har vore verdt å merke seg. Eg har nemlig hatt to ringmerkte måsar frå Russland. Ein svartbak og ein gråmåse, begge 1K-fuglar.

Svartbak - metallring nr. ES16207
Svartbak 1K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 23. oktober 2014.
Svartbaken med metallring nummer ES16207 vart avlest på Sandshamna den 23. oktober. Totalt er dette er den andre russiskmerkte svartbaken eg har hatt innom på hamna. Og denne hadde som den forrige berre påsatt ein metallring. Normalt så er det svært vanskelig å få avlest desse metallringane, men denne gongen lukkast det heldigvis. Eg fikk akkurat tatt nok bilder til å få lest den av før fuglen flaug til havs. Svartbaken ‹‹ES16207›› vart ringmerkt som ein ikkje flygedyktig reirunge (pullus) den 21. juni 2014 på Malyy Island i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitesjøen. Etter dette så hadde den ikkje blitt observert før den dukka opp på Sandshamna.

Avstanden mellom merkelokaliteten og Sandshamna er på ca. 1376 km. (sjå kart under)


 Gråmåse ‹‹KL95››
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 10. desember 2014
Gråmåsen med fargeringen KL95 vart observert på Sandshamna den 10. desember. Totalt er dette den tredje merkte gråmåsen frå Russland eg har hatt innom. Alle desse har hatt ein fargering i tillegg til metallringen. Gråmåsen ‹‹KL95›› vart ringmerkt som ein ikkje flygedyktig reirunge (pullus) den 9. juli 2014 i Farvaternaya i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitesjøen. Den blei ringmerkt i underkant av 10 km i frå der svartbaken over blei merkt. (sjå kart over) Dette var den første observasjonen av fuglen etter merking.


Finskmerkt gråmåse
I tillegg til desse to russiske måsane så har eg også hatt innom ein finskmerkt gråmåse. Dette er ein fugl som har vore innom på hamna fleire gongar etter at den første gong vart observert som ein 2K/1.vinter fugl i februar 2013. Fuglen er opprinnelig ringmerkt som ein ikkje flygedyktig reirunge (pullus) i Rauna, Lappi, Finland den 12. juli 2012.

Avstanden mellom der C89PR blei merkt og til Sandshamna er på ca. 1124 km. (sjå kart under)


Måsen er no inne i sin tredje vinter. Under kan du sjå bilder av fuglen i første-, andre og tredje drakt. Allereie til neste sommar så er dette ein potensiell hekkefugl. Men høsgst trulig så vil den nok ikkje gå til hekking før tidligast i 2016. Det skal då bli spennande å sjå om den slår seg ned her i området, eller om den igjen trekker austover til Finland for å etablere seg som hekkefugl der.

2K/1.vinter 
Gråmåse ‹‹C89PR›› 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 28. mars 2013

Gråmåse ‹‹C89PR›› 2K (1.vinter), Sandshamna, Sandsøya 28. mars 2013


3K/2.vinter
Gråmåse ‹‹C89PR›› 3K (2.vinter), Støyle, Sandsøya 16. april 2014

Gråmåse ‹‹C89PR›› 3K (2.vinter), Støyle, Sandsøya 16. april 2014


3K/3.vinter
Gråmåse ‹‹C89PR›› 3K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 12. november 2014

Gråmåse ‹‹C89PR›› 3K (3.vinter), Sandshamna, Sandsøya 12. november 2014

mandag 10. november 2014

KASPIMÅSE og sildemåsar på Sandshamna 7-8.11.14

Den siste tida så har så og seie all aktivitet i felt vore retta mot måsar. Det er rett og slett der eg føler at eg har hatt størst sjans. Det er lettare å kome seg ut når ein veit at der nesten kvar dag er ein del måsar å sjå gjennom. Dette i staden for og skulle gå rundt på jorder og i hagar for å leite etter småfuglar, då mest trulig utan å sjå noko som helst spennande. Det blir ein fort lei av...

Tross all satsinga på måsar denne hausten, så har det ikkje vore all verden å snakke om. Av sjeldenheiter og lokale raritetar så er det berre ein 1K polarmåse som eg hadde den 18. oktober som det er verdt å nemne. Men heldigvis så har dette endra seg i løpet av dei siste dagane...

Så satt den endelig der!
I forgårs den 8. november fikk eg endelig skikkelig betalt. Rett før det blei mørkt så kom eg nemlig over ein spennande måse på Sandshamna på Sandsøya. I det eg oppdaga fuglen så satt den med brystet rett i mot. Etter kvart som den starta å snu litt på hovudet så såg eg med ein gong at fuglen hadde eit langt smalt nebb, eit lite pæreforma hovud og eit skikkelig røft ansiktsuttrykk. Vidare så hadde måsen ein smekker kropp og lange bein. Etter å ha fått sett fuglen litt meir frå sida så datt også fleire karakterar på plass. Eg såg då blant anna den tydelige oppreiste kroppsholdninga, men kanskje det viktigaste, eg fikk sett teikningane på armdekkarar og tertiærar. Alle desse karakterane, heilt ned til fjørteikningane stemmer berre med ein art, nemlig KASPIMÅSE!! Dette vart då det 7-8. funnet av arten i Møre og Romsdal. 6-7 av desse har vorte observerte på Sandshamna på Sandsøya. Denne kaspimåsen var ein 2K (2.vinter) fugl, noko som er ei ny aldersklasse for meg. Tidligare så har eg hatt tre 1.vinter fuglar, ein 3.vinter fugl og 1-2 adult innom på hamna.

Kaspimåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 8. november 2014

På bildemontasjen over ser du kaspimåsen. Dessverre så hadde eg ikkje med meg speilreflekskameraet mitt for anledninga. Dermed så måtte eg ty til mobilen for å dokumentere måsen. Dette i kombinasjon med at det var så og seie heilt mørkt, gjorde sitt til at bilda er heller dårlige. Likevel så viser denne montasjen karakterane på fuglen greit. Det einaste som ikkje er heilt klassisk med denne måsen er pigmenteringa i brystet, på kroppssidene og litt i buken. Normalt er kaspimåsane i denne aldersklassa ein god del kvitare her. Men det denne fuglen viser ligg greit innanfor variasjonen til arten i denne alderen. Ser du på bilde 5 og 6 i montasjen så ser du tydelig forskjellen i jizzet, samt hovud og nebbforma i forhold til den 1K gråmåsen som står i forgrunnen. På bilde 7 kjem teikningane på rygg-, skulder- og armdekkarar, samt tertiærar godt fram. Det mørke fyllet i armdekkarar og tærtiærar passar perfekt for ein 2.vinter kaspimåse. Vidare så er ikkje dette den mest "avanserte" fuglen. Innslaget av grålige fjør i rygg-, skulder- og armdekkarar er ikkje svært imponerande, men igjen så ligg dette fint innanfor variasjonen hos 2.vinter kaspimåse. Ser ein vidare på bilde 8 så ser ein litt av stjertbandet. Dette er smalt og kontrasterar godt mot den indre delen av stjertfjørene. Hos gråmåsane så er stjertbandet som oftast meir utflytande. Går ein så til bilde 4 der måsen strekker hals, så ser ein tydelig alt ein forbinder med kaspimåse. Den smekre kroppen med eit "oppheva" bryst, dei lange beina, den lange og smale halsen, det vesle pæreforma hovudet med eit lite auge, og sist men ikkje minst det svært lange og smale nebbet utan noko særlig form for gonysvinkel. Alt i alt er dette ein superlekker 2K (2.vinter) kaspimåse.

Sildemåsar...
Dagen før eg kom over kaspien, altså den 7. november, hadde eg noko som er minst like uvanlig som kaspimåse på denne tida av året, nemlig sildemåse. Etter slutten av september og starten på oktober så er det svært, svært uvanlig å sjå sildemåsar. Ja, faktisk så er det vanligare å sjå enten kaspi- eller gulbeinmåsar på denne tida av året. Den 7. november var det ikkje mindre enn to sildemåsar innom og rasta på hamna. Den eine var ein lys 1K-fugl i full juvenil drakt, medan den andre var ein 3.vinter graellsii-type. Under kan du sjå bilder av dei to måsane.

1K (juvenil)
Denne måsen har ei lys underside, lyst bryst, hals og hovud. Dette i kombinasjon med det smale stjertbandet og dei ekstremt lyse undre arm- og handdekkarane m.m, kan muligens tyde på at dette er ein austlig fugl(?). Vidare så er den juvenile fjørdrakta utan noko form for slitasje, noko som vil seie at denne fuglen må ha blitt klekt seint.
Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014


3K (3.vinter)
Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

Sildemåse 3K (3.vinter) graellsii-type, Sandshamna/Sandsøya 7. november 2014

tirsdag 4. november 2014

Grashoppesongarar 2014

2014 vart min femte sesong med kartlegging av grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa. Det heile starta veldig tilfeldig i 2010. Etter å ha følgt med songarane sporadisk sidan 2007, gikk eg i 2010 inn for å prøve å finne ut kor mange songarar vi faktisk hadde på øyane. Dette då ved hjelp av foto. Etterkvart så fann eg fort ut at det var snakk om så pass mange at for å kunne holde oversikta måtte vi gå over til å ring- og fargemerke fuglane. Med merkte songarar å jobbe med så kunne eg også starte å sjå på forflytningar songarane gjorde, sjå om fuglane kom tilbake frå eit år til eit anna, osv. Dette gjorde det heile mykje meir interessant!

Endelig på plass...
Årets sesong starta lovande, i hvert fall vermessig. Med milde sørlige vindar frå midten av april låg alt til rette for ein tidlig ankomst av grashoppesongarar. Men tross febrilsk leiting, så var det ikkje ein einaste songar å sjå. I slutten av månaden og i starten av mai kom det inn ein kaldfront, og snøen låg igjen tidvis heilt ned i fjøresona. Det var i denne kuldeperioda mellom sludd og snøbygene at årets første grashoppesongar ankom. Songaren ankom natt til den 2. mai. Fuglen dukka opp på ein lokalitet på sørsida av Voksa der grashoppesongarane brukar å hekke så og seie årlig. Etter at den vart lokalisert ved hjelp av lyd vart songaren innfanga og satt på ein metall- og ein fargering. Dermed låg alt til rette for å kunne følge den vidare. Enten den skulle finne på å forflytte seg, eller bli stasjonær.

Her er eit bilde av årets første grashoppesongar. Dette bildet er tatt dagen etter ankomst.
Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 3. mai 2014

Etter at årets første grashoppesongar var på plass vart intensiteten på leitinga etter songarar auka betraktelig. Men det var først etter å ha søkt gjennom det meste av dei passande hekkelokalitetane på både Sandsøya og Voksa i ei veke til at songar nr. to for året dukka opp. Grashoppesongar nr. to dukka opp på ein lokalitet på Sandshamn på Sandsøya der det også så og seie årlig er songarar som slår seg ned. Eg hadde sjekka lokaliteten dagen før, og kan difor med sikkerheit seie at fuglen ankom natt til den 9. mai.

Det var her grashoppesongar nr. to for året dukka opp. Lokaliteten ligg på
Sandshamn på Sandsøya.

Grashoppesongarar over alt...
Etter den 9. mai vart det nokre dagar med hard nordavind. Dette satte ein effektiv stoppar for fugletrekket. Natt til den 14. mai var den første natta vinden stilna, utan at det virka å ha ei alt for stor effekt. Natta etter der igjen, altså natt til den 15. mai, er derimot ei heilt anna historie...

Eg hadde vore på feltarbeid på Runde den dagen, og på veg heim blei det ein tur innom Nerlandsøya, nærmare bestemt på Koparstad på sørsida av øya. Der har det tidligare vore ein del grashoppesongarar. I det eg steig ut av bilen så høyrde eg med ein gong ein velkjent lyd. Det satt nemlig og song ein grashoppesongar ikkje langt ifrå der eg stoppa bilen. Etter å ha fanga den inn og fått merkt fuglen, så synest eg så inderlig at eg høyrde ein songar til i det fjerne. Lyden var så langt unna at eg med ein gong ikkje var heilt sikker. Men når eg tydelig høyrde at songen stoppa og starta, så var all tvil feid til side. Dermed var det berre å gjere seg ferdig med songaren som eg allereie jobba med, og å prøve å lokalisere ind. nr to. Grashoppesongaren som eg hadde høyrd så vidt synge i det fjerne, satt i overkant av 200 meter lenger mot nordaust. Etter litt om og men så vart den også innfanga og ringmerkt. Etter at eg hadde fått merkt fuglane så hadde eg dessverre litt dårlig tid på ferga. Men eg ville så inderlig kome meg "ut igjen" på øyane. For ei slik natt med slike vibbar ville eg for alt i verda ikkje gå glipp av! Dermed var det berre å ringe til ferga. Heldigvis så kunne dei vente i dei fem ekstra minutta eg trengte for å kome meg til fergekaia. Etter å ha komt meg heim på Sandsøya og Voksa så var kvart minutt dyrebart. For det var ikkje mange timane før det blei lyst, og dermed slutt på songaktiviteten til fuglane. Eg køyrde direkte på Sandsøya og ut på sørsida av øya. Der hadde eg først eit par stopp, utan at det gav noko tellande resultat. På mitt tredje stopp virka det også heilt daudt. Men etter eit halvt minutt starta det å synge ein grashoppesongar. Songen var svært lavmelt, og sjølv om eg ikkje var langt unna så var det ikkje enkelt å høyre fuglen. Etter å ha funne fram til songaren så var der plutselig liv på alle kantar. I tillegg til grashoppesongaren som song, så var der to songarar som bevega seg i området rund den syngande fuglen. Begge desse varsla flittig. Etter å ha fått montert opp nettet og satt på lyden så hang der til slutt ikkje mindre enn tre grashoppesongarar i nettet. Eg må innrømme at det heile virka heilt surrealistisk. For eg hadde aldri trudd at eg skulle få tre songarar i det same nettet på den eksakt same plassen i løpet av berre ca. tre minutt. Dette viser berre at alt er mulig!

Etter å ha fått ein så bra start, så gikk turen vidare rundt på øya. Dessverre så var der ikkje noko meir som song der. Dermed så gikk ferda vidare til Voksa. Der var det heller ingen som song. Eg bestemte meg likevel for å sjekke eit område midt på øya der det brukar å hekke grashoppesongarar. Eg gikk inn i området og spelte av lyd (song av grashoppesongar). Ikkje mange sekunda etter å ha satt på lyden så kom der flygande ein grashoppesongar. Dermed var det berre å finne fram nettet og fange den inn. Som sagt så gjort. Etter å ha merkt songaren så var der plutselig ein fugl til. Den gikk også i nettet, men dessverre så blei den ikkje hengande. Etter å ha vore i nettet ein gong så virka det som om den hadde skjønt opplegget, og fordufta.

Totalt denne natta så blei det merkt ikkje mindre enn seks grashoppesongarar. Men det var nok ein god del fleire rundt omkring, for til tider virka det som om dei var over alt. Det var rett og slett ei draumenatt for den som er hekta på grashoppesongarar.

Her er dei tre grashoppesongarane som blei merkt på sørsida av Sandsøya i
kvar sin pose.
Etter denne ekstreme natta så hadde eg virkelig store forhåpningar om at det skulle dukke opp mange fleire songarar på øyane. Men etter den 15. mai så dukka det faktisk berre opp ein grashoppesongarhann til. Den vart først observert på Voksa natt til den 21. mai, og det meste tyder på at den slo seg ned på lokaliteten og vart stasjonær. I eit godt år så kan det dukke opp grashoppesongarar gjennom heile sommaren. Men dette var ikkje tilfelle i 2014. Vi må faktisk tilbake til toppåret ti 2011 sist det skjedde.
Grashoppesongarar andre stadar på Sunnmøre
I og med at det dabba av med grashoppesongarar heime på øyane så utvida eg søkeområdet mitt ein smule. I løpet av nettene til den 29. og 30. mai, samt natta til den 1. juni hadde eg meg eit skikkelig "raid" i ytre Herøy, indre Sande, samt i Ørsta kommune. Dette resulterte i seks nye grashoppesongarar. Av desse vart fem ringmerkte. Dei blei merkte på Remøya (2 ind.), Sørheim i Ørsta (2 ind.) og Haugsbygda på Gurskøya (1 ind.). Alle dei merkte songarane var hannar.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøy, Remøya 30. mai 2014
Dette var ein av dei to fuglane som blei ringmerkte på Remøya denne natta.

Som nemnt over så vart det ringmerkt to grashoppesongarar på Sørheim i Ørsta. I tillegg til desse to så vart der høyrd eit tredje ind. som "kjefta" ovanfor ein av dei andre fuglane. Dermed var dette den andre gongen denne sesongen eg kom over tre grashoppesongarhannar innanfor eit meget begrensa området.
Det var her i bakkane på Sørheim i Ørsta kommune dei tre songarane vart
lokalisert natt til den 28. mai. To av desse lukkast det å fange inn.
Totalt feilsyngande...
Som eg skreiv litt tidligare i innlegget så vart det merkt tre grashoppesongarar på den samme lokaliteten på sørsida av Sandsøya natt til den 15. mai. Av desse vart den første stasjonær på lokaliteten, nummer to fordufta, medan den tredje skulle vise seg å dukke oppe ein annan stad på øya...

Natt til den 27. mai kom eg over ein merkelig song i Våge på Sandsøya. Først lurte eg veldig på kva det kunne vere. Men etter nokre sekund så gikk det opp eit lys. Den kontinuerlige monotone lyden måtte vere ein locustella-songar, nærmare bestemt ein grashoppesongar. Eg har tidligare vore borte i fleire feilsyngande individ. Men ingen har vore på nivå med denne. (sjå bildet av fuglen under)

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 21), Kinna, Sandsøya 15. mai 2014

Etter å ha høyrd songaren vart det gjort forsøk på å fange den inn. For eg var heilt overbevist om at dette måtte vere ein nytt individ. Men uansett kva eg prøvde så var det ikkje mulig å få den til å gå i nettet. Tilfeldigvis så fikk eg eit glimt av songaren i det den satt i toppen av eit strandrør. Trur du ikkje at den hadde ringar på beina! Etter litt fram og tilbake så fikk eg ved hjelp av håndkikkert og hovudlykt lest av fargeringen på høgre bein. På ringen stod der talet 21. Dermed var det ein av fuglane som eg hadde fanga på sørsida av øya natt til den 15. mai som hadde forflytta seg hit, og no satt og song med ein totalt avvikande song. Natt til den 15. mai var dette den songaren som var vanskeligast å få i nettet. I og med at den ikkje reagerte noko særlig på lyd var eg veldig i tvil om den var ein hann eller ein hofugl. Lydar den gav (ikkje song) peika derimot sterkt i retning av at det måtte vere ein hann. Etter å ha høyrd den "synge" i Våge så var det ikkje lenger nokon tvil, det var ein hannfugl. Songaren satt og song slik i eit par netter til, for så å bli taus. Muligens blei den værande på lokaliteten, men dette er langt i frå sikkert.

Her er eit lydopptak som blei tatt av den avvikande songen til grashoppesongar "21". (I bakgrunnen på opptaket høyrer du blant anna ein syngande sivsongar)

Vellukka hekking...
Minst tre av dei totalt sju grashoppesongarane som eg ringmerkte på Sandsøya og Voksa i løpet av mai, slo seg ned og hekka. Truleg så var dette talet minst fem. Men i og med at dette er ein ekstremt kryptisk art, så er det svært vanskelig å få eksakte antall. Ut i frå blant anna songaktiviteten så tydar det meste på at minst to av para fikk fram to ungekull. Det var berre i territoriet til ein av songarane eg gikk inn og sjekka nøye etter ungar. Og ungar var der! Territoriet høyrde til den først ankomne songaren for året. Den songaren som ankom i kulderperioda heilt i starten av mai.

Det var inne i denne vika på sørsida av Voksa at årets første grashoppesongar
slo seg ned, og seinare gjennomførte vellukka hekking.

Når eg på seinsommaren sjekka territoriet til songar "17" for ungar, så var fortsatt "gamlefar" sjølv på plass. Den 12. august fikk eg hannen i nettet under forsøk på å få ringmerkt årsungane som var i området. Hannen vart sist sett dagen etter den 13. august. Han hadde då vore på plass på lokaliteten i godt over tre månadar.

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 12. august 2014
Denne songaren vart opprinnelig ringmerkt den 2. mai. Øverst i innlegget
så finn du eit bilder av den samme songaren tatt dagen etter merking.

Grashoppesongar 2K+ M (fargering nr. 17), Voksa 12. august 2014

I tillegg til å få hannen i paret i nettet så fikk eg også det eg var ute etter, nemleg årsungar. Totalt fikk eg ringmerkt to ungfuglar. Totalen på ungfuglar som vart sett i området var på minst fem. Under kan du sjå bilder av ein av dei som det lukkast å fange inn og ringmerke.

Legg merke til slitasjen i fjørdrakta til den voksne hannen over, kontra den heilt ferske fjørdrakta til årsungen under. Denne slitajen, eller mangel på slitasje, gjer det enkelt og aldersbestemme fuglane.

Grashoppesongar 1K, Voksa 12. august 2014

Grashoppesongar 1K, Voksa 12. august 2014

Kort oppsummert...
Totalt vart det i 2014 observert minst 11 voksne grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa. Fordelt på seks hannar, to hoer og tre ubestemte. Det vart også sett minimum fem årsungar. Alle årsungane vart sett på den samme lokaliteten på sørsida av Voksa. Av alle desse songarane så vart det ringmerkt sju voksne fuglar på øyane. Seks hannfuglar og ein ubestemt. Det vart også ringmerkt to ungfuglar i tillegg til dette.

Tek ein så med dei sju voksne hannane som henholdsvis blei merkt i ytre herøy (4), indre Sande (1) og Ørsta (2), så endar totalen på ring- og fargemerkte fuglar i 2014 på 16 individ.

Her er eit par oversiktskart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa og forflytningane deira i løpet av seinvåren og sommaren 2014.

Sandsøya

Voksa


I 2013 vart det ringmerkt 20 grashoppesongarar på søre Sunnmøre. Ingen av desse vart dessverre gjenfunne i 2014. Eg får berre håpe at det blir betre til neste år, og at nokon av mine gamle kjenningar dukkar opp igjen for å ta fatt på ein ny hekkesesong på nordvestlandet. Om ikkje alt for mange månadane så får vi fasiten.


Tidligare oppsummeringar
For den som har interesse av det, så er det mulig å lese oppsummeringar av tidligare år med kartlegging av grashoppesongarar her:




onsdag 22. oktober 2014

Besøk frå høgarktisk Canada...

I løpet av dei siste tre og ei halv vekene så har det som vanlig blitt ein del timar utandørs på leiting etter sjeldne fuglar. Dette har dessverre ikkje resultert i alt for store sjeldenheiter. Dei største raritetane som har blitt observert på Sandsøya og Voksa i denne perioden er artar som ringgås, polarmåsekvartbekkasin, vannrikse og gulbrynsongar.

Som ein del av satsinga i felt så har det blitt brukt ein god del tid på måsar. Det har dessverre heller ikkje resultert i sjeldenheiter. Det einaste som eigentleg er verdt å merke seg, er som eg også har nemnt over, nemleg hausten/vinterens første polarmåse. Den vart observert på hamna for fire dagar sidan, nærmare bestemt den 18.oktober. Fuglen det var snakk om var ein 1K-fugl i full juvenil drakt. Ser ein så på ringmerkte måsar, så har eg hatt nokre spennande avlesingar i løpet av dei siste vekene. Den 3.oktober vart ein voksen fiskemåse med ein nederlandsk fargering observert rastande på Sandshamna. Elles så har det vorte avlesingar på fire engelskmerkte stormåsar. Ein adult svartbak, to subadulte gråmåsar, samt ein adult gråmåse. Alle merkte i søraust-England av North Thames Gull Group.

Men det var ikkje avlesingane på dei fargemerkte måsane som var det mest interessante når det gjaldt avlesingar av merkte fuglar i denne perioden. Det var det nemlig ein art frå ei heilt anna artsgruppe som stod for...

Besøk frå høgarktisk Canada
Den 29.september vart det sett to lysbuka ringgås (Branta bernicla hrota) rastande på Hamnaholmen på sørsida av Sandsøya. Berre det å sjå ringgås rastande er meget uvanlig. Som oftast så ser ein dei berre i det dei trekker forbi på havet på utsida av øyane. Men det mest spesielle var ikkje å sjå ringgås... For i det eg fikk "satt" teleskopet på gjessene så såg eg med ein gong at der måtte vere noko på beina til den eine fuglen. Og joda, der var ein gul fargering på kvart bein. På den eine ringen var der eit tretal, medan det på den andre var ein X. Eg tenkte med meg sjølv at ringgåsa måtte ha blitt merkt på Svalbard, eller i hvertfall høyre til den bestanden. Fuglane som både vår og haust trekker forbi Norskekysten er nemleg ringgås som hekkar på Svalbard og Franz Josefs land. I tillegg til desse så trekker så vidt eg forstår også ein del av bestanden på nordaust-Grønland via Svalbard, og følger dermed også Norskekysten på veg til dei same overvintringsområda. Desse overvintringsområda ligg nærmare bestemt på dei Britiske øyane (Northumberland i England) og i Danmark. Desse fuglane høyrer til den lysbuka underarten hrota. Denne underarten finn vi også på vestsida av Grønland og i nordaust-Canada, men i motsetning til Svalbardbestanden som eg har nemnt over at overvintrar i England og Danmark, så overvintrar desse hovudsaklig i Irland. I tillegg til desse lysbuka fuglane så har vi også ein underart til som vi kan forvente å sjå i Norge. Då snakkar vi om den austlige mørkbuka underaten bernicla. Desse fuglane hekkar i vest-Sibir og har ei austligare trekkrute. Dei trekker frå hekkeplassane og "ned" til kystane langs Nordsjøen, altså Danmark, til den sørlige delen av England og vest-Frankrike.

Ei av totalt ca. 4500 merkte ringgås...
Etter litt søking rundt omkring på nettet utan eigentlig å finne ut så alt for mykje, så gikk eg inn på ei nettside der det er bilder av fargemerkte fuglar. Etter litt om og men så kom eg inn på bilda av fargemerkte ringgås. Og trur du ikkje at ei av dei to gjessene som var avbilda på det nest øverste bildet var den same gåsa som eg hadde sett! Gåsa viste seg å høyre til eit Irsk prosjekt. Dermed sendte eg over ein mail til ein av dei som leiar prosjektet. Kvelden etter fikk eg svar, eit svar som eg vart ein smule overraska over... Gåsa viste seg nemleg å høyre til den aust-Canadiske høgarktiske bestanden. Bestanden skal vere på ca. 40 000 fugl. Desse overvintrar hovudsaklig i Irland, i vest-England, på Kanaløyane i den engelske kanalen og i Normandy i Frankrike. Prosjektet vart starta opp i 2001, og dei har i løpet av desse åra merkt ca. 4500 ringgås. Dette gir ca. 10 000 avlesingar på overvintrande fuglar årlig. I tillegg til desse avlesingane så har dei også ca. 5000 avlesingar årlig på fuglar som rastar under vår- og hausttrekket på Island.

Ringgås (X3, gul-gul) adult, Hamnaholmen, Sandsøya 29.september 2014

Overvintrar årlig i den engelske kanal...
Gåsa "mi" hadde ei mildt sagt fyldig gjenfunnshistorie. Denne hoa blei merkt som ein adult fugl på sørvest-Island i 2006, og den har kvart år sidan blitt observert overvintrande på Jersey, altså kanaløya i den engelske kanalen som ligg nærmast Frankrike. Den blir også observert kvar vår når den rastar på trekket på Island på veg til hekkplassen i nordaust-Canada. Der feitar dei seg opp for å kome seg i kondisjon til å gjere unna den siste delen av trekket mot hekkeplassen, og for å vere i tilstrekkelig kondisjon til å kunne starte hekking ganske umiddelbart etter ankomst. Og når vi først snakkar om hekking, så hekkar ringgåsa "X3" på Cornwallis Island, høgt oppe i den nordustlige delen av arktisk Canada. Fuglen blei faktisk sett for første gong på hekkeplass under ein ekspidisjon som prosjektet hadde i sommar som var. (2014)

Her er eit kart som viser trekkruta om våren. Då med ei periode der dei rastar på Island, før dei tek fatt på den siste reisa mot Cornwallis Island i høgarktisk Canada. Totalt så er denne reisa rekna i luftlinje ca. 4900km.

Her er trekkruta "X3" brukar på nordtrekket på våren.

Kraftige lavtrykk...
Grunnen til at gåsa dukka opp på Norskekysten i år kan nok ganske enkelt forklarast med dei kraftig vestlige lavtrykka med storm og kraftig nedbør vi hadde i tida før den blei oppdaga. Desse har ført gåsa ein god del kilometer for lagt mot aust, og altså då inn til kysten på nordvestlandet. "X3" og den ringlause kompanjongen var fortsatt på plass dagen etter, altså den 30.september. Den ringlause fuglen var muligens maken til "X3", den virka i hvertfall å vere ein hannfugl, i og med at den var ein god del større og kraftigare enn "X3". I ettertid har det holdt til ei umerkt ringgås i det same området. Om dette er den ringlause gåsa frå den 29. og 30. september, er umulig å vite, men eg trur nok at dei to fuglane som sagt holdt til i lag, og dermed også trekte vidare saman. Noko som burde tilseie at ringgåsa som holdt til her i starten på oktober var ein ny fugl.

Her er eit kart der funnstanden, altså Sandsøya, og hekkeplassen, Cornwallis Island er plotta på kartet. I luftline så er avstanden her på i underkant av 3800km.

Her ser du kor "X3" enda opp etter å ha komt ein del på avveie under haust-
trekket 2014.

Det skal bli spennande å sjå om "X3" dukkar opp, og igjen overvintrar på Jersey. Og om den til våren nok ein gong trekker si vanlige rute mot hekkeplassen i den høgarktiske delen av Canada. Berre tida vil vise...

søndag 5. oktober 2014

Ungemerking av måsar 2014

Som mange kanskje har fått med seg så er eg nok litt over middels interessert i måsar. Og eit av høgdepunkta når det gjeld måsar i løpet av året er å merke ungane deira. 2014 vart min tredje sesong med merking av måseungar. Eg starta forsiktig i 2012 med 42 gråmåsar, 36 svartbak og 1 sildemåse. I 2013 gikk eg litt hardare til verks... Det vil seie: 227 gråmåse, 35 sildemåse, 25 svartbak og 17 fiskemåse. I år hadde eg eigentleg ikkje bestemt meg for kor mange som skulle merkast, eller kva slags artar eg skulle satse på. Det som var heilt sikkert, var at eg ikkje kom til å gå så mykje etter gråmåsar som eg gjorde i fjor.

Kvifor ringmerke?
Ved hjelp av denne merkinga så kan ein få data på vandringar og levealder hos fuglane. Får ein merkt dei som ungar så får ein også eit meget godt innblikk i variasjonen i fjørdraktene i dei forskjellige aldersklassene før dei blir utfarga. Akkurat den delen med draktstudie er kanskje det som eg finn mest interessant... Når eg merkar ungane så set eg nesten 100% av tida på både metall og fargering. Av og til kjem eg over ungar som er for små til å få påsatt fargering og då må nøye seg med ein metallring. Desse ringane er nesten vekkasta. I hvertfall når ein samanliknar resultatet som ein får med ein fargering i tillegg metallringen. Ein fargering kan ein under gunstige forhold lese av på godt over 300 meters hold. Noko som vil seie at det er veldig enkelt å kunne individidentifisere fuglane. Skulle eg berre satt på ein metallring så hadde det ikkje vorte mange avlesingar, då desse er mykje vanskligare, ja, nesten umulige å få lest av i felt.

Sesongen 2014
Dei første ungane eg merke i 2014 vart merkte i Goksøyra på Runde den 27. juni. Etterpå dette vart det merkt ungar i måsekoloniar i Kvalsvika på Nerlandsøya, Vorakletten på Sandsøya og på Storholmen sør for Kvamsøya. I desse koloniane blei det merkt neste utelukkande gråmåseungar. Medan ungane av svartbak i hovudsak blei merkte på skjær og holmar ved Sandsøya og Voksa. Det blei også ein merktetur til Svinøya, der det blei merkt svartbak. Dei koloniane/hekkeplassane som ligg tilgjengelig frå land blir det brukt bil for å kome seg så nær som mulig, for så å ta beina fatt. Men skal ein kome seg rundt på alle skjæra og holmane som ligg rundt omkring, så er det ikkje akkurat berre å ta bilen. Då går eg over til å bruke kajakk. Kajakken er nemleg eit ypperlig framkomstmiddel, og med litt godvilje er det ikkje mange plassane ein ikkje kjem seg fram...



To svartbakungar som la på svøm har her nettopp blitt
innfanga og får seg ein padletur til nærmaste skjær
eller holme der dei vil bli ringmerkte.

Eit bra år for svartbaken...
Etter å ha starta årets sesongen med merking av gråmåseungar, så såg eg fort at svartbakane virka å ha eit meget bra år når det gjaldt ungeproduksjon, i hvert fall i forhold til dei to føregåande åra.

Tre svartbakungar klare for merking.

Ï fjor hadde svartbakane eit rekordårlig år når det gjaldt ungeproduksjon... I år derimot, var det som det blei nemnt over meget bra. Dei fleste para hadde ungar, og mange av kulla var fulltallige. Men litt svinn blei det no utover sommaren... For 2014 vart eit rekordår når det gjaldt ungeproduksjon for havørna her i distriktet. Og med mange havørungar på reira, så blei det også høsta ein del lett tilgjengelige måseungar. Men slik er det berre. Det er slik naturen er satt saman. Heile økosystemet heng i hop. Er det mykje mat i havet så ligg alt til rette for mange måseungar. Er der mange måseungar så ligg alt til rette for havørna til å få fram sine ungar. Slik er det berre, og slik skal det vere!

Etter at eg merkte mine første svartbakungar i starten på juli, holdt eg det gåande med merking gjennom heile månaden. Den siste ungen for sesongen blei merkt så seint som den 4.august. På dette tidspunktet var dei fleste flygedyktige, men nokre seine fuglar hadde fortsatt litt igjen før dei kom seg på vingene. Svartbakane er flygedyktige etter ca. 7 veker, medan gråmåsane og sildemåsane er det same etter ca. 5-6 veker. Men dette varierar selvfølgelig med tilgongen på mat.

I starten på september var det fortsatt svartbakungar som var på hekkeplass og blei mata av foreldra. På dette tidspunktet så hadde eg faktisk allereie hatt mine to første gjenfunn frå utlandet av årets ungar. Ein svartbakunge som blei merkt på Svinøya vart observert i Danmark, og ein unge som blei merkt på Sandsøya vart observert i Skottland.

Her er ein link til eit bildet av årsungen som blei sett i Danmark: http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=43149&VisF=ON&XIF=ON

Totalt fikk eg ungemerkt dette i 2014: 93 gråmåse, 5 sildemåse og 74 svartbak.

Identifikasjon...
Alle våre stormåseartar, altså gråmåse, sildemåse og svartbak er ganske så like i fleire av aldersklassene, og det er ikkje alltid like enkelt å bestemme dei i frå kvarandre. Mange av draktkarakterane overlappar frå art til art, og ein karakter i seg sjølv er ikkje nødvendigvis avgjerande. Det er summen av karakterar, både draktkarakterar, hovud-/nebbform og jizz som gjer det til den eine eller andre arten. Dette gjeld fullt fjøra måsar, men også selvfølgelig reirungar.

Legg merke til hovud- og nebbforma på desse to artane. Gråmåsen har flat eller konkav panne, medan svartbaken
har "oppblussa" - konveks panne. Vidare så er nebbet mykje kraftigare på ein svartbak enn ein gråmåse. Kombinasjonen av nebb og hovudform gir heilt forskellige inntrykk på desse to artane. Dette er karakterar som det går ann å bruke i artsbestemminga på ein del av ungane. Det er riktig nok stor variasjon, og det er langt frå alle ungane som er så klassiske som dette.

Her ser ein kva ein skal sjå etter når det gjeld fjørteikningar hos sildemåse, gråmåse og svartbak. Sildemåsane har kontrastrikt fyll med fine gylne bremmar på armdekkarar og skulder-/ryggdekkfjør. Ser ein så på gråmåsane, så er desse som oftast mykje mindre kontrastrike, noko ein med litt trening fort legg merke til. Svartbaken er nok den som er mest kontrastrik. Med lys "grunnfarge" mot veldig mørkt og kontrastrik fyll i fjørene. Denne beskrivelsen på fjørteikningane er meget forenkla, men den gir likevel ein ide om kva ein skal sjå etter. Variasjonen på draktteikningar innanfor desse tre artane er veldig stor og dermed blir det ein del overlapping.

Ser ein så på vingeteikningar, så har sildemåsen heilmørke indre handsvingfjører, gråmåsane har relativt lyse indre handsvingfjører, medan svartbaken som oftast ligg ein stad mellom desse to. Men her er det stor variasjon, og alle artane kan overlappe, eller ligge svært nær kvarandre i teikningar. Men brukar ein både nebb-/hovudform, teikningar på arm-, rygg- og skulderdekkfjører, teikningar på tertiærar, stjertteikningar (ikkje tatt føre seg her), samt vingeteikningar, så blir ikkje artsbestemminga nødvendigvis noko hokus pokus. Riktig nok så er der fuglar som er vanskelige å bestemme. Desse kan ein då berre la ligge, for der er som oftast nok ungar å ta av.

Her er eit par av fuglane som blei ringmerkte denne sesongen. Begge desse er avbilda på Samdshamna på Sandsøya etter at dei blei flygedyktige.
Gråmåse 1K/juvenil, Sandshamna, Sandsøya 3. august 2014
Denne fuglen blei merkt den 1. juli i kolonien i Vorakletten på Sandsøya.

Svartbak 1K/juvenil, Sandshamna, Sandsøya 4 .august 2014
Denne fuglen blei merkt ved Marøya den 6. juli.

fredag 26. september 2014

Ona 22-24.09.14

Etter å ha satsa i felten heime på Sandsøya og Voksa så langt denne hausten, så var det på tide med ei lita forandring. Dermed blei turen lagt til Ona på Romsdalskysten. Der fikk eg ganske nøyaktig tre dagar i felt før eg vendte nasa heimover pga. at det var meldt dårlig ver.

Ona har vist seg som ein meget habil lokalitet når det gjeld å oppvise sjeldne fuglar. Opp gjennom åra er det mang ei nasjonal sjeldenheit som har dukka opp på denne velse øya ute i havgapet.

I løpet av dei to dagane før eg reise ut på øya vart det sett artar som sibirpiplerke, rosenstær, polarjo og fjelljo m.m. Dermed var det berre å kome seg ut i felt å prøve å finne noko som var enda betre... Dei dagane som eg var der var vi 5-6 mann som gikk og trakka.

Ona, september 2014

22.september
Denne dagen vart det observert tre vannrikser og ein rørsongar (1K). Ellers så var også ROSENSTÆREN som første gong vart observert den 20.september fortsatt på plass.


Rosenstær er ein aust/søraustlig art. Det vil seie at ein må til Aust-Europa og vidare austover til Sentral-Asia for å finne dei hekkande. Arten blir årlig sett her til lands, men den er langt frå vanlig. Før denne fuglen så var det ikkje sett rosenstær i M&R på fleire år. Og totalt er det heller ikkje mange funna av den. Rosenstæren overvintrar i sør-Asia.

Rosenstær 1K, Ona 22.september 2014

Rosenstær 1K, Ona 22.september 2014

Rosenstær 1K, Ona 22.september 2014

Rosenstær 1K, Ona 22.september 2014


23.september
Den 23.september var det enda betre "vibbar" enn dagen i forvegen. Årets tre første gulbrynsongarar på øya denne huasten blei sett, vidare så vart det sett og høyrd ein rørsongar (samme som den 22.sep.), ei ub. sibirpip-/trepiplerke (overflyg. med lyd), ein ub. buskspurv (overflyg. med "zikk"-lyd), og sist men ikkje minst fylkets første dvergflugesnappar for året. Det kan også nemnast at rosenstæren vart sett kort.

Dvergflugesnappar er ein aust-/sørastlig art. I Norge har den blitt påvist hekkande to gongar på søraustlandet. Ellers så må ein til Sverige og Danmark for å finne den meir regelmessig hekkande. Dvergflugesnapparen overvintrar i vest-Asia og Afrika.

Dvergflugesnappar 1K, Ona 23.september 2014

Dvergflugesnappar 1K, Ona 23.september 2014


24.september
Denne dagen vart det lite fugl å sjå. Dette hadde nok mest med den sørlige vinden, samt regnbygene som gjorde sitt til at fugletrekket var heller labert. Det einaste som egentlig var verdt å nemne var ein ny gulbrynsongar. Av gammalt nytt så var dvergflugesnapparen som vart observert dagen i forvegen fortsatt på plass.
 
Dvergflugesnappar 1K, Ona 24.september 2014

Dvergflugesnappar 1K, Ona 24.september 2014
 
 
Alt i alt så må eg seie meg fornøgd med oppholdet, sjølv om den virkelige godbiten uteblei. Det viktigaste var egentlig å få litt forandring og å ha det litt sosialt. Så får ein heller berre håpe på at haustens virkelige "bombe" smell på søre-Sunnmøre i staden.