Viser innlegg med etiketten tartarpiplerke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tartarpiplerke. Vis alle innlegg

onsdag 8. januar 2014

Året som gikk...

Då er det nokre dagar sidan 2013 var omme. Og året som gikk gav mange fantastiske og uforgløyemelege opplevelsar. Ein del av desse opplevelsane var møter med sjeldenheiter. Då snakkar vi om artar som kaspimåse, elvesongar, sumpsongar, busksongar, trostesongar og tundrapiplerke for å nemne dei sjeldnaste. Men det trengst ikkje store sjeldenheiter for å holde motivasjonen oppe. Det er berre å gi meg eit par gråmåsar så er eg fornøgd! Det er minst like interessant å studere ein art/ ei artsgruppe for å lære dei betre å kjenne, enn å heile tida berre skulle jage etter dei sjeldnaste av dei sjeldne. Ein får heller ta "bombene" som krydder i kvardagen.

I løpet av 2013 vart det jobba spesielt med artar som gråmåse, svartbak, sivsongar og grashoppesongar. I tillegg til desse vart det i jobbsamanheng også jobba med sjøfuglar som blant anna lunde og krykkje mfl. Dette har vore både lærerikt og givande.

No er det på tide å sjå tilbake på nokre av høgdepunkta frå året som gikk! Under kan du sjå bilder av, samt lese om nokre av dei...
 
Austleg kaspimåse eller kaspimåse x gråmåse hybrid 5K+(adult),
Sandshamna/Sandsøya 20. mars 2013
I februar vart M&R sin fjerde kaspimåse sett på Sandshamna på Sandsøya. Denne gongen var det snakk om ein voksen fugl. Tidligare så hadde eg hatt to 1.vinter fuglar og ein 3.vinter fugl. I mars dukka fuglen som er avbilda over opp på hamna. Denne "kaspisaken" har utrulig nok for mykje svart i håndsvingfjørene, i hvert fall for den vestlege typen ponticus. Alle dei andre karakterane som fuglen viser er fine for kaspi, ja heilt ned til lyden. Dermed kokar det ned til at dette enten er ein austleg fugl, som då oppviser slike vingeteikningar, eller at dette er ein kaspi- x gråmåse hybrid. Fasitsvaret får ein aldri vite. Men det trengst strengt tatt heller ikkje. For det var litt av ein opplevelse å ha ein måse som flaug over aktivit lydtredane med klassisk kaspimåse-lyd.
 

 
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 28.mars 2013
Kvitmåsane er alltid like nydelige, då både polar- og grønlandsmåsane. I slutten av februar dukka det opp ein grønlandsmåse av "typen" kumlieni. Det mest korrekt her er å betrakte desse som hybridar av den nordamerikanske eskimomåsen og den grønlandske grønlandsmåsen. Dette er uansett ei stor sjeldenheit her i Norge, og før den store kvitmåseinvasjonen vinteren 2011/2012 var det ikkje mange funna av denne "typen" her til lands.
 
 
Lunde 4K+(adult), Runde 11.april 2013
Eit av årets store høgdepunkt er årets første tur i lundeura på Runde. I fjor var dagen perfekt med eit stort antall svermande lundar i nydelig vårsol og vindstille. Men 2013 vart dessverre eit dårleg å for arten på Runde. For etter å ha summert opp etter årets hekkesesong enda ungeproduksjonen på ca. 14%. Dette er ikkje akkurat noko å skryte av, i toppåra er nemleg ungeproduksjonen på heile 75%. Av dei andre sjøfuglane på Runde var det berre havsula som gjorde det skikkeleg bra. No er det eit nytt år, så då er det berre å håpe på at det er dette året det endelig skal bli fullklaff på fugleøya.
 

 
Svartbak 5K+(adult) M, Toftesundholmen/Sandsøya 4.mai 2013
I 2013 vart det satsa ein god del på merking av måsar. Då både med fellefangst av voksne fuglar, samt ungemerking. Den voksne svartbakhannen som er avbilda over var ein av dei totalt 353 stormåsane (gråmåse, sildemåse og svartbak) som blei ringmerkte i 2013. I tillegg til desse blei det både merkt fiskemåsar og krykkjer... 

 
 
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 12.mai 2013
Etter å ha leita i eit par veker etter grashoppesongarar var det ufattelig deilig når den første for året endeleg vart lokalisert den 10.mai på Voksa. Bildet over er tatt av songaren eit par dagar etter at den dukka opp. I 2013 vart grashoppesongarprosjektet mitt vidareført. Dette prosjektet vart starta av Kjell Mork Soot og meg i 2010. Dette vart dermed det fjerde året eg har følgt nøye med arten på Sandsøya og Voksa. I løpet av året så vart det blant anna ringmerkt 20 grashoppesongarar. No ser eg fram til ein ny sesong, og forhåpentlegvis så kan eg lære arten enda betre å kjenne.
 
 
Busksongar 2K+ M, Våge/Sandsøya 20.juni 2013
Natta til den 20.juni dukka det endeleg opp ein art som eg hadde venta lenge på at skulle dukke opp her på øyane. Det er då snakk om den austlege arten busksongar. Og ikkje nok med at den dukka opp, det er den mest fotogene songaren eg har vore ute for. Eg kunne sitte heilt ope på 6-7 meters hold utan  at han brydde seg i det heile tatt! Eit av bilda som blei tatt av fuglen ser du ovanfor.
 

 
Sumpsongar 2K+ M, Male, Fræna kommune 28.juni 2013
Den 28.juni vart turen lagt til Male i Fræna kommune for å få med meg M&R sin andre sumpsongar. Visst du leitar godt på bildet over så finn du songaren som her er avbilda syngande av full hals. I og med at eg er hekta på locustella-songarar så kan eg vel trygt seie at pulsen steig eit par hakk i det den første "sangstrofa" kom...
 

 
Tartarpiplerke 1K, Ona 27.september 2013
I slutten av september vart turen lagt til Ona for litt feltsatsing. Og sjølvsagt var det sjeldenheiter som sto på menyen. Den største rariteten som vart sett dei dagane eg var der, var M&R si tredje tundrapiplerke. Men fuglen som kanskje gjorde mest inntrykk var tartarpipleka som du ser på bildet over. For det er ikkje akkurat daglegdags å ha ei tartarpiplerke pilande rundt deg på berre nokre få meters hold!
 
 
Etter å ha tatt eit lite tilbakeblikk på året som gikk er det berre å sjå framover og håpe på at året som kjem kan bli like bra. Eg skal i hvertfall gjere mitt for at det skal verte akkurat det! Så då gjenstår det vel berre å ønske alle eit litt forsinka godt nytt år...


søndag 29. september 2013

TUNDRAPIPLERKE m.m. på Ona 26-28.09.13

Etter at eg for første gongen besøkte Ona hausten 2009 har det blitt ein del turar til denne vesle øya på Romsdalskysten. For der ute i havgapet blir det nemleg satsa i felt kvar haust i nokre veker i slutten av september og i starten på oktober. Då som oftast av ein fast gjeng på 6-7 personar. Og det er alltid like kjekt å kome seg ut på Ona å møte gjengen, for å snakke om fugl, og å leite etter sjeldenheiter. For Ona har gjennom mange år no vist eit ekstremt potensiale når det gjeld sjeldne fuglar, då både austlege og vestlege artar. Dermed er det ein grei plass å reise når det er lite å sjå ellers. Det hjelp også sjølvsagt på at øya er lita, og at det er mange persongar i felt. Det er ein meget god kombinasjon med tanke på å finne sjeldne fuglar...

I år blei det så og seie tre heile dagar i felten på Ona for min del. Frå den 26. t.o.m. den 28.september  Det kan sjølvsagt bli fleire dagar, for skulle det plutseleg dukke opp etter eller anna spennande så blir det nok berre å kaste seg i bilen og kome seg av gårde. Men eg må no seie meg fornøgd med det tredagers oppholdet eg hadde der no. Det blei i hvertfall ein bra start... For under ein og ein halv time etter at eg ankom øya vart M&R si tredje TUNDRAPIPLERKE observert. Den vart sett meget godt, og gav også tidvis ein del lyd frå seg. Denne austlege piplerka er ein eksklusiv gjest i Norge, med ikkje alt for mange funn totalt. Dagen etter, altså den 27.september vart det også sett ei tundrapiplerke. Den kom då flygande ganske høgt og var svært vokal. Det meste tyder på at dette var ein ny fugl, men ut i frå "obsen" som blei gjort så er det umulig å vere heilt sikker på om det desse dagane var eit eller to ind. innom på øya.

Tundrapiplerka som vart sett den 26.september hadde tilhold ved og på gravplassen på Ona. Der gikk den tidvis i lag med fleire skjærpiplerker på det kortklipte graset. Her er nokre bilder av piplerka.
Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

Tundrapiplerke, Ona 26.september 2013

I tillegg til "tundrapipen" vart det også høyrd ei mulig sibirpiplerke den første dagen av oppholdet mitt. Men det kan godt hende at dette berre var trepiplerka som hadde tilhold der den 26. og 27. Under kan du sjå eit bilde av "trepipen".
Trepiplerke, Ona 26-27.september 2013


Fotogen tartarpiplerke...
Ja, det var mykje pipleke-action desse dagane, totalt var det observert 5-6 piplerkeartar . For i tillegg til skjærpiplerke, heipiplerke, trepiplerke, tundrapipleke og den mulige sibirpiplerka vart det sett ei tartarpiplerke. Denne sibirske storpiplerka blir det årleg sett fleire av på hausttrekket. Men dei er som oftast veldig, veldig sky, og å oppdrive bra foto av arten er ingen enkel sak. "Tartarpipen" som vart sett på øya den 26. og 27. var av den meir samarbeidsvillige slagt, og godtok at vi krøyp rundt på fotballbana der den hadde tilhold. Dermed gav det gode fotomuligheiter. Under kan du sjå eit lite utvalg av bilder som blei tatt av fuglen.

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013

Tartarpiplerke 1K, Ona 26-27.september 2013


Gulbrynsongarar i fleng...
I tillegg til alle piplerkene så vart det sett og høyrd mange gulbrynsongarar. Den beste dagen var vel dagen før (25.september) eg kom ut på øya. Då hadde det blitt observert ca. 20 "gulbryn". Noko som var ny rekord på ein dag på Ona. Dei dagane eg var på øya blei det sett i under og overkant av 10 ind. kvar dag. I føregårs, altså den 27.september vart det også sett ei grønlandsk polarsisik (polarsisik ua. hornemanni).


torsdag 19. september 2013

Tartarpiplerke, gulbrynsongar og åkerrikse m.m. på Sandsøya/Voksa 17-19.09.13

Dei siste tre dagane har det blitt satsa ein del i felt, og då først og fremst på Voksa. Det er i hvertfall der "ting" har dukka opp. I føregårs den 17.september vart haustens første tartarpiplerke for M&R observert der. Denne vart sett på eit jorde som eg har døpt om til "tartarpipjorde". For eg trur at så mange som 75% av alle tartarpipane som har blitt observert på øyane har vore innom på dette jordet. Ellers så vart det sett ei svarthalespove, den andre før øyane i haust.
 Her er eit bilde av mi første tartarpiplerke for året.
Tartarpiplerke, Voksa 17.september 2013
Det er slik det er vanligast å sjå den, når den kjem flygande i store bølgedalar.
 
Litt seinare på dagen vart vika på sørsida av øya besøkt. Der vart det sett ein 1K grashoppesongar. Den hadde både metall- og fargering, dermed var det ein av songarane som eg fikk merkt i forrige veke på den samme lokaliteten. Etter at den blei sett gikk eg og "vasa" ei stund til i det lange graset. Då flaug det opp ei åkerrikse. Dette er berre det andre haustfunnet av arten på øyane.
 
Grashoppesongaren som blei sett på Voksa den 17. september var nok høgst truleg denne. Denne songaren blei merkt på den samme staden den 13.september, sist av i alt tre grashoppesongarar som blei merkt der i forrige veke.
Grashoppesongar 1K, Voksa 13.september 2013

Seint svartstrupekull...
For ei og ei halv veke sidan så såg eg ei av dei voksne svartstrupene bærande på mat i Sandsvågen på Sandsøya. Men eg såg berre ein av dei voksne fuglane, og heller ingen ungar. I går (18.september) vart det nok ein tur innom lokaliteten for å sjekke om der kunne vere nokre ungar å sjå. Like etter at eg stoppa bilen og åpna bilvinduet kunne eg høyre tiggande svartstrupeungar. Ja, ungar som nettopp har blitt flygedyktige. Dei hadde nesten ikkje stjertfjør eller vingefjør, og minst ein av dei hadde fortsatt mykje dun igjen i hovudet. Så desse ungane kan ikkje vere meir enn 2-3 veker gamle. Dette er då årets tredje ungekull. Det første kullet blei sjølvstendige i slutten av juni og etter det virkar det som det har gått kast i kast. Men rikeleg med ungar trengst, skal bestanden bygge seg opp igjen til slik den var fram t.o.m. 2009.
 
Her er ein av ungane frå det første kullet i år.
Svartstrupe 1K, Sandsvågen/Sandsøya juni 2013
 

Gulbrynsongar og dobbeltbekkasin...
I dag (19.september) var det tatt nok ein sveip over Voksa. Like etter at eg kom på land på øya fikk eg auge på min første gulbrynsongar for året. Denne sibirske trekkgjesten er det alltid like kjekt å "kome over". Etter dette så blei det ein del "trakking" i eit av dei mange strandrørfelta på Voksa. Der kom eg over øyane sin 2-3. dobbeltbekkasin. Dermed så er det litt av kvart på farta for tida, og forhåpentlegvis så dukkar bomba opp om ikkje så alt for lenge...


tirsdag 9. oktober 2012

Tartarpiplerke m.m. Sandsøya/Voksa 09.10.12

I dag vart det tatt ein skikkeleg sveip over Voksa. Etter at Voksa var nøye gjennomsøkt for sjeldenheiter vart måsane på Sandshamna på Sandsøya nøye sjekka. Det resulterte i årets første tartarpiplerke for øyane. Den vart då sett rastande på Voksa. Men utanom den var det ikkje noko å rope hurra for. Det var desverre som det har vore den siste tida ganske så daudt med lite fugl å sjå. Men litt var det no likevel å oppdrive...

Her er det andre som var verdt å legge merke til på Voksa i dag:
spurvehauk 1 2K+ M
kvitkinngås 1 1K
kvartbekkasin 1
gråspett 1 F
sivspurv 1

Her kan du sjå nokre bilder av dagens "storpiplerke" på Voksa. For min del blir det nemleg ikkje skikkeleg haust før tartarpipen har vore innom. Eg legg også inn eit bilde av kvitkinngåsa, den også frå Voksa.
Tartarpiplerke 1K, Voksa

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Kvitkinngås 1K, Voksa


Engelskmerka gråmåse...
Etter at eg var ferdig på Voksa så vart det som nemnt over måseskoding på Sandshamna. Det resulterte i ein adult engelskmerka gråmåse. Etter litt jobbing fikk eg lest av metallringen fuglen hadde. Ellers så var fortsatt tre av "mine" fargemera gråmåsar på plass på hamna. Det vart også sett ein 1K sildemåse.

Her er eit litt meir informasjon om den ringmerka måsen.
Gråmåse 6K(adult), Sandshamna/Sandsøya
Denne hadde metallring med nr. GG61097
Gråmåsen med metallring nr. GG61097 vart ringmerka som ein 1K-fugl (1.vinter ) den 15.desember i 2007 på Rainham tip rett aust for sjølve London. Måsen er i dag då ein 6K fugl, altså litt over 5 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av fuglen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Rainham tip og Sandshamna er på
1238 km.

torsdag 17. november 2011

Sandsøya/Voksa 15. og 17.11.11

Her er litt fuglenytt frå dei siste dagane...

15.november:
Det var ein god del rastande gjess på Voksa denne dagen. Det vil seie 9 kortnebbgjess20-25 tundragjess ua. albifrons, 7 sædgjess ua. rossicus, og eit ukjent antall grågjess. Av andre artar som er verdt å nemne er 1 tartarpiplerke, eit seint funn av sivspurv, og ikkje minst ei flokk med 29 viper! 

På Sandsøya var flokka med kortnebbgjess på 39 ind. som vart sett rastande dagen før fortsatt på plass.

Her er eit bilde av nokre av tundragjessene.
Tundragjess ua. albifrons, Voksa 15.nov.

I dag...
Dagen i dag starta med ei ekstremt sein låvesvale. Den vart sett næringsøkane ved Voksevegen. Ellers så vart Voksa nøye "sjekka". Der var fortsatt alle gjessene, samt nokre nye på plass. I dag vart der 9 sædgjess ua. rossicus, 13 kortnebbgjess, 15-20+ tundragjess ua. albifrons, og fortsatt like mange grågjess. I tillegg til alle gjessene så vart det i dag også sett ein sivspurv, samt at tartarpiplerka som var på plass den 15. fortsatt var på plass i dag.

Eit par bilder frå i dag..
Sædgås ua. rossicus, Voksa.
(Rossicus er underarten av sædgås som vi finn
 på vidder og tundra i NV-Europa og NV-Sibir)
Sædgjess ua. rossicus, Voksa
Tartarpiplerke 1K, Voksa

Fargemerka gråmåse
Etter at eg var ferdig på Voksa så vart måsane på Sandshamna på Sandsøya nøye sjekka. Og i dag var der ein god del av dei... Men desverre ingen sjeldenheiter denne gongen. Derimot vart det sett ein engelskmerka gråmåse med oransje fargering og mørk skrift. Dette er frå det samme proskjetet som eg har funne fleire av frå før! Så no har eg sendt ein mail til dei som ledar prosjektet, og ventar å få svar relativt fort.

Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 6K+ (adult), (merka med fargering ZG6T), Sandshamna

Svar på fargemerka måse
Her er svaret eg fikk!

ZG6T vart merka på Pitsea søppelfylling i Essex den 10.januar 2009. Den vart merka som ein 4K+ fugl. Det vil seie at den minst var inne i sin 3.vinter. Noko som vil seie at den i dag er minst 6K+ (5.vinter eller eldre). Når måsen i dag vart sett på Sandshamna var det første gongen den var sett etter at den vart merka.

Her er ein link til denne måsen på den engelske sida. http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=GC86819

fredag 11. november 2011

Sandsøya/Voksa 10-11.11.11

Den gode hausten fortsetter.... I går vart det satsa i felten på Sandsøya. Og på Sandsøya vart det sett ein myrhauk, den dreiv å jakta nordvest på øya. Etter å ha studert bilda så viste det seg at dette var eit nytt ind. Dermed har det denne hausten våre 4 forskjellige myrhaukar innom på øyane! Etter myrhauken vart det funnen nok ei tartarpiplerke. Denne gongen ikkje på Voksa, men på sørsida av Sandsøya. Dermed er totalen no oppe i  minst 10-13 tartarpiplerker i haust.

Dokumentasjonsbilder frå i går.
Myrhauk 1K, Helland/Sandsøya
Tartarpiplerke 1K, Sande/Sandsøya
Ein noko uvanleg situasjon... Ikkje kvar gong dei set seg slik.


I dag..
I dag vart det satsa på å prøve å fange tartarpiplerker på Voksa. Det lukkast desverre ikkje særleg. Men 2 tartarpiplerker var fortsatt på plass, truleg er det dei same som har våre på plass nokre dagar. I tillegg til tartarpipane så vart det sett 2 sædgjess. Dette var det 4.funnet for øyane.

Her er resten av det som vart sett på Voksa i dag.
kvitkinngås 2
grågås 80+ (flokk)
vipe 12 (flokk)
sanglerke 4+
lappspurv 1
snøspurv 1

onsdag 9. november 2011

Fuglenytt 09.11.11

I dag vart Voksa nøye sjekka for å prøve å finne igjen, og dermed å få betre dokumentasjon av grårsdagens mongolpiplerke. Men den gong ei... I dag var den ikkje å sjå. Det var derimot minst 2 tartarpiplerker, truleg 2 av dei 3 som vart sett i går. Dei virka svært så stasjonære, og sjølv når dei vart skremt opp så kom dei tilbake til det eksakt samme området. Under kan du sjå eit bilde av ei av tartarpiplerkene, samt høyre eit lydopptak.

Tartarpiplerke 1K, Voksa


Tartarpiplerke

Nokre andre observasjonar frå Voksevegen og Voksa i dag.
dvergdykkar 2
kvitkinngås 2 (1 ny)
grågås 80+ (flokk)
vipe 4
sanglerke 4-5+
ub.gran-/furukorsnebb ++
snøspurv 1


Hærfugl...
Eg har heilt gløymt å legge ut at for tre dagar sidan vart ein hærfugl sett i Våge på Sandsøya. Den vart sett av ei lokal dame. Dette er truleg den same hærfuglen som vart sett på Sandsøya den 22.oktober.

tirsdag 8. november 2011

MONGOLPIPLERKE, tartarpiplerke X3 og myrhauk, Voksa 08.11.11

I dag låg alt til rette for ein nydelig dag i felten.. Og gjett om det vart akkurat det! For det var ikkje berre veiret som var nydelig, det var også litt av kvart å sjå på fuglefronten også.

Det heile starta faktisk før eg hadde komt bort på Voksa. Eg stoppa nemleg på Marøya som ligg litt nordaust for Voksa, berre for å lytte etter alt og ingenting. Då høyrde eg dagens første tartarpiplerke, og lyden stamma frå Voksa.... Dermed steig håpet om at den skikkelige gobiten skulle befinne seg akkurat der, nemeleg på Voksa! Så då var det berre å starte med å gå over markane, for å leite etter alle dei potensielle storpiplerkene. Og før eg rakk å kome meg inn på den første marka kom det flygande to veldig vokale tararpiplerker. Etter at eg fann dei to første dukka det også opp ei tartarpiplerke til, og ei stund holdt alle dei tre tartarpipane til ilag. Ein av gongane tartarpipane tok av, kom det plutseleg flygande ei mindre "storpiplerke" med ein god del meir lavmelt, og ikkje så blaut og utdratt lyd som tartarpipane. Den hadde også nokre andre "golydar", nemleg "tjipp-tjipp". Piplerka virka ved første augekast veldig lita, kompakt, tungbuka og kortstjerta. Etter den første korte observasjonen vart den både sett og høyrd to gongar til. Og som ved den første observasjonen av fuglen så var lyd og forma akkurat slik som eg fikk inntrykk av. Dermed var det faktisk snakk om øyane si første sikre MONGOLPIPLERKE som for rundt å flaug på Voksa!!! Mongolpiplerka kjem som namnet tilseier i frå Mongolia og områda rundt. Dette er ein svært sjelden fugl i heile nordvest-Europa, og i Norge er det langt i frå ein årleg gjest. T.o.m. 2002 var det 4 godkjente funn i Norge. Etter dette har det vorte ein del fleire men det er ikkje så alt for mange....

 Her er nokre dårlige dokumentasjonsbilder av mongolpipen.
Mongolpiplerke 1K, Voksa
Mongolpiplerke 1K, Voksa

Mongolpiplerke 1K, Voksa
Her ser du kor kompakt, tungbuka og kortstjerta piplerka er. 

Mongolpiplerke 1K, Voksa
Her ser du kor kompakt, tungbuka og kortstjerta piplerka er.


Lyd 
Visst du spelar av dette vesle klippet på fullt volum og høyrer nøye etter høyrer du "tjipp"-lyden til mongolpipen. Dette er ein lyd som ekskluderar tartarpiplerke, den har nemelg ikkje ein tilsvarande lyd.



Myrhauk og båndkorsnebb
Av andre små raritetar så vart ein myrhauk sett ved fleire anledningar jaktande rundt omkring på Voksa. Dette er truleg den same hauken som vart sett på same plassen den 3.november. Utanom hauken vart det sett og høyrd minst 3 båndkorsnebbar.

Her er eit bilde av den jaktande myrhauken samt eit bilde av 2 av tartarpiplerkene.
Myrhauk 1K, Voksa
Tartarpiplerker, Voksa
Med dagens 3 er totalen i år oppe i
9-12 forskjellige tartarpiplerker på Voksa.

tirsdag 25. oktober 2011

Varslar og tartarpiplerke, Voksa 25.10.11

I dag vart det ei skikkelig runde rundt på Voksa i det nydelige veiret. Det virka egentleg ganske så daudt, med lite fugl å sjå. Men etter kvart så dukka det opp litt av kvart... Det vil seie øyane sin 3.varslar, min 3. gulspurv på øyane og årets 6-7.tartarpiplerke!

Her er det andre som var verdt å notere ned...
grågås 80+ (flokk)
sanglerke 1 (høyrd)
lappspurv 1
trekrypar 2+ (høyrd)

Her er eit par bilder av dagens små gobitar.
Varslar 1K, Voksa
Tartarpiplerke 1K, Voksa

onsdag 5. oktober 2011

Fuglenytt frå Voksa 02-05.10.11

Den 2.oktober vart det ei skikkeleg runde rundt på Voksa. Det vil seie at eg nærmast brukte heile dagen på å sjå nøye over heile Voksa. Det resulterte i minst 3 tartarpiplerker og minst 1 gulbrynsongar vart høyrd! Dermed var det på to dagar minst 4-5 tartarpiplerker innom Voksa. For minst 2 av piplerkene kom trekkande inn frå nord når eg var der.

Her er eit bilde av ei av piplerkene!
Tartarpiplerke 1K, Voksa


Mykje kvitkinngås....
Dei siste par dagane(4-5.okt.) har det vore mange rastande kvitkinngjess på Voksa. Nærmare bestemt ca.1000 ind.!! Dette er pga. den sterke sørlege vinden vi har for tida. Det er nemleg ikkje lønnsomt for fuglane å trekke i eit sånt dritveir! Dette er faktisk første gongen sidan 2005 det har vore slike forhold, og dermed slike antall med rastane gjess.

Her er nokre bilder av dei nydelige fuglane.
Kvitkinngjess, Voksa
Kvitkinngjess, Voksa
Kvitkinngjess, Voksa

lørdag 1. oktober 2011

Tartarpiplerker og myrhauk, Voksa 01.10.11

I dag vart det ei skikkelig runde rundt på Voksa før det var vind og regn. Det gav også resultat! I form av årets 2 første tartarpiplerker, øyane sin 3. myrhauk, 1 ub. trepip-/sibirpiplerke vart høyrd og 1 gulbrynsongar som også vart høyrd. Under kan du sjå eit par dokumentasjonsbilder frå i dag.

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Myrhauk 1K, Voksa
Sett kort i det den trekte mot sør!

fredag 8. oktober 2010

Tartarpiplerke, Voksa 08.10.10

I dag vart øyane nøye sjekka! Etter tre dagar på Ona var det på tide med ei skikkeleg runde rundt på øyane. Det resulterte i årets 1. tartarpiplerke på Voksa. Den vart sett kort i det den truleg trakk vidare etter å ha rasta på Voksa. Den hadde retning mot "tartar-marka". Marka der eg har sett halvparten av dei 10 tarpiplerkene på Sandsøya og Voksa. Men desverre fikk eg ikkje dokumentert den, for når eg kom dit var den borte vekk!

Tartarpiplerker 2007-2010:
2007: 1 ind. (Voksa) + 1. ind. (Sandsøya)
2008: 1 ind. (Voksa)
2009: 6 ind. (Voksa)
2010: 1 ind. (Voksa)



Her er nokre andre observasjonar frå i dag!

Sandsøya:
dompap 2-3+ høyrd
svartstrupe 12 (6 MM + 5F + 1 ub.)
tundraloar 2
ub. korsnebb 1 høyrd

Voksa:
svartand 4 (Voksevegen)
steinskvett 1 (Voksevegen)
sanglerke 1
tundralo 3
heilo 1
kvartbekkasin 1

tartarpiplerke (Voksa, 2008)




tartarpiplerke (Voksa, 2009)

tirsdag 28. september 2010

Svinøya 28.09.10

I dag var eg så heldig at eg fikk ta meg ein tur på Svinøya. Dette er berre min 3. tur til denne fantastiske øya. Svinøya ligg ca. i mil til havs frå Skorpa (noko lenger frå Sandsøya). Og ein skal leite langt for å finne ein meir idyllisk plass!

Under hausttrekket er det heilt sikkert ein god del uvanleg og/eller sjeldne fuglar som raster der ute i havgapet. På dagens tur vart det blandt anna sett minst to tartarpiplerker. Denne fuglen er ein haustgjest. Då på trekk frå Sibir. I fjor hadde eg ikkje mindre enn 6. ind. på Voksa. Så dei blir vel snart og finne der i år også!

Andre obasar frå svinøya:
tartarpiplerke 2+
bergirisk ++ ind.
buskskvett 1 ad. M
lappspurv 1-2
snøspurv 1
sivspurv 1
enkeltbekkasin 1
brushane 1


Her er nokre bilder frå dagens tur.         
.
tartarpiplerke (samme ind.)

havsvale pull
havsvale pull
havsvale pull
havsvale pull