søndag 1. januar 2017

Riste 10.-11. september 2016 - «årets finaste tur»

Årets finaste tur i 2016 var i mine auger ein tur broren min, Vebjørn Støyle Bringsvor, og eg, hadde til Riste den 10. og 11. setptember. Eg hadde mange utrulig fine dagar i felten i løpet av året som gikk, men denne turen var noko for seg sjølv. Riste er ei av noboøyene til Sandsøya og Voksa. Denne øya ligg nokre kilometer lenger vest/sørvest i forhold til Sandsøya.

Her ser du øya Riste t.v. i bildet. Bak der igjen ser vi Stadlandet. 

Eg hadde vore ein tur til Riste ca. to veker i forvegen, for å fange og ringmerke havsvaler. Problemet på den turen, var at etter berre 1,5 time med fangst, så gikk høgtalaren. som eg brukar som lydkilde, tom for batteri. Dermed var det berre å gi seg og å padle heim. Eg fikk i løpet av denne korte 1,5 timen fanga inn 5 havsvaler. Og hadde eg fått fangsta gjennom heile natta, hadde nok totalen fort enda på fleire titals svaler...

Denne gongen skulle Vebjørn, som var på besøk, padle til Riste og overnatte der i telt. Eg kom akkurat heim etter årets siste feltarbeidsdag på Runde, og bestemte meg for å vere med. Turen i seg sjølv er jo fantastisk, men når ein i tillegg kan kombinere ein slik tur med å ringmerke havsvaler, så kan det jo ikkje bli så mykje betre. Denne gongen hadde eg også nok batteri på alt av utstyr, for nokon ny bomtur var det ikkje aktuelt at det skulle bli. 





For å kome oss til Riste satte vi oss i kajaken og padla avgårde. Denne turen på ca. 4,5 km, tek pluss minus 40 minutt, alt etter kor raskt ein padlar. Og i og med at vi, eller i alle fall eg, skulle holde det gåande heile natta, så var det jo ingen vits i å slite seg ut allereie frå start.

Rett etter at vi hadde komt oss i land på Riste vart vi vitne til ein nydelig solnedgong. Strengt tatt så såg vi ikkje sola direkte, men det gylne lyset frå sola som gikk ned i havet i vest, lyste opp skylaget inne over land. Dette gav nokre fantastiske fargar...







Etter ein kort fotosession av "solnedgongen", så gikk turen vidare vestover på Riste. Målet for turen var ein tange som utgjer det vestligaste punktet på øya. Der skulle eg sette opp eitt par mistnettet som eg skulle fange havsvaler i. Men vi kom oss ikkje heilt fram til denne tangen... Det tok nemlig ikkje mange minutta, etter at vi hadde starta å gå, før dagslyset var borte. Då var det berre å slå på hovudlykta og å traske seg avgårde. Problemet var berre at det å få oversikt over korleis terrenget såg ut med berre med ei lite hovudlykt som lyskilde, ikkje var heilt enkelt. Det hjalp jo sjølvsagt heller ikkje at ingen av oss hadde vore akkurat på denne plassen på øya tidligare. Det enda med at der vi trudde det skulle gå ann å kom seg rundt, var ein bergvegg med i eit stup på 30-40 meter rett i sjøen. Vi bestemte oss då for at vi rett og slett skulle slå camp der. Dermed slo vi opp teltet, rigga opp mistnetta og laga oss mat, oppe i den skrå fjellsida over ein kant med eit fritt fall på 30-40 meter rett i sjøen. Det er slikt ein hugsar!

I og med at det var mørkt då vi ankom plassen, så var det berre å sette opp netta og å starte fangsten med ein gong. Den første havsvala hang i nettet ca. kl. 23.20. I tidsrommet mellom 23.20 og kl. 04.50 fikk eg totalt 17 havsvaler. For å vere såpass seint på sesongen, og samtidig ikkje ha eit heilt opptimalt nettoppsett, så var 17 havsvaler meir enn godkjent. Av desse 17 fuglane var det 3 som hadde ringar frå før. Dette var fuglar som hadde blitt ringmerkte langs vestkysten av Norge tidligare.

Havsvale 2K+, Preikestolen, Riste 11. september 2016
Denne svala var ein av dei som hadde ringar frå før. Akkurat denne fuglen
hadde blitt ringmerkt av Bjørn Mo, ein av kompisane mine, på Revekaia i
Rogaland den 23. juli 2016

Havsvale 2K+, Preikestolen, Riste 11. september 2016
Her held Vebjørn Støyle Bringsvor si første havsvale... 

Havsvale 2K+, Preikestolen, Riste 11. september 2016

Havsvale 2K+, Preikestolen, Riste 11. september 2016

Etter ei fin natt med ringmerking av hasvaler, var det då det blei lyst, på tide å pakke saman sakene vore å kome oss heimover igjen. Før vi tok ned og pakka saman utstyret, tok eg eit bilde over området vi campa i. Dessverre så kjem det ikkje heilt fram kor bratt det faktisk var der netta og teltet stod... Men utsikta, som det ikkje var noko å klage på, kjem godt fram.



Som dykk ser på bildet over så hadde det i løpet av natta komt inn ein del dønningar. Då vi padla til Riste kvelden før, var havet omtrent flatt. På padleturen tilbake var det heilt andre forhold. Relativt store dønningar slo nemlig inn mellom øyane, og når ein i tillegg var trøtt og balansen kanskje ikkje var heilt på topp, så måtte ein virkelig holde tunga rett i munnen. Det å ligge midtfjords å duppe i sjøen er aldri noko særlig... 

Men det gikk greit, og både Vebjørn og eg kom oss greit i land. Noko eg tur vi begge var enige om var at dette var ein tur av dei sjeldne. Måtte det også bli like fine turar som denne i 2017!