søndag 16. september 2018

Stadhavet Pelagic 2018

Eg har i mange år tenkt tanken på å kome meg på havet med båt for å sjå kva ein kan få sett der. Kombinerer ein det å kome seg eit stykke ut frå kysten, med litt "chumming", kan jo alt dukke opp. Ja, det er egentlig berre fantasien som set ein stoppar for muligheitene...

Og i år lot eg det ikkje berre vere med tanken. Eg fikk ut fingeren og kontakta nokre fiskebåtar for å høyre om det var mulig å få litt fiskelever. Etter ei lita ringerunde, fikk eg endelig tak i ein båt som skulle ut og fiske, og som også var villig til å ta seg brytet med å ta av litt lever til meg. Etter å ha fått tak i levra mol eg den opp og fraus den ned i kasser. Dagen då eg skal på havet tek eg så ut kassa og har den i ei fryseboks, som eg tek med meg i båten. Etter å ha ankomt staden der eg vil prøve å tiltrekke meg fugl, tek eg så ut levra, som fortsatt er frosen, og legg den i ein striesekk som eg festar eit tau i og dreg etter båten. Etter å ha gjort dette tek det normalt ikkje mange sekunda før dei første fuglane dukkar opp. Dette er då normalt i form av ein havhest eller to. Luktesansen til desse stormfuglane er nemlig ekstrem, og det skal ikkje mykje lukt til før dei skjønar at her er det mat å få. 

Totalt har det så langt i år blitt fire turar på havet. To turar i juli, den 17. og 21, vidare ein tur den 14. august, og no ein tur den 9. september. Under har eg summert opp med tekst og bilder kva som har blitt sett på dei forskjellige turane.
Svinøya sett frå vest på veg til havs morgonen den 21. juli

Sjøfuglturane har blitt lagt ca. 20 km vest av Svinøya. Dette er såpass langt til havs at sjansen for å trekke til seg pelagiske sjøfuglar er stor. Så er det også sapass langt ut at ein slepp store tal av meir kystbundne måsar som fort kan utkonkurrere dei andre fuglane som blir tiltrekte av "chumminga". 



Eit stykke til land...

På desse turane har den mest talrike fuglen vore havhest. Vi har også fått stifta bekjentskap med artar ein normalt ikkje ser mykje til, og i alle fall ikkje på nært hold. Dette er artar som havsvale, havlire og grålire. Vi fikk også sett ein nydelig 1K dvergmåse, også det ein sjelden art å sjå hos oss. 

Havlire
Havlira på bilda under var ein kort svipp innom og sjekka ut kva som foregikk då eg var på havet den 21. juli. Lukta av fiskelever og havhest var nok for sterkt til å motstå. Havlira finn vi nærmast oss hekkande på Island, Færøyane, samt på dei Britiske øyane inkl. Shetland. Denne mellomstore lira, er i lag med grålire, den vanligaste lira å sjå i norske farvatn. Denne lira følger normalt ikkje båtar, noko som samsvarar med fuglen eg såg. Den var berre på ein liten kort "visit" innom før den fortsatte ferda vidare mot sørvest. 

Havlire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havlire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018



Grålire
Grålira på bilda under, frå den 21. juli, utgjorde min første observasjonen av arten på nært hold. Tidligare så hadde eg berre sett arten frå land på fleire kilometers avstand. Så snart lira dukka opp så starta ho å dukke aktivt. Ved sekken med fiskelever eg drog bak båten, var det fullt av havhest. I direkte konkurranse med desse hadde den ikkje mykje å stille opp med. Løysinga på dette blei å dukke under sekken og dermed finne leverbitar der. Dit var det ingen havhestar som kom seg, og den fikk då ete i fred. Grålirer er nemlig ekstremt gode dykkarar. Ei studie gjort på New Zealand på 1990-talet påviste at grålirer kan dukke ned til heile 67 muh.. Då eg såg kor elegant fuglen dukka, like ved båtripa, var det ingen grunn til å betvile det resultatet. 

Grålira er ein stormfuglart som hekkar på den sørlige halvkule. Der hekkar den på og rundt New Zealand, og i austlige Australia. Vidare vestover hekkar den på Tristan da Chuna, på Falklandsøyene og Estadosøya, og også på sørvestkysten av sørlige Sør-Amerika. Ein del grålirer trekker nordover i Atlanterhavet når det er vinter på den sørlige halvkule (sommar her). Dette dreier seg trulig om fuglar som hekkar på Tristan da Chuna, Falklandsøyene og Estadosøya. I Norske farvatn ser ein flest grålirer i månadane august, september og oktober. Dette er når lirene er på sitt sørtrekk mot hekkeplassane i sør. Egglegginga foregår der i november/desember. 


Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Her er eitt par bilder av ei grålire som vi såg den 14. august. Denne virka størrelsesmesig mindre enn fuglen frå 21. juli, og den hadde ikkje mykje den skulle sagt mot havhestane. Den flaug difor vidare etter ikkje lenge, utan å ha fått seg ein einaste matbit. 
Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 14. august 2018

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 14. august 2018

Då vi var på havet 9. september var det to grålirer innom. Ingen blei værande særlig lenge, men dei gav oss nokre fine minutt der vi fikk sjå lireflukt på nært hold. 
Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018
Ind. 1.

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018
Ind. 2.

Grålire, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018
Ind. 2.


Havsvale
Når det gjeld den minste sjøfuglen i Atlanteren, havsvala, så fikk vi sett dei på tre av fire turar. Den 21. juli hadde eg minst 4-5 havsvaler inne rundt båten, og den 14. august vart i alle fall 3 svaler sett. Denne vesle stormfuglen, som ikke er større enn ei låvesvale, tilbringer så og seie heile livet på havet. Slike pelagiske fuglar kjem berre til land når dei skal hekke. Eg hadde tidligare berre sett havsvale ein gong på havet i dagslys. Dette var så langt tilbake som i 2005. Dermed var det ein stor opplevelse å igjen få sett havsvaler på havet på dagtid. Det blir noko heilt anna enn å sjå dei i ein koloni, eller under ringmerking hengande i eit mistnett etter å ha blitt tiltrekt av lyd på ein eller annan nøytral plass langs kysten.

Den største havsvalekolonien i sør- og midt-Norge finn vi berre eitt par mil frå der vi har tiltrekt oss sjøfugl med "chumming", nemlig på Svinøya. Der er det ein koloni på 100-200 par havsvaler. Desse startar å dukke opp i kolonien i løpet av medio mai. Dei første legg så egg like før Jonsok, men det er stor spredning i eggleggingstidspunkt. Det har blitt observert så og seie nyklekte ungar så seint som i midten av oktober. I slike tilfeller vil nok ungane ikkje ha komt på vingene før godt ut i desember. 

Havsvale 2K+, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havsvale 2K+, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havsvale 2K+, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 14. august 2018


Havhest
Her er også nokre bilder av havhest. Fleire titals av desse stormfuglane, har på kvar tur holdt seg rundt båten i håp om å få seg ein matbit eller to.

Tidligare hekka det fleire tusen par på Runde. Den siste ungen kom på vingene der i 2001, og dei siste åra er dei knapt vore å sjå inne ved fjellet. At det har blitt slutt på avfallet frå fiskeriet, i alle fall i same grad som tidligare, og at mange av fuglane har store mengder plast i fordøyelsesystemet, er to av faktorane som har spelt negativt inn. Det ligg fortsatt fleire titals fuglar på havet ikkje langt frå fuglefjellet, men det virkar som at dei ikkje kjem over kondisjonsterskelen for i det heile tatt å kunne gå til hekking. 

Havhest, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havhest, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havhest, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Havhest, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018
Her ein mellommørk morf. Mørke fuglar er vanligast nord i utbredelsesområdet.


Andre artar...
Den sjeldnaste måsen vi fikk sett var ein nydelig 1K dvergmåse i full juvenil drakt. Den tok seg nokre runder rundt båten før den fortsatt vidare mot sør. 
Dvergmåse 1K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 14. august 2018

Ein art som er snarlik dvergmåsen, er krykkja. På kvar tur har vi hatt krykkjer innom, flest årsungar. Her er ein nydelig 1K fugl (årsunge) frå den 21. juli. 
Krykkje 1K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Det var heller ikkje fritt for terner, då både makrell- og raudnebbterner blei sett. Her er eitt par bilder av to subadulte makrellterner. 
Makrellterne 3K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Makrellterne 3K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 21. juli 2018

Det vart også sett bra med havsuler på trekk då vi var på havet. På turen vi hadde den 14. august stupdykka det faktisk havsuler ved eitt par anledningar berre 10 meter frå båten, like bak striesekken med fiskelever. Trulig gikk det fisk og beita på leverbitane...
Havsule 6K+ (adult), Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 14. august 2018


Storjo frå Bjørnøya(!)
Og der det er havsuler, der er det også som regel storjoar. På Runde, ca. 4 mil unna der vi låg, har vi norgs største koloni av havsuler på ca. 5000 par. Når det gjeld storjo så tel kolonien på Runde no ca. 105 teritorielle par. Det er altså den største kolonien i sitt slag på fastlands-Norge. På turen vi hadde på Stadhavet no den 9. september såg vi 3 storjoar, to voksene og ein årsunge. Då vi såg årsungen såg vi ganske raskt at det var noko som glinsa på det eine beinet. Var fuglen ringmerkt? Etter litt om og men fikk vi endelig sett den frå rett vinkel igjen. Joda, fuglen var ringmerkt. Ikkje nok med det, den var også fargeringmerkt. Det vil altså seie at den i tillegg til den tradisjonelle metallringen, hadde ein fargering med kode på. Ein slik fargering er det mulig å lese av i felt, og gir då mykje større sjans for gjenfunn og dermed mykje meir og betre data. Etter å ha knipsa bilder av joen i alle mulig vinklar, fikk vi endelig lest av den blå fargeringen. På den stod det "JX3". Kor kunne den ha blitt merkt? Etter å ha kontakta fleire som eg kjenner som jobbar med sjøfugl, fikk eg endelig vite at den høgst trulig hadde blitt ringmerkt på Bjørnøya...

Storjo 1K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018

Storjo 1K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018

Storjo 1K, Stadhavet nord ca. 20 km vest av Svinøya 9. september 2018


Det viste seg også å stemme. Den hadde blitt ringmerkt på Bjørnøya den 31. juli som den største i kullet på to. Per 9. september hadde den altså forflytta seg ca. 1450 km mot sør/sørvest. (sjå kart under)