Viser innlegg med etiketten svartbak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svartbak. Vis alle innlegg

mandag 29. januar 2018

5.-26. januar 2018

I løpet av januar så langt har det blitt ein del fugleskoding. Og som det brukar å vere på denne tida av året, så går det mest i måsar. På Sandshamn på Sandsøya har det vore lite måsar å sjå. Ikkje alt for mange fiskebåtar som har vore inne og levert fisk på fiskemottaket, i alle fall ikkje på dagtid, i kombinasjon med mykje fint vër, har resultert i at måsane nok har holdt seg for det meste til havs. Men litt måsar har det jo tross alt vore å sjå. Dei beste dagane denne månaden var den 5. og 6. januar. Desse to dagane var det mange hundre måsar å sjå på Sandshamn. Blant desse vart det sett minimum 2 2K polarmåsar, og minst 3 grønlandsmåsar, derav i alle fall 2 adulte og 1 2K. Etter dette dabba det av, og enkelte dagar har det vore så få som 60-70 måsar inne på hamna, noko som ikkje akkurat er noko å skryte av. Eg har også sett at dei fuglane som har blitt sett tidligare er dei same som går igjen, og at det dermed så langt ikkje har vore mykje utskiftning. Men dette vil nok forandre seg når vinterfisket tek til for fullt, i kombinasjon med nordtrekket av måsar som skal tilbake til hekkeplassane sine.



Etter at eg i fjor anskaffa meg båt, så har eg også hatt muligheit til å forflytte meg rundt i fjordsystema og rundt øyane her på søre Sunnmøre. Dette gir meg muligheit til å få eit meir heilheitlig bilde på korleis måsane brukar dei forskjellige områda. Og ikkje minst få lest av og avbilda ringmerkte fuglar som ellers ikkje ville blitt observerte. Det er akkurat dette med å få avbilda fuglar med kjent alder og fødeplass som er så verdifullt. Då kan ein studere fjørdraktene til måsane i dei forskjellige aldersklassene og dermed få eit betre bilde på variasjonen i fjørdrakta i dei forskjellige alderane. Dette har ikkje blitt gjort her i området tidligare. 

I løpet av perioda f.o.m. 5 januar t.o.m. 26. januar har det blitt fleire båtturar. Eg har besøkt plassar som Volda, Lauvstad, Fosnavåg, Fiskå, Åheim, Leikanger osv. På desse turane har det blitt lest av og avbilda fleire måsar. På turen min den 26. januar rundt Bergsøya og Gurskøya kom eg også over 3 grønlandsmåsar. Under finn du bilder av to av dei. 

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 5K+ (4. vinter eller eldre) Larsnes, Sande kommune 26. januar 2018


Forskjellige aldersklasser
Men det er jo sjølvsagt fuglane som er ringmerkte med kjent alder og kjent fødeplass som er mest verdifulle. Her er bilder av nokre utvalgte fuglar eg har lukkast å få lest av og avbilda i januar. Det er her snakk om representantar for alle dei seks første draktene/aldersklassene. Ein gråmåse kan vere utfarga i si 4. drakt, men som oftast heng det igjen litt pigmentering her og der, særlig i stjert og på handdekkfjører. Ein del fuglar er også så seint utfarga at dei i si 4. drakt (4. vinter) ikkje er mulig å skille frå ein fugl i si tredje drakt (3. vinter). Slike fuglar vil nok i mange tilfeller også ha restar av immaturitet i si femte drakt (5. vinter), og vil dermed overlappe med fuglar i si fjerde drakt (4. vinter).  Kort fortalt, variasjonen er stor! Er ikkje fuglane ringmerkte slik at alderen er kjent, så blir det å aldersbestemme fuglar i tredje, fjerde, og femte drakt i mange tilfeller berre "kvalifisert" gjetting. 


Gråmåse «J864K» (2K/1. vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018

Gråmåse 2K (1.vinter), Åheim, Vanylven kommune 21. januar 2018
Gråmåsen «J864K» blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya 4. juli i fjor (2017). Etter merking blei den sett på Sandshamn på Sandsøya den 14. august. Etter dette blei den ikkje observert før den blei sett i Sandvika i Volda kommune 2. januar. Etter dette virkar det som eg har møtt på den alle plassane eg har vore. Den har blitt observert på Rovde (Vanylven kommune), Åheim (Vanylven kommune) og no sist også i Fosnavåg (Herøy kommune). Dette er altså ein fugl som fartar ein del rundt. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J798K» (3K/2. vinter)
Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåse «J798K» blei ringmerkt i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune 8. juli 2016. Dette var første observasjon etter merking.

___________________________________________________________________________


Gråmåse «JAP52» 3-4K (3. vinter)
Gråmåse 4K (3. vinter) Vålnes, Herøy kommune 26. januar 2018

Gråmåse 3K (3.vinter), Vålnes, Herøy kommune 16. desember 2017
Gråmåsen «JAP52» vart ungemerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya 5. juli 2015. Den held seg no i området rundt opprettsanlegget på Vålnes på Gurskøya i Herøy kommune. Første observasjon etter merking vart gjort no i desember, og den har ikkje blitt observert andre plassar enn rundt det dette oppdrettsanlegget. Ein slik fugl vil utsjånadsmessig overlappe med ein seint utfarga fugl som er året eldre. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J7294» (5K/4. vinter)
Gråmåse 5K (4. vinter), Rovde 12. januar 2018
«J7294» vart som dei tre føregåande måsane også ringmerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya. Den blei ringmerkt der som ein ikkje flygedyktig unge 4. juli 2014. No held den seg tydeligvis for det meste i Rovdefjorden, der den har blitt observert både på Vålnes på Gurskøy-sida, men også på Rovde. Før mine tre observasjonar av den no i desember og januar hadde den ikkje blitt sett meir enn ein gong etter merking. Legg merke til pigmenteringa på dei små haddekkarane. Sett bort i frå det så er fuglen utfarga. Den har ein del mørkt i nebbet, men ei slik nebbteikning kan ein også finne på eldre fuglar. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J6134» (6K/5. vinter)
Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018

Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018
J6134 vart ungemerkt på Storholmen i Sande kommune 30. juni 2013. Før eg no såg fuglen i Syltefjorden 21. januar så hadde den ikkje blitt observert sidan eg såg den på Åheim 20. februar 2014, altså for nesten 4 år sidan. Legg merke til at fuglen fortsatt ikkje er 100% utfarga. Den har nemlig fortsatt litt pigmentering igjen på stjertfjørene. Altså, ein fugl som har pigmentering i stjert, og også på handekkarar/lisjevinge, men ellers er fullt utfarga, kan i realiteten like godt vere ein 6K (5.vinter) som ein 5K (4. vinter). 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «FA17160» (7K/6. vinter)
Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåsen med metallring nr. FA17160 vart ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge på Hareid 9. juli 2012. Dette er altså ein fugl som til sommaren blir 6 år gammal, eller slik vi klassifiserar den, i sitt 7. kalenderår (7K). Dette var første observasjon etter merking, eller rettare sagt, første avlesing etter merking. Slike metallringar er bort i mot umulige å lese av i felt, og hadde den hatt ein fargering i tillegg skal eg love deg at den hadde blitt avlest fleire gongar allereie. Denne måsen er 100% utfarga, med ingen teikn til immaturitet. 


På plass på hekkeplass...
No i siste halvdel av januar startar dei første måsane å dukke opp på hekkeplassane sine. Medan mange gråmåsar som hekkar her i området blir værande gjennom vinteren, så trekker dei fleste svartbakane sørover, enten over til Storbritannia, eller nedover langs kystane på kontinentet sør til Frankrike, og overvintrar der. Desse fuglane dukkar opp på holmane og skjera dei hekkar på i desse dagar. I år såg eg den første lokale svartbaken som er ringmerkt sitte på skjeret der den hekkar den 16. januar. 

Lokal hekkefugl merkt i Vest-Agder
På heimvegen frå båtturen eg hadde innover i Vanylven til Fiskå og Åheim den 21. januar, kom eg over ein fargemerkt svartbak på Sandholmane rett nord for Frekøy fyr sør for Kvamøya i Sande kommune. Etter å kasta ut litt brød fikk eg den inn til båten, og eg lukkast å få lest av fargeringen den hadde på venstre bein. Det viste seg at dette var «JT334», ein hannfugl som opprinnelig er ringmerkt i Mandal i Vest-Agder. Den blei ringmerkt der 28. februar 2014 som ein 2K fugl. Eg så den ved eit par anledningar ved måsekolonien på Storholmen, nokre hundre meter lenger nord, i fjor. Den var då i sitt 5. kalenderår og kunne strengt tatt ha hekka i området. Eg lukkast dessverre ikkje med å lokalisere den då. I år derimot satt den som den einaste voksne svartbaken i området inne på eit skjer som høgst sansynlig er der den vil prøve å slå seg ned å hekke. Då eg var tilbake der tre dagar etter var det den som dominerte området, og den jaga vekk alt og alle som vart for nærgåande.

Legg merke til at sjølv om svartbaken «JT334» no er i sitt sjette kalderår, så har den fortsatt teikningar i fjørdrakta som viser at det er snakk om ein "yngre adult". Den har nemlig pigmentering på dei midtre stjertfjørene. Etter nesten myting til sommaren/hausten vil nok denne fuglen vere 100% utfarga. 
Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 24. januar 2018


Storskarv frå Røst
Det er ikkje berre måsar eg har lukkast å få lest av på båtturane mine den siste tida. Den 21. januar var eg sta og bunkra på hamna i Haugsbygda på Gurskøya, før eg reiste innover i Vanylven. Der kom eg over ein storskarv med metallring. Normalt så vil det vere svært vanskelig, om ikkje umulig, å få lest av ein slik ring. Heldigvis var denne fuglen eksemplarisk, og satt rolig på jernstaken den satt på sjølv om eg berre var 6-7 meter unna. Folk som eventuelt såg meg lurte nok på kva i alle dagar eg holdt på med då eg dreiv og gikk rundt denne staken med båten. Til dei kan eg seie at eg berre prøvde å få tilstrekkelig med bilder slik at eg kunne lese av metallringen den hadde på venstre bein. Noko eg lukkast med. På ringen stod nummeret BA37204. Dagen derpå fikk eg vite at dette var ein fugl som hadde blitt ringmerkt på Låterskolten ved Røst som ein reirunge 5. juli 2016. Dette var nesten sjølvsagt første observasjon etter merking.

Storskarv ua. carbo, 3K (2. vinter), Haugsbygda hamn 21. januar 2018

Avstanden mellom Låterskolten og Haugsbygda er ca 659 km. 


Endelig!
Så skal vi litt ut av det maritime miljø. Eg har i januar, i tillegg til å skode måsar, brukt ein del tid på å prøve å lokalisere eventuelle svartstruper som måtte overvintre her på Sandsøya. Eg har sjekka fjøresona på heile den vestlige delen av øya, utan resultat. I haust som var, var det nemlig heile 6 årsungar av svartstrupe som ei lita periode holdt seg i Sandsvågen. Håpet har vore at nokre av desse kunne overvintre. Den 15. januar lukkast eg endelig med å lokalisere ei. På eit sauebeite i Våge holdt det seg nemlig ein hann. Og ikkje nok med det, den 18. januar, etter å ha relokalisert hannen på sauebeitet i Våge, kjøyrde eg lenger vest ut i Hellandsvågane, til eit område det brukar å overvintre svartstruper visst dei er på øya. Og der var det enda ei... Og ikkje nok med det, den hadde ringar på beina! Den 30. september i fjor fanga eg nemlig inn og ringmerkte ein av dei 6 fuglane, ein hann, som holdt seg i Sandsvågen. Var det den eg såg? For at eg skulle få lest av ringen måtte eg spele av litt song for å få den på litt nærmare hold. Normalt så ville eg ikkje forstyrra ein fugl slik unødig, men i og med at det her ville gi verifulle data om eg fikk lest av ringen, så måtte eg berre gjere eit unntak. Etter å ha satt på lyden tok det ikkje lenge før den kom flygande mot der eg satt i bilen for å sjekke ut kven det var som song. Etter å ha knipsa ein del bilder i det dårlige lyset, kunne eg endelig konstatere at det var den unge hannen som eg ringmekte i Sandsvågen i september i fjor som no holdt til i Hellandsvågane. Slike gjensyn er alltid like kjekke. No får vi berre håpe at desse hannane greier seg gjennom den siste delen av vinteren, slik at dei kan slå seg ned å få den lokale hekkebestanden på fote igjen. For etter å ha hatt så og seie årlig hekking av arten t.o.m. 2015, så har eg sidan det ikkje lukkast med å lokalisere hekkande fuglar på øya. Dette er første gong det har gått to år samanhengande utan hekking av arten her, sidan eg blei obs på at det fanst svartstruper på Sandsøya på starten av 2000-talet.

Her er eit bilde av fuglen frå den 18. januar. Fargeringen den har på høgre bein kan lesast av på mange timeters hold enten ved hjelp av foto, eller teleskop. 
Svartstrupe 2K M (SMN), Hellandsvågane, Sandsøya 18. januar 2018


Her er nokre bilder frå då den blei ringmerkt 30. september i fjor. Svartstrupa kan blant anna aldersbestemmast til 1K på slitte sving og stjertfjører. Den enklaste karakteren å sjå i felt, og som denne fuglen har, er kontrastar mellom nymytte 2. generasjons tertiærar som står i kontrast mot juvenile teriærar og/eller armsvingfjører. På venstre vinge har den kun mytt den inste teriæren, medan den på høgre vinge har mytt dei to inste. 
Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018


Andre observasjonar
Ellers så har det i perioda 5. januar - 26. januar blitt observert artar som: 
jordugle (3 ind. Storholmen 9. januar)
myrhauk (1 f-farga, Voksa, 13. januar)
tundragås ua. albifrons (2 3K+, Storevika, Sandsøya 15.-22. januar), 
vipe (fleire ind. på Sandsøya)
heilo (2 ind., Sandsøya 24. og 25. januar)

torsdag 8. desember 2016

Ungemerking av stormåsar 2016

Etter at eg i 2012 fikk ein såkalla b-lisens innanfor ringmerking, slik at eg kunne ringmerke måsar, har eg kvar sommar ringmerkt måseungar. Det første året, altså i 2012, ringmerkte eg måseungar i kolonien i Goksøyra på Runde, samt i kolonien i Vorakletten på Sandsøya. I tillegg til dette padla eg også rundt med kajak og ringmerkte svartbakungar på skjær og holmar mellom Sandsøya og Voksa. Eg har også vore så heldig at eg har fått vore med til Svinøya og då fått ringmerkt nokre svartbakungar også der. Dessverre så blei det ingen Svinøy-tur på meg i 2016.

I åra etter har eg i tillegg til desse lokalitetane også starta å ringmerke i koloniane på Storholmen i Sande kommune, i Gjerdsvika i Sande kommune, og i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune. Det året eg så lagt har ringmerkt flest måseungar var i 2013. Då ringmerkte eg totalt 290 måseungar, fordelt på artane gråmåse, sildemåse og svartbak. Det året hadde nemleg gråmåsane og sildemåsane ein god ungeproduksjon, noko som gjorde det mulig å ringmerke så mange som eg faktisk gjorde. Det så langt beste året for svartbaken kom året etter. Då ringmerkte eg over dobbelt så mange ungar som eg har gjort alle dei andre åra.

Då, etter å ha fortalt litt om korleis det har vore åra før, korleis gikk det med hekkinga i 2016?

Lite ungar å finne... 
2016 blir definitivt ikkje huska som eit bra år for måsane. I den største kolonien eg er innom, den på Storholmen, var det så og seie ikkje ein einaste unge å sjå. I denne kolonien hekkar det fleire hundre stormåsepar. Flest gråmåsar, nokre titals par sildemåsar, og nokre få par med svartbak. Faktisk så fikk eg ikkje ringmerkt fleie enn 9 gråmåseungar og 1 sildemåseunge i denne kolonien i 2016. Dette er det soleklart dårligaste resultatet eg har hatt sidan eg var der første gong i 2013.

For å kome meg til Storholmen brukar eg kajak. Turen går frå sørsida av
Sandsøya og er 9 km ein veg. 

Slik ser delar av måsekolonien på Storholmen ut. Bildet er tatt i nordaustlig
retning, og ein ser blant anna Kvamsøya, Voksa og Åram. 

Gråmåse pullus, Storholmen 6. juli 2016
Ein av dei svært få gråmåseungane som såg dagens lys på Storholmen i 2016.

Likeins var det i kolonien i Vorakletten på Sandsøya. Nesten ikkje ein einste unge kom på vingene der heller. Noko betre var det derimot i Gjerdsvika, i Kvalsvika på Nerlandsøya og i Goksøyra på Runde. Det var her eg ringmerkte dei fleste måseungane i 2016. Den kolonien som hadde det beste hekkeresultatet i år, var soleklart kolonien i Goksøyra på Runde. Her hekkar det ein stad mellom 100-150 gråmåsepar, 2-4 svartbakpar og eit og anna sildemåsepar. Totalt fikk eg ringmerkt 42 gråmåseungar og ein svartbakunge i denne kolonien i år. Dette er det høgste antallet eg har ringmerkt i denne kolonien.

Slik ser utsikra ut frå måsekoloneien i Goksøyra på Runde. 

Gråmåse pullus, Goksøyr, Runde 2. juli 2016

To gråmåseungar som skjuler seg i graset.
Goksøyr, Runde 2. juli 2016

Totalt blei det i 2016 ringmerkt 109 gråmåseungar, noko som med årets generelt dårlige ungeproduksjon, må kunne kallast bra. Under kan ein sjå ein av fuglane som eg ringmerkte i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya. Den dukka opp på Sandshamn på Sandsøya første gong den 15. august. Her er den avbilda 31. august. Så langt siste observasjon av J793K gjorde eg på Sandshamn så seint som den 6. desember.
Gråmåse 1K (J793K) Sandshamn, Sandsøya 31. august 2016
Denne måsen blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge i
Kvalsvika på Nerlandsøya den 8. juli.
Av desse 109 ringmerkte gråmåsane har eg gjennfunne fleire lokalt. Eg har også fått eit gjenfunn på ein fugl i Bergen. Det vil garantert kome fleire gjenfunn her etterkvart, også frå utlandet. På dei 534 gråmåseungane eg har fargeringmerkt i åra 2012-2015 har eg ein gjenfunnsprosent på ca. 30%. Ringmerker eg altså tre fuglar, er det stor sjans for at i alle fall ein av dei blir sett.

Når det gjaldt sildemåsane, så ringmerkte og totalt 6 ungar her. Sildemåsane var veldig seine i år. Faktisk var det nyklekte ungar å sjå så seint som den 8. juli. Det at ungane ikkje var store nok til å få påsatt fargeringar, då eg ar i koloniane, i kombinasjon med at dei også nok hadde eit dårlig år med få ungar, gjorde at eg ikkje fikk ringmerkt flerie. Det skal også seiast at arten ikkje blei prioritert i år.  

Også få svartbakungar...
Også svartbaken hadde eit særs dårlig år i 2016. I området rundt, og mellom Sandsøya og Voksa, var det fleire plassar der ikkje var ein einaste unge å sjå, då eg var rundt og skulle ringmerke i første halvdel av juli. Særlig rundt Voksa og Marøya var det ekstremt dårlig. Kun ein einaste unge kom eg over her. Det var riktig nok fleire ungar å sjå tidlig, men før desse hadde blitt 2 veker gamle hadde dei fleste fordufta. Det virka som om hekkemotivasjonen til svartbakane var dårlig. Måsane er såkalla overskotshekkarar, og så snart dei kjem ut på minussida og det kostar for mykje å oppfostre ungane, gir dei berre opp. Slik var det i år. Det tydar nok på at kondisjonen til fuglane ikkje var på topp. Dei hadde nok rett og slett ingenting å gå på.... Desse måsane blir jo potensielt veldig gamle, dei kan i alle fall bli både 20 og 30 år gamle, og dei kan alltids få fram ungar igjen til neste år. Dei set ikkje livet på spel for å få ein unge eller tre på vingene.

Totalt fikk eg ringmerkt 35 svartbakungar i 2016. Dette er faktisk eit meget bra antall, i alle fall tatt i betrakning av at det over eit stort område ikkje var ein einaste unge å sjå.

Kajakpadling mellom Sandsøya og Voksa under ringmerking av svartbakungar

Her er eg i Åramsundt, søraust for Voksa. 

I Åramsundet kom eg over 3 svartbakungar.
Den ein av de la på svømm og måtte plukkast opp.

Dette trearkullet ringmerkte eg i Åramsundet. Desse 3 ungane blei dei første
ringmerkte på akkurat denne lokaliteten.

Av dei 35 ringmerkte svartbakungane i 2016, fikk 32 påsatt fargeringar i tillegg til metallringen. Dei andre tre var for små til å få påsatt ein slik fargering. Eg merker ungane når dei er så store som mulig, då dette aukar sjansjen for at dei kjem seg på vingene, og ikkje blir tatt av ein eller annan predator før dei kjem så langt. Fuglen under, med fargering JJ540, er ei slikt eksempel. Denne hadde nok under ei veke igjen før den var flygedyktig, då eg ringmerkte den på Storholmen i Sandsvågen på Sandsøya den 21. juli. 
Svartbak 1K (JJ540), Sandshamn, Sandsøya 19. august 2016

Av dei 32 svartbakungane som fikk påsatt fargeringar i 2016, har eg så langt fått gjenfunn på fire. To av dei har blitt observert ikkje langt frå kvarandre i Skottland, ein i Nederland og ein på Karmøy i Rogaland. Det vil nok garantert kome fleire gjenfunn på 2016-generasjonen etter kvart. Av dei 188 svartbakungane som eg har fargeringmerkt i åra 2012-2016, så har eg gjenfunn på ca. 1/3 av fuglane. På ungane som blei ringmerkt i 2012 har eg ein gjenfunnsprosent på småpene 46,7%. Det å få gjenfunn på nesten kvar andre fugl er jo innafor!

Her har årets ungfuglar av svartbak blitt observert. Ein på Karmøy i Rogaland, 
to i Skottland, og sist men ikkje minst ein i Nederland. 


Her er svartbaken som har blitt observert i Nederland. Dette er ein av to ungar i kullet som eg ringmerkte på Leinatangen på Sandsøya den 11. juli. 
Svartbak 1K (1. vinter), Scheveningen, Nederland 9. november 2016


Kvifor ringmerker eg måseungar?
Så er det store spørsmålet, kvifor ringmerker eg desse måseungane? Eg vil rett og slett lære meir om måsane. Både med tanke på forflytningar regionalt, nasjonanlt og internasjonalt, draktutvikling osv. For min eigen del så er nok det mest interessante å følgje måsane regionalt, og også det å sjå på fjørdraktutviklinga til dei forskjellige fuglane. Det er masse data på kva fuglane gjer når dei sprer seg utover både nasjonalt og internasjonalt, men data frå lokalområdet her, er det lite av...

Denne ringmerkinga, der eg sett på fargeringar, er ein del av eit nasjonalt fargemerkingsprosjekt. Det blir merka måseungar med fargeringar i mange måsekoloniar langs Norskekysten, og då er jo det å ha data frå her i distriktet også, ikkje så dumt. Og når ein først går rundt i koloniane, så får ein jo også sett på korleis det står til med tanke på ungeproduksjon og slikt. Eg får riktig nok ikkje eksakte tal på ungeproduksjon, men ein ser jo tendensen.

Tidligare hadde det ikkje blitt merkt mange måseungar i Møre og Romsdal med fargeringar. Det har riktig nok vore ringmerkt måseungar med metallring i mange tiår, men dataane desse gir, samanlikna med dei som i tillegg har ein fargering på beina, blir som dag og natt, og nesten litt til. Ein fugl med fargering kan ein følge på ein daglig basis. For medan ein metallring i dei fleste tilfeller ikkje er mulig å lese av i felt, kan ein fargering lesast av relativt greit på opp til 3-400 meters hold ved hjelp av eit teleskop. Og når ein enkelt kan følgje fuglane slik på eit individnivå, så gir dette eit veldig bra innblikk inn i livet deira. Og skal ein lære dei betre å kjenne, så er jo det akkurat det som må til.

Som mange nok sikkert har fått med seg tidligare, så er eg nok over middels interessert i aldersbestemming av måsar. Då er det svært verdifullt å kunne studere fjørdraktene til desse fuglane som har kjent alder. Ein gråmåse er for eksempel ikkje fullt utfarga før den er er 3-4 år gammal. Normalt heng der igjen enkelte immaturkarakterar også når fuglen er 3 år gammal. Det å kunne studere dei forskjellige draktene, frå den er i den første fjørdrakta si, juvenildrakta, til den er utfarga 3-4 år seinare, er den beste måten å lære seg å aldersbestemme på. For veit ein når fuglen er merkt, har ein alltid fasiten i bakhand.

Her er eit eksempel på ein fugl i forskjellige aldrar og fjørdrakter. No i 2016 er det første gong denne gråmåsen med fargeringkode J4712, som blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig reirunge i Vorakletten på Sandsøya i 2012, er fullt utfarga.

tirsdag 19. juli 2016

Det gikk bra...

I mitt forrige blogginnlegg så fortalte eg om to måsar som eg hadde i pleie, ein polarmåse og ein svartbak. Den sistnemte av desse to, altså svartbaken, har no blitt gjenfunnen.

Svartbaken blei opprinnelig funnen våt og forkomen ved fiskemottaket på Sandshamn på Sandsøya den 1. februar i år. Den hadde høgst trulig falt ned i eit kar med fettholdig fiskevatn, og då fått det i fjørdrakta slik at den ikkje var vannavstøtande lenger. Då eg fikk tak i fuglen hadde den hoppa på sjøen og var ein god del nedkjølt. Eg tok den då med meg heim og varma den opp igjen med lunka vatn, for så å tørke den med ein hårfønar. Etter dette hadde eg fuglen i pleie til den 4. februar, då den igjen blei slept fri på Sandshamn. Der vart den berre sett ut den samme dagen, før den så fordufta.


Slik såg svartbaken ut då eg tok den heim... 
Svartbak 2K

Svartbak 2K

Men det tok ikkje lenge før den følte seg betre... Den enda opp med 
å flyge og sette seg opp på toalettet på badet der eg hadde den.  
Svartbak 2K


No den 18. mai fikk eg derimot ei gledelig melding. Fuglen hadde nemlig blitt sett i ein måsekoloni på Søndre Skjælholmen i Nesodden i Oslofjorden. Før eg slepte svartbaken fri satt eg nemlig på den både ein metall- og ein fargering, slik at fuglen kunne bli gjenkjent visst den skulle bli gjenfunnen ein eller annan plass. Og det var då fargeringen som her gjorde susen. Den svarte fargeringen med den kvite skrifta kan lesast av på 3-400 meters hold ved hjelp av teleskop, og gir då eit heilt anna resultat enn berre ein metallring.

Avstanden mellom Sandshamn, der måsen blei slept fri, og Søndre Skjælholmen
i Oslofjorden er på 388 km. 


Måsen såg ut til å vere i knall form, og det var ingenting som minte om at den var på nippet til å fryse i hel for berre nokre månadar sidan. Dermed gir dette motivasjon til neste gong det eventuelt dukkar opp ein fugl som må takast i pleie. Å hjelpe ein ein fugl som slit gir meg utrulig masse, og når ein i tillegg får bekreftelse på at det går bra, så viser det at det er verdt all den tida ein brukar på å få dei tilbake på vingene.

Her er måsen avbilda på Søndre Skjælholmen i Nesodden. Foto: Sindre Molværsmyr. 
Svartbak 2K, Søndre Skjælholmen, Nesodden 18. mai 2016. 


Avriven vingesene...
Her er ein annan fugl som eg vil nemne, også det ein svartbak... 

I oktober i fjor fanga eg nemlig inn ein voksen svartbak med fotsnare. Fuglen såg ved første augekast heilt normal ut, og den oppførte seg også heilt normalt. Då eg fikk den i hendene såg eg derimot at den hadde ei skade. Vingesena på høgre vinge var slitt av og dratt ut slik at den hang frå vingeknoken. Denne sena som går frå vingeknoken, der den er festa i handrotsbeinet, og inn til kroppen der den er festa i framkant av brystmuskelen og dels i kragebeinet, skal når vinga er utslått stramme opp flygehuda på framsida av over- og underarmsbeinet slik at overflata på vinga blir størst mulig. Denne svartbaken fikk då ikkje stramma opp flygehuda skikkelig på den venstre vinga der sena var slitt, men sett bort i frå det så såg det ikkje ut til at fuglen merka noko til skaden. Den holdt nemlig vinga heilt normalt, og i flukt flaug den også heilt normalt. 

Svartbak 4K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 12. oktober 2015

Svartbak 4K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 12. oktober 2015


Her ser ein tydelig vingesena som heng frå vingekonken. Det mørke den er festa i er ein liten muskel. Måsen har trulig blitt hengande fast i noko og fått dratt sena så hardt at den slitna lenger inne på vinga. Eg kunne ikkje gjere så mykje anna enn å klippe bort sena, ringmerke måsen og sleppe den fri...


Den 4. februar i år vart denne fuglen, tross det som burde vere eit handicap, sett sentralt i England, nærmare bestemt på ei søppelfylling i Leicester. Dermed ser det ut til at denne skaden ikkje har vore ei hindring for denne fuglen i det heile tatt. 
Avstanden frå Sandshamn til Leicester i England er på 1135 km,. 


Forhåpentligvis er ikkje dette det siste vi høyrer frå desse svartbakane. Kanskje dukkar dei opp igjen på hamna her igjen til hausten? Eg hadde i alle fall ikkje hatt noko imot det!