Viser innlegg med etiketten rosenvarslar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rosenvarslar. Vis alle innlegg

tirsdag 1. desember 2015

ROSENVARSLAR og polarsvømmesnipe m.m. på Sandsøya/Voksa, 24.09.-18.11.15

Denne hausten blei det aldri den harde trakkinga i felt som det har vore tidligare år. Eg har prioritert måsar, samt å følge opp svartstrupeprosjektet mitt. Eg har rett og slett mangla motivasjonen til å gå kilometer på kilometer på leiting etter sjeldenheiter. For tida så er svartstrupene det eg fin mest interessant på fuglefronten. Og skal ein ha eit prosjekt på ein art så må det jo gjennomførast 110%. Ellers så kan ein jo like god la det være... Men det å ha eit prosjekt og å satse på ein art, vil ikkje seie at ein ikkje kjem over sjeldne fuglar. Den sjeldnaste fuglen i denne perioden kom eg faktisk over på ei av mine mange runder rundt på øyane for å følge med på, ja nettopp, svartstrupene.

Første novemberfunn...
Den sjeldnaste fuglen i september (siste halvdel), oktober og november på Sandsøya og Voksa, var øyane sin andre ROSENVARSLAR. Den vart oppdaga i Våge på Sandsøya den 4. november, og holdt seg på staden t.o.m. den 6. november. Denne rosenvarslaren utgjorde det femte funnet av arten i M&R. I fjor hadde eg den fjerde for fylket. Det vart nemlig sett ein voksen rosenvarslarhann på Voksa i månadsskiftet august-september. Årets varslar var også ein voksen fugl, men denne gongen var det snakk om ei hoe. Rosenvarslaren finn vi nærmast oss i sør og søraust-Europa i land som Frankrike (sør), Sveits, Austerrike, Tsjekkia, Italia osv. Der hekkar dei i ope terreng av varierte typer, med innslag av trær og busker. Dei overvintrar heilt sør i tropisk Afrika.

I haust blei det rapportert heile seks rosenvarslarar her til lands. I tillegg til min så vart det sett ein i Nordland (1K), ein i Nord-Trøndelag (1K) og tre i Sør-Trøndelag (2 1K og 2K+).

Tidligare så var det verken november eller desemberfunn av rosenvarslar i Norge. Men i og med at fuglen i Våge vart sett frå den 4. t.o.m. den 6. november, så vart då dette det første novemberfunnet, og også det seinaste haustfunnet av arten i Norge nokon gong.

Det som skiller rosenvarslaren frå vår varslar, som hekkar i Norge, er ein proporsjonalt kortare stjert, lenger håndsvingfjørprojeksjon, meir kvitt på stjertsider, større kvit håndbasisflekk, innslag av rosa på bryst, kroppsider og buk, (dette gjeld vokse fuglar), den svarte ansiktsmaska går langt opp i panna (dette gjeld vokse fuglar), og den har eit kraftigare hovud og nebb. Størrelsesmessig så er rosenvarslaren i gjennomsnitt ein god del mindre enn ein varslar, men ei lita varslarhoe og ein stor rosenvarslarhann vil nok kunne overlappe i størrelse.

Når det gjeld rosenvarslaren i Våge, så var det etter alle solemerker ein hofugl. Veldig mykje grått innslag i panna, og også den vesle størrelsen, peikar eintydig i den retning.

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 4. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015


Rosenvarslaren i Våge vart oppdaga sittande i ein rogn ved eit beite der det inntil eit par dagar før hadde gått kyr. Der var det rikelig med kuskit og dermed rikelig med insekt. Dei to siste dagane den holdt seg i Våge flytta den seg nokre timeter mot vest, over på eit beite der deg gikk sau. Der også var det rikelig med oppgjødsling, og dermed også tilsvarande mykje insekt. Begge plassane var perfekte for ein insektspesialist. Under ser du området der den holdt til frå lufta.

Våge på Sandsøya med Sandsvågen heilt til høgre i bildet.
Det var her ca. midt i bildet rosenvarslaren hold seg dei tre dagane han
vart sett.


Andre observasjonar...
Men det var ikkje berre rosenvarslaren som blei sett i perioda frå den 24. september, då eg kom igjen frå Ona, og fram til og med den 18. november. I løpet av desse nesten to månadane så blei det observert artar som vannrikse, polarmåse (2), tartarpiplerke (2), gulbrynsongar (4) og stillits (ca. 5). I midten av oktober vart det også sett ein varslar i Sandsvågen på Sandsøya. 

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015


Går vi så vidare, så vart det i starten på november sett 2-3 myrhaukar på Sandsøya, alle 1K fuglar. Den siste dagen rosenvarslaren blei sett, altså den 6. november, så vart det sett to myrhaukar i Våge som jakta i lag ei lita stund.
Myrhauk 1K, Våge, Sandsøya 6. november 2015


Den 13. november fikk eg så ein ny art for øyane. Denne gongen var det snakk den høgarktiske vadefuglen polarsvømmesnipe. Den låg mellom alle måsane på Sandshamn på Sandsøya då eg skulle sjå gjennom dei. Hos oss hekkar den på Bjørnøya og på Svalbard, men særlig på hausttrekket så blir enkelte fuglar sett langs kysten, ofte i kombinasjon med kraftig pålandsvind. Denne pelagiske arten som held til på havet utanom hekkesesongen, overvintarar i den topiske delen av Atlanterhavet utanfor vest-kysten på Afrika.

Polarsvømmesnipe 1K, Sandshamn, Sandsøya 13. november 2015


Nokre dagar seinare, nærmare bestemt den 18. november, gikk eg store delar av fjøresona rundt Sandsøya på leiting etter overvintrande svartstruper. Eg har konstatert at det er minst fire forskjellige svartstrupepar som overvintrar på øya, muligens fem. Denne dagen kom eg derimot ikkje over ei einaste svartstrupe. I staden for svartstruper så kom eg over ei heilt kaldt farga 1K gulerle med sitronerlelik lyd, i ein tarevoll heilt nordvest på øya. Kombinasjonen med heilt kald farga fjørdrakt, utan uprega gult innslag, og også ein sitronerlelik lyd, tyder på at fuglen har eit austlig opphav. Fuglar av austlige og sør-/søraustlige underartar har ofte ei kaldare fjørdrakt i sin første vinter enn det våre vestlige underartar har. Det i kombinasjon med den sitronerlelike lokkelyden gjer at det mest sannsynlig ikkje er snakk om ein av våre vestlige typer (flava, flavissima, thunbergi), men heller ein av underartane som har eit utbredelsesområde som ligg sør og/eller aust for desse.

Antatt austlig gulerle 1K, Hellandsvågane, Sandsøya 18. november 2015


søndag 21. september 2014

Sandsøya/Voksa 29.08-19.09.14

Den siste tida har det blitt satsa mykje i felten på Sandsøya og Voksa. Der har eg blant anna gått over jorder, samt sett gjennom hagar på leiting etter godbitar. Dette har også gitt eit brukbart resultat. Eg har nemleg komt over fleire artar som eg tidligare aldri hadde sett her på øyane...

Ei vitamininnsprøyting...
Funnet av rosenvarslaren på Voksa den 28.august gav meg ei stor vitamininnsprøyting. Ja, det var akkurat det eg trengte for å få haustsatsing opp å gå. Under kan du lese, samt sjå bilder av det som har vorte sett på øyane f.o.m. den 29.august t.o.m. den 19.september.

Samme fugl, eller nytt ind?
Dagen etter at rosenvarslaren vart sett (29.august) kom eg over ein dobbeltbekkasin på Voksa. Dette vart då høgst truleg fugl nr. to denne seinsommaren/hausten. Etter dette var det litt stille nokre dagar. Men den 5.september viste Voksa igjen litt av potensialet sitt. På sørvestsida av øya vart det sett ein ROSENVARSLAR. Dette var mest truleg den samme fuglen som blei sett 8 dagar i forvegen. Men eg hadde ikkje sett den i mellomtida, og dagen etter var den igjen borte. Dermed kan ein fort leike litt med tanken om at dette var ein fugl nr. to. Men i og med at eg ikkje fikk gode bilder av varslaren frå den 28.august, så kan eg ikkje samanlikne karakterar på dei to fuglane. Og uten bevis for at det var to fuglar, så må ein berre gå ut i frå at det mest sansynelig var den samme varslaren som blei sett både den 28.august og den 5.september.

Då eg gjenfann rosenvarslaren så var det aktivt næringssøkande, og den gav meg ei fin anledning til å få studert den. Riktig nok i gjennom teleskopet på litt hold. Men ein får ta til takke med det ein får...
Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Etter at varslaren var i boks, så gikk turen vidare lenger nordaust på øya. Der var eg blant anna innom eit fuktig og frodig brakkmarksområde. Dette området er ein viktig hekkelokalitet for blant anna grashoppesongar. Det meste tyder også på at der tidligare har hekka åkerrikse. Lokalieten er også ein viktig område for fuglar på trekk...

Grei uttelling...
I det eg kryssa det nemnte brakkmarksområdet for å kome meg ut til jorda lenger vest på øya skremte eg opp ei åkerrikse som rasta der. Og etter å ha gått og vasa på jorda lenger vest på øya utan å sjå noko spennande i det heile tatt, gikk eg igjen tilbake gjennom det samme området. Denne gongen skremte eg opp ein dobbeltbekkasin. (seinsommarens/hausten 2-3 dobbeltbekkasin) Etter at eg skremte opp bekkasinen vart eg virkelig gira. Og etter å ha trakka i området på kryss og tvers i nye 20 min. hadde eg skremt opp ei vannrikse, og ei åkerrikse. Den siste åkerriksa var muligens den andre for dagen. Sånn sett i ettertid med fleire rikser og nok ein dobbeltbekkasin, så må eg innrømme at eg fikk ei grei uttelling for strevet...

Det kan også nemnast at det vart sett 2-3 1K grashoppesongarar i vika på sørsida av Voksa denne dagen.
Her ser du brakkmarksomådet på Voksa. (nesten midt i bildet)
Voksa, september 2014

Hauksongarar i fleng...
Dagen etter, altså den 6.september vart årets store hauksongardag. I løpet av dagen vart det sett ikkje mindre enn tre hauksongarar. Fordelt på ein i Våge på Sandøya og to på Voksa. Dette vart då funn nr. tre, fire og fem av arten på øyane. Ellers så vart det også sett ein svartkvit flugesnappar på Sandsøya.

Så vart det igjen stille nokre dagar... Ein 1K grashoppesongar den 8.september, samt ein hauksongar den 10. og 12.september, alle på Voksa, var egentleg det som var verdt å nemne. (Hauksongaren som vart sett den 10. og 12.september var muligens den samme som vart sett der første gong den 6.september)

Den neste observasjonen som stakk seg ut var fylkets første gulbrynsongar for sesongen. Den vart sett på Voksa den 15.september. Det var faktisk berre den 6-7 gulbrynsongaren som hadde blitt sett i Norge denne hausten. No er det selvølgelig mange, mange fleire. Etter gulbrynsongaren så var det den 16.september igjen klart for nok ein ny hauksongar på Voksa. Dette vart då minimum det fjerde funnet av arten så langt i haust.

Hauksongar 1K, Voksa 16.september 2014
Hauksongaren er ein årlig trekkgjest. Det er også muligens ein liten
hekkebestand heilt søraust i landet. For å finne arten ellers så må ein
lenger aust i Europa. 

Ny art for øyane...
Etter ein del dagar med hauksongarar så var eg gira på å finne noko anna spennande. Den 18.september starta eg dagen med å ringmerke granmeis ved huset der eg bur på Støyle på Sandsøya. Det er nemleg invasjon av granmeis i år. Ja, det er granmeis over alt.

Granmeis 1K, Støyle, Sandsøya 18.september 2014

I det eg holdt på med granmeisene så kom det flygande over ein langstrakt fugl, med lag stjert. Eg tenkte umiddelbart på ein sylvia-songar, meir spesifikt ein hauksongar. Så eg gikk i retninga dit fuglen flaug, nemleg til naboens hage. Der såg eg ved første augekast berre meiser og ein gransongar. Etter å ha stått der ei stund og sett på det som bevega seg, såg eg plutselig ein liten fugl som for og spratt rundt i ein ripsbærbusk. Det tok ikkje mange tusendelane før eg såg kva slags art det var snakk om. Den vesle fuglen var nemleg øyane sin første dvergspurv! Dvergspurven er her til lands berre påvist hekkande i Aust-Finnmark, men den er årlig ein trekkgjest lenger sør i landet. Den overvintrar i Søraust-Asia.

På kvelden vart øyane si andre vannrikse denne hausten skremt opp på sørsida av Voksa.

Dvergspurv 1K+, Støyle, Sandsøya 18.september 2014


Trekkgjest frå Sibir...
I forgårsgår den 19.september starta dagen med at det blei sett og høyrd 2-3 gulbrynsongarar på Støyle på Sandsøya. Dermed er totalen så langt i haust på 3-4 ind. Gulbrynsongaren er ein sibirsk trekkgjest som opptrer i relativt bra antall langs norskekysten på hausttrekket. Den overvintrar normalt i Søraust-Asia.

Gulbrynsongar 1K+, Støyle, Sandsøya 19.september 2014

Seinare på dagen så blei utallige hagar sjekka både på Sandsøya og Voksa, dessverre utan at det gav noko særlig resultat. Det beste utanom gulbrynsongarane vart faktisk øyane sin første pilfink. Den vart sett overflygane med lyd på Voksa.

Medrekna pilfinken frå i forgårs, så har eg då fått tre nye artar for Sandsøya og Voksa denne seinsommaren/husten. Med Rosenvarslar, dvergspurv og pilfink så har eg no endelig bikka 220 artar observert på øyane. Og fleire skal det bli!

fredag 29. august 2014

ROSENVARSLAR, Voksa 28.08.14

Etter lite spennande på sjeldenheitsfronten sidan svartglenta i slutten av april, så starta det så smått å vise "vibbar" i førgårs. Då skremte eg nemleg opp ein dobbeltbekkasin på Voksa. Dette vart då min tredje for øyane. Dobbeltbekkasin er ikkje akkurat verden største raritet, men likevel er det alltid like kjekt å sjå arten.

Voksa slo til igjen...
I går så var målet for dagen å prøve å få merkt årsungar av grashoppesongar. Akkurat det blei det dårlig med... Det vart til at eg først køyrde til Sandsvågen på Sandsøya. Det er der svartstrupeparet som eg har følgt sidan starten på mars held til. Dei er no i sluttfasen av hekkesesongen. For øyeblikket driv dei og matar på dei to siste ungane for året. Etter å ha brukt eit par timar og vel så det på å få status på om begge ungane i det siste kullet fortsatt var i live, som det viste seg at dei var, gikk turen vidare til Voksa. Etter å ha komt i land på øya tok det ikkje så lang tid før eg kom over ein varslar sittande i toppen av ein rogn like ved vegen. I og med at eg satt i bilen, og då kunn fikk sett varslaren gjennom frontruta, fikk eg ikkje sett fuglen særlig bra. Men det såg ut til at den var mørk i panna. Og når eg fikk sett den i flukt fikk eg inntrykk at ein fugl med eit stort og kraftig hovud. Den virka også å ha relativt mykje kvitt i det kvite vingefeltet. Kunne det faktisk vere snakk om øyane sin første rosenvarslar? Fuglen presterte selvfølgelig å flyge forbi eit hus og bli sporlaust borte. Dermed sto eg igjen utan å ha fått sett fuglen skikkelg, og utan nokon form for dokumentasjon. Eg var 95% sikker på at det måtte vere ein rosenvarslar, men ut i frå den håplause observasjonen så kunne eg ikkje akkurat claime ein slik raritet. Dermed var det berre ein ting å gjere, nemleg å prøve å lokalisere fuglen på nytt. Det var heilt på austsida av øya eg først såg fuglen, og når det flaug forbi huset så virka det som om den bevega seg mot vest. Eller eg håpte i hvert fall at det var den retninga den flaug. Dermed køyrde eg lenger vest, slik at eg fikk oversikt over den vestlege delen av øya. Og etter ikkje lange stunda så satt den der! Den satt i ein rogn på ca. 300 meters hold. Eg sprang tilbake til bilen og fikk tak i kameraet mitt. Etter å ha "fyrt" nokre bilder så sjekka eg skjermen på speilrefleksen. Bilda var ikkje akkurat av ein særlig bra kvalitet, men eg kunne sjå den mørke ansiktsmaska strekke seg langt opp i panna. Dermed var "feelingen" eg fikk på fuglen den første gongen eg fikk sett den, heilt korrekt... Det var øyane sin første ROSENVARSLAR eg hadde sett! Rosenvarslar er ein stor raritet i Norge. Ein må til mellom- og søraust-Europa for å finne den hekkande. Totalt innan for landets grenser så var det pr. 2003 21 godkjente funn av arten. Etter dette har det selvfølgelig blitt ein del fleire, men den er fortsatt ein gedigen raritet her til lands. Dette var for eksempel det første funn av rosenvarslar i Norge i 2014. Med gårsdagens fugl har det då blitt sett fire rosenvarslarar totalt i M&R.

Forskjellane mellom ein rosenvarslar og ein varslar(som hekkar i Norge) er fleire. Rosenvarslar har eit kraftigare nebb og hovud, noko som gir eit heilt anna jizz enn hos varslar. Vidare så har vaksne fuglar i praktdrakt mykje svart i ansiktet. Det mørke strekker seg langt opp i panna, noko det aldri gjer hos ein varslar. Vidare så har den meir kvitt i vinga enn det vår underart av varslar har. Rosenvarslaren har også innslag av rosa i bryst, buk og på kroppsider. Dette gjer slik at strupa som er kvit står i kontrast mot resten av undersida. Ein varslar er her jamt lys og strupa kontrasterer ikkje. Ein varslar er også generelt større enn ein rosenvarslar, men dette er vanskelig å bruke i felt utan direkte samanlikning.

Bilda eg fikk av rosenvarslaren i går var ikkje akkurat close-up bilder, men dei held lenge som dokumentasjon. 
Rosenvarslar 2K+ M(?), Voksa 28.august 2014
Det var i denne rognen eg gjenfann fuglen.
Visst du ser nøye etter så sit den i toppen av treet.

Rosenvarslar 2K+ M(?), Voksa 28.august 2014



Her er ein link til eit bilde på nettet som viser ein rosenvarslar på litt greiare hold: http://artsobservasjoner.no/artportalen/gallery/images/swe/birds/2012/large/257360.jpg