onsdag 28. juli 2010

Sandsøya/Voksa 27-28.07.10

Etter å ha tatt ei runde rundt på Sandsøya kan eg konstatere at svartstrupene har hatt ein bra vår og sommar! For det var ein hard vinter i 09-10, dette gjorde at  mange av svartstrupene strauk med. Før kulden slo skikkeleg inn i midten av desember 09 var det nemleg ikkje mindre 6-7 par som overvintra på Sandsøya. Ingen av desse overlevde den harde vinteren. Ellers rundt om i MR har eg ikkje høyrd rapportar om svartstruper i det heile tatt! Men svartstrupeparet som kom til Sandsøya i starten på april har gjordt sitt får å få bestanden på rett kjøl igjen! Med desse siste ungane så har dei truleg fått fram 3 kull i vår og sommar. Dette vert då godt over 10? nye svartstruper som har fått sett dagens lys. Svartstrupa legg nemleg 5-6 egg i eit kull. I dag såg eg ikkje fleire enn 3 ungar, men det var truleg fleire der!

Nattsongar obsar natt til 28.juli:
grashoppesongar 3 MM sy. (Voksa 2 ind, Sandsøya 1 ind)
åkerrikse 2 MM sy. (Voksa 1 ind, Sandsøya 1 ind)

Her er eit par svartstrupebilder! (ungen øverst og hannen nederst)

lørdag 24. juli 2010

Nattsongarar Sandsøya/Voksa 24.07.10

Etter å ha kjøyrd rundt på øyane og lytta etter nattsongarar, vart resultatet slik.
Ei åkerrikse satt og song på Voksa. Denne vart då ny. Ellers så satt fortsatt åkerriksa som har hatt tilhold på Sandsøya og song. På grashoppesongar-fronten var det fortsatt 1 hann syngande både på Sandsøya og Voksa. Men så viste det seg at grashoppesongaren på Voksa ikkje var åleine. Der var nemelg en til. Denne er med stor sansynlegheit en unge.

Her er et bilde av den unge(truelg) fuglen! (klikk på bildet for større format)

Legg merke til ganse så ensfarga nebb, med lite mørkt i. Hos dei voksne fuglane er det ofte mykje meir mørkt i nebbet. Legg også merke til den korte stjerten. Dette er fordi at stjertfjørene ikkje er heilt utvoksne enda! Ellers så virkar fjørdrakta fersk. Så alt i alt må det nok vere snakk om ein unge.

Her er nokre bilder av grashoppesongaren som satt og song på Voksa.



fredag 23. juli 2010

Oterfamilie

I dag vart det ikkje mykje fugleskåding, men tok meg en liten tur berre for å sjå om det var nokre fine motiv (fuglar) i ta bilde av!  Og endeleg oter på nært hold, egentleg alt for nær. Kom nemleg over ei oterfamilie. Ungane var som dei fleste ungar unge og dumme, og dei skjønte ikkje at eg var farleg. Den voksne oteren derimot, streva for harde livet med å få ungane i "sikkerheit". Så etter å ha tatt nokre bilder var der best og kome seg vekk der i frå slik at dei fikk vere i fred. Men en fantastisk opplevelse, og endeleg oter på minnebrikka!:D







torsdag 22. juli 2010

Sandlo

Etter nokre dagar med konstant regnveir var det deilig å endelig sjå sola igjen! Så i dag vart det en tur for å sjå over Voksa. Der var det ikkje noko særleg å rope hura for, men nokre sandloar poserte fint i fjøra. Eit par av bilda kan du sjå under! No blir det mest truleg satsing på havfuglskåding dei nærmaste dagane, berre veiret held seg fint!

Sandlo
Sandlo

fredag 16. juli 2010

Mink

Ikkje akkurat mykje som skjer på fuglefronten for tida! Men ikkje mange vekene igjen til det brakar laust med trekkande fuglar over alt. Har satsa litt på havfuglskåding i det siste, men etter totalt 4,5 time i går var resultatet nokre storlommar, storjoar og svartender på trekk forbi, altså ikkje mykje å skryte av. I dag gikk eg over voksa utan å sjå noko helst som var verdt og notere seg. Men heilt fritt for bilder vart det no ikkje!

Kom over nokre linerler som mata ungar (øverst i innlegget) og en mink!





Husk å klikk på bilda for større format!

mandag 12. juli 2010

Grashoppesongar hekking m.m. 09-11.07.10

Endeleg gikk det i boks! Møre og Romsdals første dokumenterte hekkefunn av grashoppesongar (SJÅ UNGEN TIL VENSTRE!). Men det kom ikkje som ei bombe for å seie det slik. Der ungen vart fanga vart det sett ei hoe i lag med hannen så tidleg som 27.mai!  Og når hannen starta å synge så smått igjen litt over ei veke sidan vart berre mistanken sterkare. Men denne plassen er langt frå unik her på øyane! Det er nemleg fleire plassar fuglane har starta å synge på nytt. Så truleg er det mange par som hekkar her ute!! 

Denne natta vart det fanga totalt 7 grashoppesongarar, men totalen var så mange som 9 ind.(En hofugl og en hann vart ikkje fanga inn). 3 av desse var nye. Dermed er totalen i år på minimum 14 songarar (truleg mange fleire).

Her er bilder av dei  6 andre songarane som vart merka denne kvelden/natta:






















Andre obsar desse dagane:

havlire 12 pts(9.juli) + 2 pts(10.juli)
lappspove 1 pts(9.juli) + 2 rastande(10.juli)
Åkerrikse 1 M sy forts. (11.juli)

 Sivsongarunge

søndag 4. juli 2010

Grashoppesongar på Voksa 04.07.10

I natt satt årets 11. grashoppesongar og song på Voksa. Totalt i år er dette den 6. på Voksa og 5 på Sandsøya. Fordelt på 8 hannar og 3 hoer. Totalt i MR i år har den blitt observart 16 grashoppesongarar, og 11 av desse er her på øyane! Ellers så set fortsatt åkerriksa og sy. på Sandsøya. Men uten om det er vi inne i ei tam periode sånn fuglemessig. Dette gjeld heile landet!

Her er nokre bilder av den 11. grashoppesongaren!


lørdag 3. juli 2010

Vandrefalk

Var ute i dag og fikk et par bilder av en vandrefalk. Denne fantastiske fuglen er ikkje akkurat enkel å få fanga på minnebrikka.....!

Vandrefalk



















Her er også eit par bilder av nokre froskar som tilfeldigvis var langs stien.